Vekk frå naturen

Inkje kjøt utan blod

Det mest berekraftige kjøtet vi kan ete er sel og kval. Men vi et heller innestengt kylling.

Det ligg ein sel på eit isflak. Auga er svarte, eigentleg runde, men no er dei så vidt opne – dei blinkar litt mot det skarpe sollyset. Kroppen ligg paddeflat, vatnet får den sølvfarga pelsen til å skine. Pusten går jamnt. Alt er ro.

Så smell det. Eit hol vert laga fyrst gjennom lufta og så gjennom selen, og med eitt er ikkje isen kvit, men raud. Selfangarskipet manøvrerer seg omhyggeleg bort til isflaket og ein mann klatrar over ripa og ned på isen. I handa har han ein stor klepp – han kallar det ein hakapik – med den slår han selen i hovudet, fleire gonger, fyrst med baksida av kroken og så med den skarpe enden. Han dreg den døde selen over isflaket, hektar han på vinsjen og selen vert heisa ombord.

Dette er ei pågåande historie frå røyndommen. Så langt i år er 69 tonn grønlandssel avliva omlag på denne måten. Selen vert nytta til kjøt, til spekk og til skinn.

Det er sjølvsagt ikkje noka utprega triveleg historie. Men akkurat kor utriveleg er ho, eigentleg? Er det ei historie vi bør tole å høyre – og fortel ho om eit kjøt vi bør tole å ete?

Selfangsten som er omtala ovanfor er fullt lovleg, men det er ikkje marknad for han. Prøv å finne selkjøt på Kiwi og du vil leite lenge. Berre ei norsk skute driv framleis med selfangst, og dei prøver ikkje ein gong å få omsett kjøtet kommersielt.
Prøv å finn kvalkjøt og du vil kanskje kunne lukkast – men kvalfangarane kan likevel berre drøyme om å lukkast i å omsette heile vågekvalkvoten: Av 1200 dyr er det så langt levert godt under 100. I fjor vart det landa drygt 400 kval. Det var likevel nok til at dei var vanskelege å få selde.

Sjølv om motstand mot kvalfangst ikkje er like artikulert no som for nokre år sidan, syner dette at det sit ein motstand i oss. Kanskje kan vi til og med kalle det ei frykt: I kvalfangsten er døden synleg.

Dei aller færraste av oss har nokon gong trunge å verken vere i nærleiken av eller langt mindre ta livet av eit anna pattedyr.

Vi er opptekne av korleis dyr har det, og vi veit stadig meir om korleis dei fungerer. Vi veit at vi ikkje skal sveltefôre dei gjennom vinteren eller kastrere dei gjennom å knyte eit tau kring testiklane deira slik dei gjorde før. Vi veit at dei ikkje berre har kjensler, men tankar, at dei kan planlegge, gjennomføre, vere empatiske og kjenne sakn og omsut. Slik kunnskap er sjølvsagt bra. Men omset vi han i dei riktige handlingane?

Abonner på Harvest Magazine

For 99 kr i måneden eller 950 i året kan du lese alt vårt innhold.

Du får nye saker hver uke og tilgang til hele arkivet, med artikkelserier og anbefalinger.

Vi skriver om livskvalitet og samfunn, natur og kultur.
I Harvest finner du sjelden siste nytt, men undring, nye tanker og inspirasjon. Kritisk journalistikk, smarte anbefalinger og gode historier.

Abonnerer du allerede?
Logg inn her

Fata: Kulth Lusu/Unsplcsh