Tilbake til Paradiset? (1)

I to artiklar skal eg sjå kritisk på debatten som dei siste månadene har pågått i Pan om svaret på miljø- og klimakrisa. Kan vi gå ned i levestandard, eller er svaret grøn omstilling og vekst?

Illustrasjonsfoto: Mohan Khadka / Unsplash

Kvar sommar køyrer Sveriges Radio det populære programmet «Sommar i P1». Her får større og mindre svenske kjendisar prate om kva som helst og spele sin favoritt-musikk. For ca. fire år sidan sat eg i bilen på E6 sørover mot Skåne og høyrde på Sveriges miljøpolitiske guru, professoren og miljøaktivisten Johan Rockström, dele med seg av sine tankar om korleis verda i dag står overfor ei klima- og miljøkrise. Dei siste tiders klima- og miljødebatt har mint meg om professor Rockströms sommarprat. Og i vår teknologiske tidsalder er det så viseleg ordna at det går å leite fram igjen gamle radioprogram. Og ganske riktig: I Sveriges Radios arkiv finst framleis Johan Rockströms sommarprat fra 2015.

Holocen er planetens Paradis, vår «Edens lustgård»

Jorda set grensene, sa professoren. Dersom vi ikkje held vårt forbruk innafor naturens grenser, står vi framfor ei global katastrofe. I vår nye planetariske tidsalder, Antropocen, har vi menneske skaffa oss evna til å overskride naturens grenser. Den oppgåva som menneskeslekta nå står framfor, er å bruke vår kontroll over naturen til å styre oss tilbake til Holocen – den geologiske epoken som menneska på jorda har levd i gjennom 12 000 år sidan siste istid. Holocen, sa professoren, var tida da planeten var i «stabilt sideleie». Menneska utvikla samfunn innafor naturens grenser. Naturen var stabil og predikerbar. Forholdet mellom natur og samfunn var ein samanhengande stabil idyll fra det eine tusenåret til det andre. Det er denne tilstanden vi må gjenskape. «Holocen är planetens Paradis, vår Edens lustgård», fortalde Johan Rockström radiolyttarane denne julidagen i 2015.

Mitt overordna spørsmål er enkelt nok: Kan vi bevare Holocen? Kan vi med andre ord komme tilbake til «Paradiset»?

Om å gjenskape Paradiset

I dei fire åra som har gått, har stendig fleire klimaaktivistar og forskarar slutta seg til professor Rockstrøms prinsipp for vegen ut av klima- og miljøkrisa: Verda må tilbake til ein «balanse» mellom samfunnet og naturen. Vi overforbrukar nå naturens ressursar i stendig aukande tempo. I tråd med den djupøkologiske arven etter forfedre som Arne Næss og Hartvig Sætra må vi difor tilpasse vårt forbruk og vår livsstil til dei grensene naturen set. Korleis dette skal skje, og kva som faktisk er naturens grenser, er det mindre semje om blant dagens djupøkologar. Dette gjenspeglar seg også i den debatten som dei siste månadene har pågått i Pan om svaret på miljø- og klimakrisa. I to artiklar skal eg sjå kritisk på denne debatten. Mitt overordna spørsmål er enkelt nok: Kan vi bevare Holocen? Kan vi med andre ord komme tilbake til «Paradiset»? I denne første artikkelen skal eg plassere den pågåande debatten i Pan i høve til Johan Rockströms draum om paradiset.

Rockström og Stoknes har forsøkt å demonstrere korleis det er mogleg å kombinere grøn vekst med ei utvikling som held seg innafor grensene for kva planeten kan tole.

Alt i 2009 hadde Johan Rockstrøm saman med ei stor gruppe naturvitarar og ekspertar på det globale systemet utvikla eit sett av globale indikatorar som skal gjere det mogleg å identifisere grensene for Holocen – «a safe operating space for humanity» (Rockström et al., 2009). Ein kan seie at dei tok tankane fra Romaklubben og Jørgen Randers’ «Limits to Growth» (Meadows et al., 1972) eit steg vidare ved å forsøke å kvantifisere grensene for den globale veksten innafor Holocen. Saman med Per Espen Stoknes, norsk klimapsykolog og politikar for MDG, har Rockström også med empiri fra dei nordiske landa forsøkt å demonstrere korleis det er mogleg å kombinere grøn vekst med ei utvikling som held seg innafor grensene for kva planeten kan tole (Stoknes & Rockström, 2018). Dette utdjupar Stoknes i sin artikkel i Pan, der han argumenterer for at det ikkje berre er nødvendig, men også mogleg, å halde ved like ein viss økonomisk vekst innafor dei grensene naturen set. Utmaninga er å vri dagens «grå vekst» som bidrar til klimautslepp og tap av natur og til global oppvarming – til miljøvennleg omstilling av samfunnet i form av «grøn vekst» (Stoknes, 2019). «Reell – eller genuin – grønn vekst er akkurat det: en modell som gjør den gamle grå veksten gammeldags og utilstrekkeleg. Tanken er at rask, ny grønn vekst kan utkonkurrere og fortrenge den grå veksten.» Alternativet til vekst, skriv Stoknes, er depresjon, massearbeidsløyse og sosialt opprør.

For den eine leiren, dei såkalla fundamentalistane, er det heilt avgjerande og grunnleggande å reversere den økonomiske veksten og få ned forbruket i verda.

Illustrasjonsfoto: Ales Krivec / Unsplash

Framover mot fortida

Stoknes’ artikkel i Pan har falle enkelte av dei meir «rettruande» djupøkologane tungt for brystet. «Ideen om et samfunn med reell grønn vekst er som kommunistenes drøm om det klasseløse samfunnet: en visjon som fort vil gjøre mer skade enn gagn å forsøke å realisere» (Fagerheim, 2019). Fagerheims alternativ er det Stoknes kallar «green degrowth» – grønn nedbygging av pengeøkonomien: Tilbake til ein enklare livsstil basert på meir handverksmessig produksjon. Fossile traktorar skal erstattast av muskelkraft, noko som vil skape titusenvis nye arbeidsplassar i primærnæringane. Vi skal tilbake til ei tid da livet blir levd lokalt: «Lokale samfunnshus, vertshus, dansehaller og bygdefester får en etterlengtet renessanse. Regionale og lokale identiteter styrkes på bekostning av forflatning og kommersiell massekultur.»

Skal vi redde naturen må vi, ifølgje Hoel, styre mot lågenergisamfunnet, heller enn lågutsleppsamfunnet.

Ifølgje ein anna kommentator, Jostein Henriksen, er miljørørsla blitt kuppa av teknologioptimistar som berre konsentrerer seg om klimaproblemet og gløymer at ny teknologi for å handtere klimaproblemet også fører til «rasering av naturen» (gruvedrift, vindmøller, arealbruk osv.). Med referanse til den nylege rapporten fra FNs miljøpanel slår han fast at vi kort og godt må reversere veksten, slutte å bruke meir trevirke, mineralar, metall, sement, plast og areal (Henriksen, 2019). Tilsvarande skriv Jon Hoel at så «… lenge politikere og næringsliv legger til grunn at en grønn vekst kun handler om reduksjon av klimagassutslipp, vil presset på den uberørte naturen ligge der.» Lågutsleppsamfunnet er eit feilspor ifølgje Hoel. Vi må bygger byar og tettstader ikkje berre slik at vi minimerer utsleppa, men minimerer bruken av energi. Bygdene kan gå tilbake til «små landsbylignende tettbebyggelser – slik gårdsbruk lå i klyngetun i gamle dager». Skal vi redde naturen må vi, ifølgje Hoel, styre mot lågenergisamfunnet, heller enn lågutsleppsamfunnet (Hoel, 2019). Endeleg har dei to professorane Carlo Aall og Petter Næss slutta seg til kritikken av Stoknes ved, for det første å hevde at grøn vekst i grunnen ikkje skil seg fra anna økonomisk vekst. Som dei andre kritikarane hevdar dei at «frikopling av vekst fra naturøydelegging er ein illusjon.» Og for det andre hevdar dei at «(i) rike land som Norge bør veksten i brutto nasjonalprodukt per innbygger (…) opphøre jo før jo heller, og i stedet erstattes med en solidarisk nedskalering av økonomien til et miljømessig forsvarlig nivå.» (Aall & Næss, 2019) Den «solidariske» sida ved nedskaleringa av levestandarden i rike land skal bestå i ei omfordeling av vår velstand til auka levestandard for verdas fattige. Mekanismane for korleis dette skal skje, blir det derimot ikkje sagt noko om.

Den andre leiren, dei såkalla realistane, argumenterar for at klimaet og miljøet kan reddast gjennom grøn omstilling og vekst innafor dagens kapitalistiske system.

Illustrasjonsfoto: Chris Barbalis / Unsplash

Dei to vegane til Paradiset

I kritikken sin av Stoknes refererer Aall og Næss til dei interne konfliktane i Miljøpartiet De Grønne (MDG) mellom fundamentalistar og realistar. Fundamentalistane er dei som reknar seg som dei verkelege djupøkologiske arvtakarane etter Arne Næss og andre klassikarar i den djupøkologiske tradisjonen. Det heilt avgjerande og grunnleggande for desse er å reversere den økonomiske veksten og få ned forbruket i verda. Det er det kapitalistiske samfunnet med sin marknadsøkonomi og forbruksvekst som representerer trusselen mot både naturen og klimaet. Grøn vekst er ein illusjon og i grunnen berre eit forsøk på å få folk til å tru at det er mogleg å snu klimautviklinga og rasering av naturen innafor rammene av kapitalismen. Her plasserer da også Aall og Næss seg, og er tydelege på at det er sjølve systemet som må endrast, utan at verken dei eller andre «systemkritikarar» er altfor tydelege på korleis det alternative systemet skal sjå ut. Det er likevel vanskeleg å sjå at ei slik «systemendringa» kan skje som ein demokratisk prosess. Samfunnsforskarar har heilt fra tidleg i dette hundreåret åtvara om at den globale oppvarminga og klimaendringane kan setje demokratiet som styreform under press (Holden, 2002). Naturvitarar – og til dels filosofar – synest å ha mindre omsut for demokratiet, og er til dels tydelege på at dersom kloden skal reddast, krev det meir autoritære – og gjerne ekspertstyrte – styreformer (David J. C. Shearman & Smith, 2007). Norges eigen miljøguru, Jørgen Randers, har vist til Kina som eit mogleg klimapolitisk føredøme (Randers, 2012). Carlo Aall har i ein anna samanheng forska seg fram til at meir bruk av «tvang» vil vere ein føresetnad for å realisere klima- og miljømåla, dvs. reversering av den økonomiske veksten. I eit NRK-innslag fra mars i år, der han refererer resultata fra forskingsprosjektet, slår han fast at «(e)in sterk politisk eller økonomisk form for tvang som sikrar at klimaval blir kollektive handlingar, og ikkje noko ein og annan gjer frivillig (er det som må til).» (Thoresen, 2019)

Per Espen Stoknes plasserer seg sjølv også blant djupøkologane i tradisjonen etter Arne Næss. Men ifølgje Aall og Næss og dei andre kritikarane, høyrer han så definitivt til blant realistane, dei som har «kuppa miljørørsla» og får folk til å tru at klimaet og miljøet kan reddast gjennom grøn omstilling og vekst innafor dagens kapitalistiske system. Her plasserer også Johan Rockström seg – den svenske radioprataren fra 2015 – som vil styre verda tilbake til Holocens paradis gjennom pragmatisk global regulering av klimautslepp, arealbruk, forureining osv. innafor grensene for det ein klode i holocensk balanse kan tole. Rockström og Stoknes er optimistar. Dei trur på framsteget, på politikkens muligheter til å forandre verda gjennom rasjonell styring, fornuft og demokrati. Og her har dei nyleg fått følgje av ein anna ukueleg optimist, Erik Solheim, som nå i august melde overgang fra SV til MDG, og som i intervju på Dagsrevyen oppglødd forklara kva muligheter vi har for å samarbeide med næringslivet, marknaden og alle gode krefter for å utvikle og ta i bruk ny teknologi og nye produksjonsmåtar for å snu den globale utviklinga – korleis klimaarbeidet i grunnen er ei vinn-vinn sak der vi kan skape ny utvikling og vekst gjennom omstilling mot eit utsleppsfritt samfunn. Kor vidt vi eventuelt vil styre oss tilbake til – eller fram mot Johan Rockströms Holocen og Paradis, er ei anna sak. Det skal eg komme tilbake til i neste artikkel.

Vi har altså å gjere med to vegar til Paradiset: Den «smale veg» med luthersk forsakelse, nøysemd og moralsk pietisme, og «den breie veg» der vi i bokstaveleg forstand kan kjøpe oss fri fra skjærselden og fortapelsen gjennom fortsatt vekst og investeringar i framtida. I den neste artikkelen skal eg sjå nærmare og kritisk på desse to vegane mot Paradiset. Eller kan det vere at vi har å gjere med eit «tapt paradis»?

Les del 2 av Jon Naustdalslid essay her.