LYS

Når såg du stjernehimmelen sist?

Vi seier at vintrane og nettene i Noreg er så mørke, men det kunstige lyset ligg over alle dei store byane om natta og innomhus slit fleire med søvnproblem.

Eg står i store, svarte støvlar ute i snøen på Finse. Det er vinter og natt og kaldt og eg er heilt aleine. Over meg: svart nattehimmel, strødd med stjerner og eit mjølkekvitt slør frå horisont til horisont. Sjølvaste Mjølkevegen. Vår eiga galakse, med to hundre milliardar stjerner. Inni meg: litt hultertilbulter av skjelving, av eufori og litt redsel.

LYSET FRÅ OSLO REKK 15-20 MIL UT AV BYEN
Mennesket har kjempa mot mørket i all si tid. Lyset var sanninga og livet og alt som var og er godt. Alt det vonde var og er mørkt, kjem ut av det svarte, frå dauden og djevelen, frå sorg og under jorda. Og dette gjaldt jo ikkje berre i subkultur og religion, men i populærkulturen og alt som er, no og. I dag. Denne kulturelle todelinga har kanskje hindra oss i å tenkje at det kan vere noko mjukt med mørket? Berre dei siste sekunda av mennesket si historie har nokon kremta om det, at hmmm, kanskje mørket er litt viktig det og. Litt viktig. Og no er det kanskje lyst nok snart? Kanskje meir enn lyst nok?
Det fins satellittbilete av jorda, og der ho før nattsvart glødar ho. Det lyser frå bilar og gatelyktar, frå flaum- og neonlys, sjølv skogen er opplyst, og dei fleste skiløparar har hovudlykt sterkare enn hundrevis av stearinlys. Og på fjellet dukkar det opp fleire og fleire utelampar på ytterveggene, lys som står på heile tida. Sjølv om det ikkje er folk på hyttene. Og det lyser inne også, i hytter og hus. Det blinkar og blunkar frå tv- og dataskjermar og mobilar og LED-lampar.
Det kunstige lyset ligg over alle dei store byane om natta. Lyset frå Oslo rekk 15–20 mil ut av byen i alle retninger.
Vi seier at vintrane og nettene i Noreg er så mørke og svarte, men kanskje er dei slett ikkje det lenger? Og det er nettopp difor eg er her på høgfjellet no. For å finne ut meir om det naturlege mørket. Skrive ei bok om det. For kva er det? Kvifor er det viktig – og kvifor har eg unngått mørket så lenge eg kan hugse? Kva er det eg er redd for? For eg er redd. Eg skjelver, kveldane og nettene her har sendt tankane mine av garde på skremmande ferder. (Saken fortsetter)
FÅ DE VIKTIGSTE SAKENE FRA HARVEST PÅ MAIL EN GANG I UKA

Forfatter Sigri Sandberg på Finse der ho har hytte.

MØRKEREDSLE ER EI URFRYKT
Det var praktisk å vere redd for mørket, for då er den viktigaste sansen vår svekka, rovdyr og andre nattlege farar trugar, og det er ikkje særleg praktisk heller, å vere på tur i det stappmørke. I mange hundre år var dei lange vintrane i Norge og mørketida opphav til mykje overtru. For dette var tida for dei underjordiske kreftene, på det mørkaste var skiljet mellom vår verd og deira verd skjør og syltynn, ein måtte ha djup respekt for dei, og gjere dei til lags.
Psykologen sa til meg at eg måtte tore å vere i mørket, kjenne på angsten, prøve å observere angsten, og det gjer eg. Eg sit i hytta og heklar og har fyr og flammer i omnen, og ingen kunstige lys slått på, og så let eg mørket kome. Kveld etter kveld. Og kvar morgon tar eg ei vurdering, torer eg vere her ein dag til? Eg er alltid modigare om morgonen. Og etter kvart finn eg ut at kanskje er det mykje viktigare å bli redd for at det skal bli for lyst, enn for sjølve mørket. For lysforureininga i verda aukar i ein fart ingen har kontroll på. Både utandørs og innandørs.
Og eg er framleis aleine, står ute i dei store, svarte støvlane og ser opp. På Orions Belte, på Karlsvogna, Nordstjerna i forlenginga av den. Prøver å kike etter raude stjerner, supernovaer, dei som er i ferd med å eksplodere og døy. Skjønar at grunnen til at nattehimmelen er mørk er fordi augo våre ikkje er så godt konstruert, dei klarer ikkje fange alt det lyset som faktisk fins.

Diktaren Jon Fosse bruker ordet ”mørker” mykje i diktinga si. Eg ber han i ein e-post om å definere det, det vil han ikkje, men han skriv at: ”Det seier seg sjølv at mørker har med natt å gjera, med svevn, og med død, og med at ingenting kan sjåast, eller at du kan sjå stjerner, i ei viss tyding at du kan sjå universet, at du aldri kan sjå lengre enn i mørkret. For utan mørker ikkje lys, det seier seg sjølv.”
Og det er så sant. Vi kan aldri sjå lenger enn i mørket.
Men to tredeler av nordmenn bur no slik til at dei ikkje ser Mjølkevegen, det gjeld også 60 prosent av europearane og 80 prosent av nordamerikanarane. Mange stjerneobservatorium er no heilt ubrukelege, verda over, fordi vi bråkar sånn med alt dette lyset. Eit grågult slør av forureining ligg mellom oss og noko av det vakraste som fins. Nokre land har skjønt alvoret og utarbeida eigne himmellovar. Ein amerikansk organisasjon Dark Sky Association, kjempar for fleire slike lovar, dei snakkar om ei global mobilisering for nattehimmelen – og meiner det ein menneskerett å få sjå ein tent stjernehimmel. Det er så vakkert tenkt. Og tenk om nokre politikarar kunne tatt tak i dette. Lokalt eller sentralt. Brukt dei paragrafane i dei lovene som faktisk fins for å regulere dette. Jurist Erling Fjeldaas har skrive mastergrad om dette og eg vil gjerne kjempe for nattehimmelen ilag med han. Oppmode politikarar og andre med makt til å ikkje sløse med lyset. Tenkje litt over kva som treng lys, når, frå kva for vinkel og med kva for styrke og kvalitet. Kanskje kunne dei vurdere å slå alt lys heilt av også? På klare kveldar og netter med gode stjerne- nordlysmeldingar.

KUNSTIG LYS OG SØVNPROBLEM
Det er likevel ikkje berre opplevinga av og utsynet til stjernehimmelen som står i fare. For lysforureininga påverkar og forstyrrar også oss menneske, dyr, plantar og alt som lever.
– Mørket har blitt ein minimumsressurs. Bruken av kunstig lys eskalerer i ein fart vi ikkje har kontroll på, fortel overlege Tone Elise Gjøtterud Henriksen som jobbar med mørketerapi på Valen sjukehus. Ho seier at det er som om alle brått har byrja ete usunt.
– iPhone kom i 2017. No har alle det. Etter glødelampeforbodet i 2012 har no alle LED-pærer, seier ho. Ho meiner det er blitt for liten forskjell på natt og dag. Og at det er farleg. For vi menneske slit med søvnen, stadig fleire slit med søvnen. Ei undersøking frå 2009 viser at det gjeld rundt tretti prosent av oss. Og trenden er stigande. Søvnløyse vert kalla eit folkehelseproblem, i Australia har tala auka til mellom 35-45 prosent og kostar samfunnet milliardar av kroner kvart år. Søvnløyse og aukande psykiske problem blant folk kan ha mange årsakar, men kan det også ha noko med den aukande bruken vår av kunstig lys? Tone Elise Gjøtterud Henriksen har fått internasjonal merksemd for forskinga si: Ho har nemleg behandla maniske pasientar og pasientar med søvnproblem med oransje briller som filtrerer vekk det blå lyset. Då augo deira fekk sleppe dette lyset frå klokka 18.00 om kvelden, forsvann den maniske overaktiviteten, og dei fekk mykje betre kvalitet på søvnen sin. Pasientar som hadde vore behandla med medisinar i månadsvis, vart svært mykje betre. Berre i løpet av ei veke.

Det harde blå lyset i skjermar og LED-lys utgjer mykje av problemet. Det fortel nemleg hjernen vår at no er det dag, og stoggar produksjonen av hormonet melatonin momentant. Dette hormonet er heilt sentralt, for det seinkar mellom anna kroppstemperaturen vår, noko som bidrar til at vi kjenner oss trøytte. Og vi treng å vere trøytte for å få sove, og menneske treng å få sove fordi vi har ein cirkadisk rytme. Vi er subtropiske dagdyr, skapt for å leve på ein heilt annan og varmare breiddegrad enn vi gjer, så vi treng natt og dag, mørke og lys. Aktivitet og kvile. Henriksen fortel at det er større sjanse for både sjukeleg fedme, brystkreft, diabetes og depresjon – og at puberteten kjem tidlegare hos barn og unge som blir utsette for kunstig lys når det elles er mørkt. Ho seier noko veldig fint. Ho seier at ”Vi er meir som blomar enn vi har likt å tru.” Vi er meir som blomar. Det er ikkje berre poetisk, men betyr at vi er meir vare for lys og mørke enn vi visste. Henriksen kjem med eit nytt ord som ho meiner vi må ta inn både i språket og i kvardagen vår: Lyshygiene. – Tenk om alle kunne tenkje litt meir gjennom og bli litt meir medvitne si eksponering for mørke og lys. Då kunne vi spart verda for både mykje ressursar og lidingar, seier ho. Og det er jo mykje vi kan gjere sjølv: Dempe lyset, skru av mobilar og skjermar, la kvelden og natta og trøyttleiken kome. Eg går inn i hytta, tek av meg svarte støvlane, har gløymt å ete, må lage litt mat, men eg ser framleis ut og opp. Og no kjem månen over fjellet, er ikkje heil, men stor og gul likevel, bleikare og mindre når han forlet kanten og gir seg ut på si nattlege vandring. Eg klarer ikkje sleppe synet. Eg prøver, men klarer det ikkje, å sove med augo opne. Så eg følgjer månen si vandring over himmelen denne natta – medan eg tenkjer at det fins håp.
Det fins håp i at stadig fleire får augo opp for mørket.
Håp i at du les dette.

PS. Denne teksten er basert på tematikk og handling i boka Mørke – stjerner, redsel og fem netter på Finse (Samlaget). Boka er nå solgt til Tyskland og Nederland.