Meninger

Vilkårsfri grunninntekt – på vegen mot eit grønt skifte

Utjamning av ulikskap er nødvendig på vegen mot ein bærekraftig økologi. Enklaste metoden for å oppnå dette er gjennom ei kontant utbetaling: ei grunninntekt.

Grunninntekt for bærekraft

Mindre forbruk er vegen mot ein bærekraftig økologi. Dette resonnementet er enkelt å forstå, men ein del av løysinga er truleg kontraintuitiv. For å skape tilstrekkeleg demokratisk truverd er det mange argument som peikar på at begrensing av ulikskap er svært viktig. Enklaste metoden for å oppnå dette er gjennom ei kontant utbetaling: ei grunninntekt.

Alle må betale prisen for endring

Endring av samfunnsstrukturar er nødvendig for å få ned fotavtrykket på natur og klima. Det kan gjerast ved å fjerne privilegiar og bruke målretta tiltak mot områder med god effekt. Når minka fotavtrykk i naturen er målet, er det i mange høve dei som har mest frå før som må justere kursen, men klima og natur skil ikkje om det er fattig eller rik som forringer økosystemet, og økologisk endring kan derfor kome med ein sosial pris. Ofte blir svake grupper trekt fram som taparane for naudsynte reformar, og ulikhet blir ei barriere for endring. Ofte er det langt att til kva som er naudsynt og ønskjeleg for å lage eit bærekraftig samfunn. Lev ein alt på eit minimum vil ei kvar minking av livsstandard vere kritisk, og er ei utfordring når me må endre oss. Å ta frå folk privilegier er heller ikkje utan utfordringar i eit samfunn som til dels er bygd opp rundt tanken om å få det stadig betre.

Ulikskap pregar livet og formar politikken

Rapporten «For tidlig død av ikke-smittsomme sykdommer», som Folkehelseinstituttet oppdaterte 16.5, er noko av det tristaste eg har lese. Her finn ein at det er opptil 14 års forskjell i levealder ut ifrå kva økonomiske moglegheiter ein blir gitt ved fødselen. Det fortel meg at ikkje alle får dekka sine basisbehov gjennom livet fordi dei av forskjellige grunnar har hatt dårlig økonomi i enkelte eller fleire periodar. Slike undersøkingar kan for mange vere nok i seg sjølv til heller å angripe ulikskap enn å få orden på naturen. Alt tyder på at det ikkje blir noko samfunn i ein øydelagt natur, men det er likevel ei påminning til oss at me ikkje slepp ulikskap ut av syne skal me få mobilisert til eit demokratisk grønt skifte med kredibilitet.

Ofte blir svake grupper trekt fram som taparane for naudsynte reformar, og ulikskap blir ei barriere for endring.

Finansdepartementet si framstilling, eller ei ny forteljing

Finansdepartementet klargjer på ingen måte sitt svar på ulikskap i den 150 sider lange Stortingsmeldinga Muligheter for alle. Fordeling og sosial bærekraft. Stortingsmelding 13 (2018–2019), 1. mars 2019. Grunna det kraftfulle byråkratiske språket har meldinga fått omtale i Prosa – tidsskrift for sakprosa, der Aage Borchgrevink peikar på at ein ved hjelp av språklege virkemiddel tek brodden ut av problemet og ellers skjular det som er av ulemper med ulikskap. Dette er neppe noko dei som ligg i nedre grense av ulikskapen har eller får nytte av. Frankrike fekk dei gule vestane, og når dei største politiske rørslene våren 2019 i Noreg ser ut til å skrive seg frå aukande bompengekostnadar, treng forteljinga eit nytt innhald. Flate avgifter treff sosialt skeivt og treff fattige relativt hardare enn rike. Ei regjering utan sperre mot nye store vegprosjekt, kombinert med byar der biltrafikken må ned for å betre livsvilkår og byluft, har sørga for eit stort innhogg i økonomien til bilistane. Oppå dette har regjeringa og auka dei flate avgiftene med 6,6 mrd kr. Dei flate kostnadane, prisen på å vere i live, aukar i dag fortare enn inntekt.

Kan eit felles økonomisk golv snu stemninga?

Ei vanleg politisk problemstilling er at skal nokon ha, må andre få mindre. Det me ofte får servert er at velferd byrjar å bli så dyrt at kutt er uunngåeleg. Kva om me snur denne spiralen, og først betalar «prisen det kostar å vere i live»? Lik pris for alle er eit rettferdig prinsipp, og det er uvanleg å prise varer etter inntekt. Når dei flate utgiftene likevel tar ein stor del av inntekta til fattige og knapt merkast av dei rike, trengs det ein kompensasjon. Bakgrunnen for sosialstønad er nettopp at alle har rett på eit minimum til å dekke det nødvendigste. Dette kan gjerast betre med ei vilkårsfri grunninntekt som vil ta vekk mykje av trongen for anna støtte frå samfunnet. Grunninntekta fjernar stigmaet som ein søknad om å vere verdig sosialstønaden skapar, og minkar den økonomiske uroa ved at ein veit det vil vere pengar tilgjengeleg i tida som kjem. I sin natur er den eit sosialt golv som blir verande når ein får inntekt, og blir med dette eit lavtlønsløft. Alle vil med dette bli betre rusta til å møte flate miljøavgifter og samfunnet blir meir sosialt fleksibelt til å gjere dei endringane som trengs for å bli bærekraftig. Det er ikkje tilfeldig at dei landa med sterkast velferdstilbod òg har dei sterkaste økonomiane.

Den vilkårsfrie grunninntekta er ei modernisering av skattesystemet

Noreg har lenge hatt eit progressivt skattesystem. Ei ny vilkårsfri grunninntekt er på mange vis ei utviding av dette skattesystemet som òg inkluderer dei utan inntekt. Eg viste i ein resolusjon til landsmøtet i MDG at ei finansieringskjelde kan kome frå ein omfordelingskran som justerar lønsforskjellar. I artikkelen om borgerlønn som Pan trykte tidlegare i år, omtalar Susanne Heart fleire andre aktuelle finansieringsmodellar. Ei grunninntekt vil dekke eit minimum av utgifter til transport, mat, bustad og energi, og vil bidra til å oppfylle 11 av 17 bærekraftsmål (SDG). Grunninntekta kan på eit vis bli sett på som ei utdeling frå overskotet me alle skapar gjennom den frivillige samfunnsinnsatsen me gjer. Eit overskot dei fleste bind til auka livskvalitet. Eit system med tryggleik for alle er òg eit samfunn der alle har ein moglegheit. Klart dette er bra for økonomien òg.

Klimabelønning med sosial forbruksprofil

Eg skreiv at lik varepris for alle er eit rettferdig prinsipp. Kjem me til klima og miljø er det ønskjeleg å la den som øydelegg mest ta den største byrden. Metoden som visar seg å virke er ei klimabelønningsordning der ein aukar prisen på forureinande produkt og delar overskotet frå prisauka med alle. Billig energi har sendt verda inn i ei økologisk krise. Ein høgare pris er naudsynt for å kome ut av den. Stopp av vekst i energiforbruk og smartare bruk av varer er to viktige steg mot eit bærekraftig samfunn. Energi er enkelt å prisjustere gjennom ei klimabelønningsordning, men fyrst må me sjå til at ingen frys. Klimabelønning og grunninntekt er to enkle økonomiske grep me må ta for å vri økonomien i ei berekraftig lei utan å gjere livet til dei som har lite endå vanskelegare.

Livsnødvendighet eller berre prioritering

Å kunna betale bompengar er ikkje ein del av livsnødvendighetene. Samfunnet er ei gruppe alle må vere ein del av, medan det er mogleg, og sjølvsagt ønskeleg for bymiljøet, å unngå bompengar ved å ikkje vere bilist. Handlerommet ei vilkårsfri grunninntekt gjev vil likevel bidra til at dei fattigaste bilistane vil ha råd til å passere bommane når det trengs, og viktigst lage ein dynamisk økonomi med rom for endring utan at det er stadig nye taparar. Det er på tide å ta tak i dei strukturelle problema i samfunnet. Når små miljøtiltak til gagn for alle (ikkje nødvendigvis bompengar) skapar enorm harme bør me leite litt bak protestane. Det er lett å vere for eller imot. Mykje vanskelegare å snu stemninga. Løysingar som gjer at nokon kan få eit lengre liv kan vonarleg hjelpe?