Vekk frå naturen

Nordmenn er frykteleg opptatt av roa og stillheita

At naturen er fri for alle tyder ikkje at vi kan forvente å ha han for oss sjølv.

Neidå. Dette er ikkje enno ein tekst som klager over at nordmenn flest berre ligg på sofaen, sit framfor ein skjerm eller på ein kafe. For lat oss slå det fast med ein gong: 2018-nordmannen er eit aktivt, naturglad, turgåande menneske.

Nesten ni av ti nordmenn er interesserte i friluftsliv og aktivitetar i naturen. Det er nesten alle, det. Ni av ti vil seie at det er ganske lite kult å sitte i jobblunsjen og seie at du syns skogen er rotete og myra våt og skiten. Men kva er det vi er så interesserte i i denne naturen? Ifylgje Natur- og Miljøbarometeret nyttar vi han fyrst og fremst til turgåing. Vi ynskje oss frisk luft og nemner naturen generelt. Og så er vi frykteleg opptatte av roa og stillheita.

Ro. Og stillheit. Og natur. Dei heng saman, dei tre. Naturen er der det ikkje er menneskelege inngrep, der det ikkje er noko vi må og difor ikkje noko som bråkar. Der vi kan slappe av, hente oss inn att, vere oss sjølve. For mennesket som nyttar naturen som rekreasjon er naturen trygg.

Eller er han det? I sommar har fleire turgåarar vorte angripne av kyr. Ja, det skjer så og seie kvart år – sjølv om kyr eigentleg ikkje er særleg aggressive dyr. Dei er byttedyr som heller vil flykte enn angripe, som er domestiserte gjennom tusenvis av år og vane med å verte handterte av folk.
Likevel angrip dei med eitt turgåarar og badarar og folk som på ingen måte har provosert dei i det heile.

Kan det vere at naturen stiller krav til oss, likevel? At han forventar at vi veit korleis vi oppfører oss kring ei ku? Her fins det ingen statistikk, så vi veit ikkje om det er færre eller fleire som vert angripne av kyr no enn tidlegare. Men vi veit ganske sikkert at vi vert færre som jamnleg handterer dyr som veg eit halvt tonn.

Abonner på Harvest Magazine

For 99 kr i måneden eller 950 i året kan du lese alt vårt innhold.

Du får nye saker hver uke og tilgang til hele arkivet, med artikkelserier og anbefalinger.

Vi skriver om livskvalitet og samfunn, natur og kultur.
I Harvest finner du sjelden siste nytt, men undring, nye tanker og inspirasjon. Kritisk journalistikk, smarte anbefalinger og gode historier.

Abonnerer du allerede?
Logg inn her

Fata: Dcnlul Luanu/Unsplcsh