Det tapte Paradiset (2)

I forrige artikkel, «Tilbake til Paradiset?», konkluderte eg med at debattantane peikar på to ulike vegar til Paradiset, den fundamentalistiske og den realistiske. I denne artikkelen tar eg nærmare for meg desse to vegane.

I forrige artikkel, Tilbake til Paradiset?, tok eg utgangspunkt i Johan Rockströms radioprat fra 2015, der han ønskte seg tilbake til «Paradiset» i Holocen. Eg tok dette som utgangspunkt for å summere opp den diskusjonen som har gått i Pan i sommar om økonomisk vekst og klima- og miljøkrisa. For å halde meg i Rockströms bilde, konkluderte eg med at debattantane peikar på to ulike vegar til Paradiset, den fundamentalistiske og den realistiske. I denne artikkelen tar eg nærmare for meg desse to vegane.

Fundamentalistane

Det er oppsiktsvekkande at den debatten som har gått i Pan, har rulla i veg utan referanse til det uomtvistelege faktum at fra Malthus’ tid på slutten av 1700-talet, tidleg i den industrielle revolusjonen, og fram til i dag, har folketalet på jorda auka fra ca. ein milliard til dagens snart 7,5 milliardar. Det aller meste av denne folketalsauken, dei siste godt og vel fire milliardane, har komme til etter 1900. Og sjølv om vekstraten i globalt folketal er på veg ned, er det berre ein total global katastrofe som kan hindre at det vil finnast minst 9-10 milliardar menneske på jorda i år 2100.

Det er dette som er Antropocen – Opplysningstidas revolusjon i vitskap som sette menneska i stand til å kontrollere naturen, utvikle industri, få kapasitet til å produsere meir mat med mindre muskelkraft, utvikle teknologi som gjer livet lettare for oss alle, og skaffe oss medisinar og kontroll over sjukdomar, som nettopp gjer at folketalet på jorda har kunna auke fra ein milliard til vel sju milliardar på eit par hundre år. I dag ser vi at med økonomisk utvikling i dei fattigare delane av verda, er rett nok folketalsauken i ferd med å gå ned. Heile denne utviklinga er, som djupøkologane heilt korrekt peikar på, driven fram av auka energibruk. Og så lenge det er tale om utnytting av fossile energikjelder, er dette forklaringa, ikkje berre på veksten i velstand og velferd, men også på klimakrisa og på tapet av biologisk mangfald. Men i dag er dette den verda vi har, med snart 7,5 milliardar menneske, der ca. halvparten av desse, 3,6 milliardar, lever i byar.

Vi er snart 7,5 milliardar menneske i verda. Omkring halvparten, 3,6 milliardar, lever i byar.

Illustrasjonsfoto: Timj / Unsplash

Dei som argumenterer for tilbakevending til ei tid basert på muskelkraft og enkel «naturbasert» teknologi synest rett nok å mangle perspektiv utover det ekstremt tynt befolka Norge, med meir natur per innbyggar enn dei fleste andre land i verda. Men om vi nå konsentrerer oss om Norge, og gløymer land som Bangladesh, India og Kina, treng vi faktisk ikkje å gå så langt tilbake i tid før vi har eit samfunn som langt på veg liknar på det idealsamfunnet idealistane vil tilbake til. Går vi tilbake til begynnelsen på 1900-talet, budde det berre om lag to og ein kvart millionar menneske i dette landet. Likevel var kvar einaste vesle ledige jordflekk utnytta. I gamle stadnamn finn vi haugslåttar, myrslåttar og andre utmarksnamn som viser tilbake til ei tid der naturen var utnytta til minste flekk. Fjellområda var overstrødde av setervollar og hus. Dersom ein ser på gamle fotografi fra byrjinga på 1900-talet, ser ein åsar og lier på Vestlandet, som eg kjenner best til, nesten utan skog. Utmarka og skogen var intensivt utnytta og beita ned av husdyr, utnytta til forsanking og til ved. Her var det fint lite urørt natur igjen. I dag strekker skogen seg tett oppetter liene, i staden for beitande husdyr, beiter det i dag hjort, elg og rådyr i utmarka. I den grad dette er «urørd natur», har den urørde naturen spreidd seg dramatisk dei siste 100 åra. Skogen veks som aldri før, og tar dessutan opp store mengder CO2.

Og så er det viktig å minne om at dette samfunnet, dersom dette var Holocen og eit samfunn i pakt med naturen, hadde plass til langt færre menneske enn dagens norske samfunn. Etter krigen budde det om lag tre millionar menneske i Norge. Likevel var naturressursane utnytta til det ytterste. Men i mellomtida hadde industrialiseringa skote fart og vi var allereie godt på veg inn i dagens Antropocen. I løpet av dei 75 åra som har gått, er folketalet i Norge nesten fordobla. Og det er minst like interessant å sjå litt lenger tilbake i historia: I dei om lag 70 åra fra midt på 1800-talet til om lag 1920 auka folketalet i Norge fra under 1,5 millionar til over 2,6 millionar, men i den same perioden utvandra det rundt 800 000 menneske til Amerika på grunn av fattigdom og manglande ressursgrunnlag for å brødfø den veksande befolkninga.

Med denne historiske bakgrunnen er det ikkje eit retorisk spørsmål å utmane dagens moderne djupøkologar på korleis dei ser for seg at snart 5,5 millionar nordmenn skal få plass og brødfø seg i det lågenergisamfunnet som dei hevdar er redninga for kloden. Kor mye «urørd natur» ville det bli igjen dersom vi skulle tilbake til noko som liknar på det lågenergisamfunnet som eksisterte i Norge så seint som like etter krigen? Korleis vil til dømes Jon Hoel flytte overflødige flyvertinner, butikktilsette, byråkratar, oljearbeidarar, transportarbeidarar, industriarbeidarar osb. ut på landsbygda og samle dei i klyngetun (Hoel, 2019), og der skape Fagerheims titusenvis av nye arbeidsplassar i primærnæringane? (Fagerheim, 2019) Kva for mekanismar ser han for seg for å fordele jord til alle desse som nå skal ut og leve i pakt med naturen? Eg vågar påstanden at når alle desse som er blitt overflødige i dagens forbrukssamfunn på eit eller anna uransakeleg vis er flytte ut på landsbygda, vil det minke på urørde « … naturområder (som kan) ivaretas til glede for (…) friluftsliv, for nålevende og fremtidige generasjoner, for hubroer, salamandre og elvemuslinger.» (Hoel, 2019)

Kor mye «urørd natur» ville det bli igjen dersom vi skulle tilbake til noko som liknar på det lågenergisamfunnet som eksisterte i Norge så seint som like etter krigen?

Illustrasjonsfoto: Arnstein Rønning / Wikimedia Commons

Korleis ser fundamentalistane for seg at dette lågenergisamfunnet skal ha ressursar og overskot til noko i nærleiken av dagens velferd, helsestell, utdanning, vitskap og kulturliv? Det er vanskeleg å sjå for seg anna enn at svært mykje av det samfunnet, dei institusjonane og den velferden som er eit resultat av den økonomiske veksten og utviklinga av samfunnet berre dei siste 70-80 åra må byggast ned. Korleis skal dette lågenergisamfunnet, basert på muskelkraft og vedfyring skaffe ressursar til å drive helsestell, sjukehus, skolar og universitet? Det er minst like vanskeleg å sjå for seg korleis nedbygginga av vårt forbruk i den rike verda berre kan omfordelast til den fattige delen av verda og/eller til dei som har minst i vårt samfunn (Aall & Næss, 2019). Den resesjonen, med meir eller mindre total økonomisk kollaps, som forsøksvis gjennomføring av eit slikt program ville føre med seg, vil først og fremst gå ut over dei som har minst både i vårt land og i land som i dag er i ferd med å utvikle seg ut av fattigdom i den tredje verda.

Kort og godt: Ein ideologisk strategi som går ut på å omstille dagens samfunn med framimot 7,5 milliardar menneske, veksande mot 10 milliardar, til produksjonsmåtar, levesett og energibruk på nivå med det som eksisterte berre 100 år tilbake i tid, da verda hadde mindre enn halvparten så mange menneske, er eit ideologisk utopi-prosjekt som der er vanskeleg, for ikkje å seie umogleg, å ta på alvor.

Så godt som alle økosystem, dyre- og planteliv, som finst på planeten i dag er påverka av menneskeleg aktivitet.

Illustrasjonsfoto: Thorsten Blank / Pixabay

Realistane

For å seie det enkelt: I dette perspektivet står det «realistiske prosjektet» fram som betydeleg meir realistisk! Det bør ikkje rå nokon tvil om at dagens samfunn står overfor enorme utmaningar både kva gjeld klima og press på naturen. Det bør heller ikkje rå tvil om at utsleppa av klimagassar må ned, og at samfunnet – i Norge og i den store verda – må ta på eit heilt anna alvor forureining til lands og til havs, bruken av naturressursar, presset mot det biologiske mangfaldet osb. Men svaret er ikkje – og kan ikkje vere – eit ideologisk svermeriprosjekt som overser det grunnleggande faktum at vi i dag går mot ti milliardar menneske på kloden, og at prosjektet ikkje kan gjennomførst utan eit diktatorisk verdsregime som har makt til å slå ned alle sosiale opprør og la store delar av jordas fattige forgå i naud og ekstrem fattigdom. Ein kan ikkje drøyme seg tilbake og tru at ein kan planlegge for ein klode med eit par milliardar menneske. Da vil medisinen ta livet av pasienten, og resultatet blir slik legen forklarte den sørgande enka hos Holberg: «Jer Mand han døde vel, men febren ham forlod.»

Rockström, Stoknes og mange andre «realistar» som innser at verda, klimaet og naturen står overfor alvorlege utmaningar, kan ein sjå på som aktørar som forsøker å «redusere feberen» og redde pasienten utan å ta livet av han. Her har vi ikkje mykje anna val enn å arbeide systematisk for å gje meiningsfylt og rasjonelt innhald til eit grønt skifte både nasjonalt og globalt. Også her vil det vere behov for omstilling, kall det gjerne ein «transformasjon av samfunnet» med omlegging av forbruk og livsstil. Og det vil bli gjort feilsteg og feilinvesteringar. Først og fremst er det behov for å utvikle og ta i bruk utsleppsfrie energikjelder. Verda i dag har ikkje eit overforbruk av energi. Vi står overfor eit stort underforbruk av energi. Det grøne skiftet, og fortsatt (grøn) utvikling i dei fattige delane av verda, vil krevje økonomisk vekst og store mengder energi. Godt over ein milliard menneske i verda manglar i dag tilgang på elektrisitet. Og dei nye milliardane som vil komme til fram mot 2100 vil krevje enda meir ny energi. I grunn og botn er klimaproblemet eit energiproblem. Globalt finst det berre ein «ikkje-diktatorisk» måte å få kontroll med folketalsveksten på, og det er gjennom fortsatt økonomisk vekst i den tredje verda, og i dag først og fremst i Afrika. Dette er umogleg utan samtidig vekst i energibruken. Og så lenge energien er karbonbasert, vil økonomisk vekst som ei rein naturlov føre til auka CO2-utslepp.

Nøkkelen til grøn omstilling av samfunnet er overgang fra karbonbasert til utsleppsfri energi.

Nøkkelen til grøn omstilling av samfunnet er overgang fra karbonbasert til utsleppsfri energi. Det nyttar lite å legge om til ein batteridriven bilpark dersom batteria vert lada med elektrisitet basert på kolkraft. Det er heilt rett som «fundamentalistane» peikar på, at overgangen til fornybar energi vil måtte krevje store naturinngrep, så som vindturbinar på lands og til havs. Også utbygging av solenergi av dei dimensjonar vi i dag kan sjå for oss, vil krevje store arealinngrep. Her er det likevel store muligheter for å utnytte tak og eksisterande bygningar og installasjonar. Da er det vanskeleg å forstå at dei som er aller mest imot vindturbinar, også som regel er dei skarpaste motstandarane av å bygge ut atomenergi. Men med dei ulempene som omlegginga til fornybar energi faktisk inneber, og som det er stor grunn til å ta på alvor og å balansere opp mot nedbygging av natur, så skjer det i dag ei rivande teknologisk utvikling og framsteg i utbygging av slik energi over heile verda.

I Antropocen, med ei befolkning som går mot ti milliardar menneske i løpet av dette hundreåret, finst det i realiteten berre ein farbar veg i møtet med global oppvarming og truslane mot det biologiske mangfaldet: Det er omlegging av samfunnet mot ein grønare global vekst basert på utsleppsfrie energikjelder. Klimaproblemet og trusselen mot det biologiske mangfaldet er det vi i samfunnsvitskapane gjerne viser til som «vondsinna problem» – wicked problems (Rittel & Webber, 1973) – og som det i grunnen ikkje fins «løysing» på. Wicked problems er slik at dersom ein tar tak i, og forsøker å løyse, ei side ved problemet, fører det til problem andre stader i systemet. Konflikten mellom utbygging av fornybar energi (til dømes vindturbinar) og nedbygging av natur og trussel mot biologisk mangfald, er eit illustrerande eksempel.

Konflikten mellom utbygging av fornybar energi (til dømes vindturbinar) og nedbygging av natur og trussel mot biologisk mangfald, er eit illustrerande eksempel på eit «wicked problem».

Foto: Colin Watts / Unsplash

Eit tapt paradis

Det er her også «realistane» møter vanskar: Kva er naturens tolegrense? Fundamentalistane har jo rett i at også den grøne veksten krev bruk av ressursar og nedbygging av natur. Så kvar går balansen mellom kva som er vekst innafor naturens grenser, og når passerer vi denne tolegrensa? Kvar går med andre ord grensene for Holocen? Det er dette Johan Rockstrøm har tatt mål av seg til å svare på. Men er dette realistisk? Kan vi på vitskapleg grunnlag styre naturen og samfunnet innafor grensene av Holocen? Min påstand er at dette ikkje er mogleg, verken i praksis eller prinsipielt. I Holocen, skreiv Rockström og kollegaene hans i 2009, skjedde «… environmental change (…) naturally and Earth’s regulatory capacity maintained the conditions that eneabled human development.» (Rockström et al., 2009).

Menneska har skaffa seg ein kunnskap om, og ein innsikt i, naturen som gjer at vi er dømde til å leve med evna og kapasiteten til å forme naturen.

For det første er påstanden om at endringane i naturen skjedde «naturleg» i Holocen diskutabel. Det spørs når vi reknar overgangen fra Holocen til Antropocen. Det er det ikkje semje om. I realiteten har menneska påverka naturen gjennom tusenvis av år. Dyr har blitt utrydda gjennom jakt, skog har blitt rydda og brend for å gje plass til jordbruk, menneska har avla fram husdyr, regulert vassdrag og konstruert vatningsanlegg minst 6000 år tilbake i historia. Sanninga er at så godt som alle økosystem – dyre- og planteliv – som finst på planeten i dag er påverka av menneskeleg aktivitet. Det finst følgjeleg ikkje noko «holocensk baseline» som kan tene som målestokk for det Holocen som Johan Rockström vil gjenskape og ta vare på.

Det er vår vitskapleg baserte innsikt om samanhengane mellom menneske og natur som er det store og viktige skiljet mellom Holocen og Antropocen.

For det andre er førestellinga om at vi kan styre oss tilbake til eit menneskeskapt Holocen ei grunnleggande sjølvmotseiing. Det er jo nettopp Opplysningstidas vitskap og menneskas evne til å styre og forme naturen på grunnlag av denne vitskapen (altså Antropocen) som gjer det prinsipielt mogleg også å tenke seg at vi kan styre oss tilbake til Holocen. Men dette blir jo like fullt – og kanskje enda tydelegare – Antropocen. Det er førestellinga om eit menneskeskapt Holocen, som nettopp blir ei sjølmotseiing.

Den reelle skilnaden på Holocen og Antropocen er ikkje menneskas evne og kapasitet til å påverke naturen, inklusive atmosfæren og klimaet. Den store og fundamentale skilnaden er at menneska i dag – i motsetnad til i tidlegare tider – har vitskapleg kunnskap og innsikt til, for det første medvite å påverke naturen, og for det andre til å skaffe seg kunnskap om verknadene av denne menneskelege påverknaden. Det var slik vi oppdaga klimaproblemet. Det er vår vitskapleg baserte innsikt om samanhengane mellom menneske og natur som er det store og viktige skiljet mellom Holocen og Antropocen. Vi har med andre ord «ete av kunnskapens tre», og vi veit korleis det gjekk første gongen: Menneska blei som kjent kasta ut av Paradiset. Dette uskuldige paradiset, denne «Edens lustgård», som Johan Rockström fantaserte seg tilbake til den julidagen i 2015, er – enten vi likar det eller ikkje – eit tapt paradis. Menneska har skaffa seg ein kunnskap om, og ein innsikt i, naturen som gjer at vi er dømde til å leve med evna og kapasiteten til å forme naturen. Vi er dømde til å leve i Antropocen. Og kan hende – ved nærmare ettertanke – vil vi heller ikkje tilbake till Holocen. Rockströms Holocen var i «stabilt sideleie» fordi menneska sakna kunnskap og teknologi til å brødfø meir enn om lag ein milliard menneske på kloden. «Sjølvreguleringa» bestod i svolt, pestkatastrofar, kontinuerlege krigar, omfattande spedbarnsdød og tidleg død av sjukdomar som vi i dag oppfattar som lette forbigåande ubehag. Dei aller fleste menneska på kloden levde på det vi i dag ville kalle eit absolutt eksistensminimum.

Den store og fundamentale skilnaden er at menneska i dag – i motsetnad til i tidlegare tider – har vitskapleg kunnskap og innsikt til medvite å påverke naturen, og til å skaffe seg kunnskap om verknadene av denne menneskelege påverknaden.

Illustrasjonsfoto: Arunas Naujokas / Unsplash

Dagens utmaning er å akseptere Antropocen, og at det er noko vi ikkje kan planlegge oss bort fra. Så lenge vi aksepterer dette, er trass i alt Per Espen Stoknes’ grøne vekst eit langt meir rasjonelt og meiningsfylt alternativ enn det fundamentalistiske djupøkologiske svermeriet, som – dersom det hadde vore mogleg å gjennomføre – ville rasere livet på jorda slik det er utvikla gjennom Antropocen og slik vi kjenner det. Men også det «realistiske» alternativet må akseptere at natur og samfunn i dag er vovne slik saman og i rørsle på ein måte, som gjer at vi ikkje lenger har faste merkesteinar å styre etter. Vi vil meir enn nokon gong vere avhengige av naturvitskapen, men naturvitskapen (inkludert klimavitskapen) kan ikkje svare oss på korleis vi skal vege motstridande (gode) mål opp mot kvarandre. Vi har sett kloden i rørsle på ein måte som gjer at vi ikkje kan få tilbake eit stabilt og føreseieleg klima som samfunnet kan styre og planlegge innafor. Klimaforskaren Mike Hulme har hevda at vi like godt først som sist kan slutte å tale om klima. Sjølve begrepet «klima» refererer til noko stabilt og føreseieleg. Klima i ein slik forstand vil vi ikkje kunne få tilbake (Hulme, 2017). Det er med andre ord meiningslaust å tale om at vi må «redde klimaet». Vi er dømde til å forhalde oss, ikkje til eit stabilt klima, men til omskifteleg og uføreseieleg vêr i kontinuerleg endring og ein natur utan uavhengige standardar for kva som er «naturleg». Det vil vere vår menneskelege evne til kollektiv styring og manøvrering i ei kontinuerleg foranderleg verd som vil vere avgjerande for korleis vi vil handtere dette, og kva samfunn vi vil ha i år 2100 og seinare.

Aldri har vel Olav H. Hauges dikt Din veg vore meir relevant, og her med referanse til heile menneskeslekta:

Ingen har varda den vegen

du skal gå

ut i det ukjende,

ut i det blå.


Dette er din veg.

Berre du

skal gå han. Og det er

uråd å snu.


Og ikkje vardar du vegen,

du hell.

Og vinden stryk ut ditt far

i aude fjell.