Toget frå Paradis kan vere gått, men det har ein naudbrems.

Fleire artiklar i Pan har i år diskutert svaret på miljø- og klimakrisa. I to artiklar ser Jon Naustdalslid kritisk på dei. Fekk han med seg krisa? spør Kjell Magne Fagerbakke i denne kommentaren.

Kritiske eller konstitusjonelle analyser?

I to artiklar som han kallar «Tilbake til Paradiset?» og «Det tapte Paradiset», analyserer Jon Naustdalslid miljødebatten som har gått i Pan. Her får me vurdert argumenta til begge leire, dei såkalla fundamentalistane og dei såkalla realistane. Tilsvarande skiljeliner finn me att hos Die Grünen i Tyskland nokre tiår tilbake, der «Fundis» sto mot «Realos». At ei tilsvarande motsetjing eksisterar i MDG i dag virkar konstruert. Sjølv er eg trygt plassert i MDG, og i naturvitskap. For meg er natur og samfunn alltid i endring og livskvalitet har ein høgare verdi enn BNP. Grønheiten hos debattantane han diskuterer innlegga til går òg breiare enn kva MDG favnar. Om Jon Naustdalslid veit me at han er statsvitar, og ingenting om hans politiske preferansar. Tekstane hans kan derfor lett oppfattast som skrevne frå ein nøytral observatør sitt ståstad. Det er likevel noko konstitusjonelt over analysane der ein får inntrykk av at referansesamfunnet, idealet, er det av idag, og at endringar bør skje innanfor paradigmet me lev i?

Dei geologiske tidsepokene holocen og antropocen

Eg er ikkje komfortabel med måten Jon Naustdalslid brukar dei geologiske tidsreferansane. Holocen, som med rette kan kallast paradis, er ei geologisk nemning på ein periode der klima har vore stabilt i 12000 år. Denne stabiliteten er ei føresetnad for den utviklinga menneska har hatt. Den har gitt arten moglegheita til å gå frå å overleve til å ha ressursar nok til å leve. Om me ikkje lykkast i å kome tilbake til holocen er det truleg at me må sjå for oss ei meir usikker framtid enn fortida gav von om. Det er rett som Jon Naustdalslid skriv at menneske har påverka naturen i alle desse åra, men det er gjennom dei siste 100 åra dette har vokse seg til å bli eit globalt problem. Me reknar 1979 som året då me overskreid toleevna til planeten. I ettertid har me brukt stadig meir naturressursar. Idag er det menneskeleg aktivitet som er den største geologiske krafta i utforming av verda. Fordi den industrielle påverknaden på verda er blitt så omfattande, med så store landskapsendringar, kan me ha gått inn i ein ny geologisk tidsalder kalla antropocen.

Kor viktig er folkevekst i klima- og miljøkrisa?

Jon Naustdalslid er ikkje åleine om å trekke fram folkemengd som eit hovudproblem i natur- og klimakrisa. Ofte blir dette trekt fram berre som argument for at me ikkje skal eller kan gjere noko. Mange, han inkludert, sviktar i å sjå at livsstil kan bety meir enn mengde. Det økologiske fotavtrykket er eit produkt av mengd menneske og kva me brukar. I denne samanhengen er folkemengda ein konstant me ikkje får gjort noko med, og på kort sikt er det livsstilen som bør vere i fokus. Når dei rikaste 10% er ansvarleg for 50% av karbonutsleppa, er redusert ulikskap eit viktig tema i debatten. Sluttar me å ete kjøt frigjer me eit areal tilsvarande India til anna jordbruksproduksjon eller naturgjenvinning. Om alle budde like tett som i Kolkata (Calcutta) der det bur over 27 000 menneske per km2, vil alle menneske på jorda i dag få plass på 300 000 km2. Vil me ha litt meir plass kan me utvide arealet 4 gongar og få det som i Amsterdam. Når landarealet på jorda er tett på 149 millionar km2 viser det oss at det enno er plass til menneske og samstundes la naturen få dominere. Om me er 1 eller 10 milliardar er altså ikkje avgjerande. Organisering og forbruk er uansett det me har moglegheit til å handtere og gjere noko med.

Realistane har eit gjenkjenneleg bodskap

«Fundamentalistane» og «realistane» skil lag i kva dei tenkjer er realistisk å få til. For å møte utfordringane frå natur- og klimakrisa må me vurdere fleire tilsynelatande utopiske løysingar. Her trengs vilje og kreativitet, og idear frå båe leirar er viktige for å føre debatten vidare. Når det kjem til realistane virkar Jon Naustdalslid å kjenne seg meir att. Der finn han kjente storleikar som økonomisk vekst og balanse. Problemet her er at om grøn vekst er det rette, er det langt frå nok. Økonomisk politikk må slutte å vere eit kamplaup mellom kapitalisme og planøkonomi. Båe systema har vist seg å vere utilstrekkelege for å sikre økologisk berekraft, og reform er derfor naudsynt. Reformer kan alltid framstå som utopiske når ein ikkje vil ha dei. Eg saknar meir vekt på livskvalitet som ein suksessfaktor i det grøne skiftet. Her plasserar eg min artikkel om eit anna utopisk tema, ei vilkårsfri grunninntekt, inn i diskusjonen om grøn filosofi. Artikkelen diskuterar kor viktig det er å auke entusiasmen for grøne reformar hos eit fleirtal og korleis ei delvis frikobling av løn frå lønsarbeid, i tillegg til kampen for mindre ulikhet, vil vere ein veg å gå.

Ta med sirkulær økonomi i diskusjonen

Eg tillet meg å introdusere eit nytt tema som snart må få større merksemd. Ideen om sirkularitet i økonomien som bl.a. økonomen Kate Raworth presenterte i boka Doughnut EconomicsSeven Ways to Think Like a 21st-Century Economist (2017). Hennar ide er at samfunnet må oppfylle nokre sosiale basiskrav, samstundes som den økologiske tolegrensa for planeten ikkje blir tøya. Slik sett brenn lyset i begge endar for menneskeheten idag. Den dominerande økonomien er i dag lineær. Her gjer me om råstoff til varer, brukar dei, og hiv dei. Mindre enn 10% av det me kastar blir gjennvunne, og her ligg nøkkelen til korleis me skal betale for velstand, skule og samfunn i framtida. I den sirkulære økonomien vil produkta gå gjennom eit kretslaup etter produksjon. Dei må kunna delast og reparerast. Etter livsløpet skal delar gjennbrukast, og tilslutt må dei ulike grunnelementene gjennvinnast. I denne teorien har ein fjerna avfallsdelen. Det me tek frå naturen blir verande i kretslaupet mellom industri og produkt. For å lykkast med dette må me setje krav til produsentane og favorisere høgkvalitetsprodukt som er godt egna for reparasjon, gjenbruk og gjenvinning.

Artikkelen fortsetter under figuren.

Kate Raworths «smultring». Målet med den sirkulære økonomien er at den skal operere innanfor tolevna til planeten, avgrensa av den økologiske bereevna. Samstundes skal eit minimum av livsnødvendighetar bli tekne vare på for alle individ.

Figur: Kate Raworth / Wikimedia Commons

Korleis ser det norske sirkulære reknskapet ut

I Noreg brukar me mest 4 gongar den materielle bereevna til planeten. Ein reduksjon til ¼ virkar umogleg, men klarar me auke sirkulariteten i forbruket til 75% vil me bruke nettopp ¼ av dei naturressursane me brukar idag. Då ligg me akkurat på planeten sin tolegrense, og er tilbake på sporet av eit berekraftig samfunn. Andre tiltak som liten samfunnsulikhet kan gjere det lettare å nå måla. Før me kjem til eit berekraftig samfunn har me store utfordringar i å oppskalere og få lønsemd i ein sirkulær økonomi. Enno er kanskje sirkulær økonomi nok ein utopi i den grøne filosofien, men det er von om eit mindre tap av livskvalitet saman med ei kraftig og rask betring av naturressursbruken enn mange av dei andre utopiane me gjer oss avhengige av for å lykkast med det grøne skiftet. Ei god kjelde til informasjon om sirkulær tenking finn ein i rapporten frå FIVH om sirkulær økonomi skrive av Ebba Boye (Rethinking Economics). Dette er ein verdifull del av debatten om eit berekraftig samfunn og eit kraftfullt hopp ut av den lineære tenkninga. Ein slik diskusjon bør takast vidare.

Debatten er ikkje over. Utopi kan bli verklegheit

I søken etter vegen attende til paradis kan det fort bli større fokus på mål enn korleis kome dit. I Utopien er ikkje alle spørsmåla stilt og svara gitt. Spør ein om kor vegen til berekraft går kan det vere nyttig å trekke inn elementa frå utopien og. Slik virkar ein kreativ prosess. Målet om paradis (holocen) er i denne samanhengen der me burde ende, og den største utopien av dei alle er at dagens samfunnsorganisering kan føre oss dit. Kanskje er tanken om å vende tilbake ikkje rett vinkling på analysa om samfunnsendringane me står framfor? Det mest realistiske er å få stoppe ein stad som i minst mogleg grad er verre enn i dag. Det er likevel ikkje fundamentalistisk å drøyme seg tilbake til paradis. Dette er ikkje berre teknologioptimisme, heller ikkje utopi, for enno kan matematikken vise oss vegar som fører dit. Me er i dag i den heldige situasjon at me veit kva berekrafta til planeten er og kan rekne oss fram til kva mål menneskeheten kan forvente seg. Utopien ligg hos samfunnsvitskapen. De må hjelpe oss med å by folk desse reformene på ein smakfull måte. Ikkje avvise dei som fundamentalisme og utopi berre fordi reknestykka kjem på realfagsnivå. For lett blir det ikkje.