Det som konsekvensutgreiinga for vindkraft på Stadhalvøya ikkje seier noko om

I morgon 31. august er det varsla start på bygginga av Okla vindkraftverk på Stadhalvøya; 5 turbinar og 4 km veg skal sprengast fram i eit landskap av internasjonal tyding.

Stadlandet: Honningsvåg til venstre. På nordsida, over fjellet for Honningsvåg, ligg bygdene Eltvik og Tungevågen (med naturresservatet) og Borgundvågen, der den 4 km lange vegen skal starte opp mot platået – og vindkraftverket «Okla»). Vestkapp-platået i front, med Ervik på høgre side og Hoddevik lengst til høgre. Midt på biletet, i fordjupinga mellom platåa, ser vi det verna Dalsbøvassdraget. «Okla» vil kome imellom det verna vassdraget og det freda naturresservatet i Tungevågen. Platået si karakteristiske form, berggrunn, jordsmonn og artsrikdom er svært særmerka og av nasjonal interesse. Det tyder på at det var isfritt under sist istid. «Okla» vil vere syneleg frå alle høgdedraga på Stadtplatået, frå Vestkapp, fleire av bygdene, og frå skipsleia.

Foto: John Kråkenes

Det skjer trass i at Stortinget 19. juni ba om ny gjennomgang av denne og andre førebels ubygde konsesjonar. Utbyggjar er det italiensk-eigde firmaet Falck Renewables AS. Energivinsten er marginal, og kan aldri vege opp for tap av unik naturarv – og eit rikt kapittel i norsk kystkulturhistorie.

Ei gamal segn vil ha det til at Olav den heilage ein gong fekk vatnet til å stige, slik at han kunne sigle over Dragseidet på Stadlandet, og slik sleppe bort frå blødtørstige fiendar. Segna formidlar noko om kor farleg Stadhavet har blitt opplevd, gjennom alle tider. Namnet Dragseidet stammar frå at sjøfarande i styggevèr nettopp drog båtane sine over eidet langs den gamle ferdavegen, for å sleppe å sigle rundt Stadt. I Heimskringla, av Snorre Sturlason, kan vi lese at det var her Olav Tryggvason kristna fire fylkjer i 997. Eit steinkross er reist som minnemerkje. Folket fekk valet mellom å late seg døype, eller halde slag.

Grøtrøysvatnet er eit mykje nytta turområde. Fjellørreten i vatnet er svært vàr, og forholdsvis stor. Turbinane er planlagt reist på hellinga rett over vatnet.

Olavskrossen på Dragseidet, der Olav Tryggvason kristna fyre fylkjer i 997. Minnesmerkjet reist i 1913.

Med sitt særeigne og storslagne landskap, har Stadt vore eit kjend landemerke i alle tider. Naturverdiane på Stadhalvøya vert vurdert som av stor nasjonal tyding knytt til landskap, biologisk mangfald og kulturminne. Halvøya kan by på naturreservat og verna vassdrag, ein heil katalog av utdøyingstrua artar og verneverdige naturtypar, og ho kan by på trekk- og overvintringsområde for fugl i hopetal. Stadlandet vert føreslått verna som heilskap i ein rapport frå Miljødirektoratet til Klima- og miljødepartementet i mai 2019.

Den vesle halvøya, forma som ein traust knyttneve ut mot storhavet, har lege der urørt i tusenar av år – i storm og i stille, og innehar ein sjelsetjande porsjon Noregshistorie, segn og minne på både godt og vondt. Kor mange skipsvrak som ligg på havdjupet utanfor eit av Noregs mest vèrharde sjøstykker, er uvisst. Ei rekke gjenstandar som truleg stammar frå skipsforlis, er funne i Erviksanden. I tårnet på kapellet i bygda Ervik heng skipsklokka frå hurtigruteskipet St. Svithun, som som vart bomba av britiske fly og forliste utanfor Hovden i 1943. Bygdefolket utførte eit imponerande bergingsarbeid, og kapellet vart reist som takk for stort heltemot. Ei trosse over til Kobbholmen berga mange liv, før båten vart overtent. Ervik har ei rik historie å fortelje. Soga om Lodin frå Ervik og kona hans, Gyda, er rikt skildra i ei islandsk handskrift frå ca. 1390. Dei var med på å skape Noregshistorie på slutten av 900-talet.

Bygdene ytst på Stadt har ei sterk kulturhistorie knytt til Stadhavet som næraste nabo. Folket måtte leve med uvissa i kvardagen; havet gav og havet tok. Det gjorde folket sterke, men også audmjuke for livets lunefullhet. Fiske var, saman med dei små jordlappane, den viktigaste næringsvegen. Fjellområdet på Stadplatået vart eit viktig knytepunkt – der stiar enno viser den store ferdselen som var mellom bygdene. Fjellområdet var – og er – eit tydingsfullt næringsgrunnlag som beiteområde for buskap. Terrenget er lett tilgjengeleg, ope og skoglaust, variert mellom grasmark, myr og lyng. Stadlandet liknar vesterhavsøyane; fjellplatå med bratte klipper mot havet, grønt og artsrikt lågland, kystlynghei og myrlandskap.

Losane hadde ei viktig rolle, sidan det i tida før 1870 ikkje var ei einaste fyrlykt mellom Kinn og Runde. Historia fortel at losane på Stad nytta lyden på dei ulike falla på bølgene til å rekne ut kor langt borte frå skjera skipet segla. Det var eit farleg yrke. Ei historie fortel om fire unge losdrengar som omkom ved «Stålet» under berginga av ei seglskute i 1849. Den gode hamna i bygda Honningsvågen, førte med seg at fiskelag frå bygdene på Stadt heldt til her i sesongane. Det var eit yrande liv i den vesle bygda. Særskilt sildefisket på 50-talet går det gjetord om den dag i dag.

Kyrkjegarden ved Ervik kapell ligg heilt ned mot storhavet og vitnar om mange sjelsetjande historier. Havet tok. Og havet gav.

Restar frå kystfestningane som vart bygd av russiske krigsfangar under 2. verdskrig på Hovden ved Ervik og på Storeneset ved Eltvik, er viktige nasjonale minnesmerker om skjebneåra då Noreg var under okkupasjon. Områda var strategiske for overvaking av farleia rundt Stadt. På Hovden finn vi restane etter kanonstillingar, samt tunnelar og bunkerar. Også murane etter fangeleirane, som husa 120 russiske krigsfangar, er enno tydelege. På fortet på Storeneset ved Eltvik, ser ein restane etter kanonstillingar som var bygd i etasjer nedover klippeberget, og restar etter fleire bunkerar og brakker. Oppdagingsferd i dei gamle bunkarene på Storeneset var ein del av barndomens opplevingar, og enno kan ein kjenne ein gufs i ryggen frå historia når ein vandrar igjennom dei mørke grottene.

Kulturlandskapet mellom Hoddevik og Liseth er eit av dei mest verneverdige i landet, og vitnar om det levde liv i desse bygdene. Klyngetunet på Indre Fure er blant eit fåtall slike tun i Noreg, og har historie attende til 1300-talet. Den flotte sandstranda og bølgene som slår inn frå storhavet, har gjort bygda Hoddevik til eit av dei mest besøkte surfeområda i Noreg i dag.

Og nokre stadar står berre murane att etter livet som var. Som i Bolkevika, utanfor Eltvik. Ein veglaus plass, vanskeleg tilgjengeleg både til fots og sjøvegen. Grunnmurane står der og vitnar om det levde liv – og draumar som fall i grus for ei familie, då vèrgudane viste seg frå si verste side på Stadhavet.

Over alt dette, rager Vestkapp; det vestlegaste fjellplatået i landet, nesten 500 meter over Stadhavet. Fjellvidda, himmel og hav møtast brått og brutalt, og kjem oss så uendeleg nær. Vi kan kjenne på audmjukheit i slike mektige omgjevnadar.

Naturresservatet i Tungevågen. Vegen kjem til å gå opp frå bygda bakerst i biletet. Okla vindkraftverk vil altså verte næraste nabo med eit freda naturreservat og eit svært særprega fugleliv.

Stranda i Hoddevik har etterkvart vorte Noregs mest kjende surfeplass. Villcamping vart forbode i somar som fylgje av enorm turist-tilstrøyming.

Ein kunne nemnt så mykje meir ved denne ikoniske halvøya. Men, det er nok til å forstå at eit slikt landskap, ein slik natur og ei slik kulturhistorie må bevarast som heilskap, utan øydeleggande inngrep. Det er med vyrdnad ein beveger seg inn i slike terreng. Men truleg er det siste somaren ein kan oppleve den ville, vakre og mektige naturen på Stadlandet urørt. Ein må undre seg over korleis Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) kan konkludere med at dei samla føremonane ved «Okla» er større enn ulempene! Korleis kan fleire titals høyringssvar, klager og motsegner som går imot utbygginga, ikkje verte tatt omsyn til? Korleis kan godt dokumentert fagkunnskap om dei unike verdiane knytt til landskap, biologisk mangfald og kulturminner i fjellområdet der industrianlegget planleggast bygd og på Stadhalvøya i heilskap, ignorerast av NVE? Og korleis kan NVE istaden halde fast på ei rettferdiggjering av «Okla» utifrå ein industriell verdiorden, der teknisk effektivitet og talfesta rasjonalitet har forrang?

Dei politiske målsetjingar om auka satsing på fornybar kraftproduksjon i Noreg, vert vektlagt som forsvar for oppføring av eit vindkraftverk i noko av Noreg sin mest spektakulære natur. Som forsvar for å setje kroken på døra til ein viktig del av vår felles kulturhistorie. Å ofre ein slik natur- og kulturarv i Noreg, er både kunnskap- og historielaust – og eit stort tap for framtidige generasjonar.

Tenk deg at du er ein stad på denne unike og historisk sagnomsuste halvøya; med den bratte kysten, platåa og den sjeldne floraen. Kanskje er det på Måsevatnet, ein fin junikveld i skyminga, i stillhet og fred, med fyr på bålet og nyfiska fjellørret bresande over varmen – med utsyn over hav så langt auget rekk og sola som går blodraud ned i vest. Enn om ei vakker kvinne brått openberrar seg, gjerne bak ein fin liten kuflokk. Og kanskje seier ho «du fiskar i vatnet mitt», før ho forsvinn, like raskt som ho kom. –Kanskje var det sjølvaste huldra du møtte på…… I fylgje segnene frå barndomen, fortalt av dei som var her før, vaktar ho nemleg over Stadtfjellet, buskapen og vatna på Eltvikhornet gjennom alle tider. Men utbyggjarane i Falck Renewables ser ho neppe.

Høgdedraget der dei fem turbinane skal byggjast. Grøtrøysvatnet ligg i sentrum av biletet. «Okla» vil kome på flata rett over bakkehellinga. Vegen til anlegget skal sprengast fram i eit landskap av internasjonal tyding. Vegen må ha store dimensjonar som fylgje av turbinane si lengde. Landskapet kan sjølvsagt aldri tilbakeførast til si opphavelege form – sjølv om utbyggjar hevdar dette.