Meninger

Treng verda ideologi?

Verda treng iallfall politikk. Politikk er å fremma interesser, og om det finst eit mønster i interessene, kallar vi det ideologi. Spennet mellom politikaren sine konkrete inngrep i verda og ideologen si teoretiske overbygging gir opphav til både inspirasjon og ugreie.

Mange vil betakka seg for abstrakte tolkingar av mønstra og verdiane bak politikken. Vanleg sunn fornuft held i lange banar! Men like lite som det finst verdifrie meiningar og handlingar, finst ideologifri politikk. Spørsmålet er kor mykje ein skal gjera ut av det, og korleis ein unngår at ideologien står i vegen for politikken. På sitt beste kan ideologiane hjelpa oss å sjå dei store linjene. Ein treng ikkje vera akademikar for å nyta gleda ved å kjenna att sine eigne grubleri i dei store fortellingane om menneskeslekta. For mange veljarar kan dedikasjon til dei ideologiske grunnsteinane overskugga misnøye med politiske enkeltvedtak, og gi opphav til eit langt og godt monogamt partiforhold.

Mindre konstruktivt er det når ideologi brukast til å slå kvarandre i hovudet med. Stundom god underhaldning for politikknerdar, på sitt verste ender det i folkemord. Mitt første lesarinnlegg var eit hjartesukk over ei ung dame som drog linjene mellom dei raude fanane i 1. maitoget og ditto i Sovjetunionen. Det ga sikkert stor heia-faktor internt i Unge Høgre, men var av lite relevans som kritikk av dei lokale faneberarane sitt praktiske virke i verda. Og neppe særleg politisk appetittvekkande for folk flest.

Slik sett er ideologi betre byggemateriale for bommar enn bruer. Den som kjenner trong til å markera eige særpreg kan alltids visa til stemmegiving og budsjettframlegg, men slikt avslører påfallande ofte overlapp med konkurrentane. I praktisk politikk dominerer bruene mellom partia meir enn kva valkamppropagandaen gir inntrykk av. Meir schwung blir det av å heva seg over dagspolitikken og kasta ut ideologiske vegsperringar mot fienden. Igjen er det høgst usikkert kor kloke publikum blir. Særleg på vakt bør den vera som meiner seg å tilhøyra ein annan dimensjon enn den dominerande høgre-venstreaksen. ”Oss mot røkla” fungerer i beste fall som internt kamprop.

Ideologi er vanskeleg å unngå som ingrediens når eit nytt parti skal stiftast. Eit prinsipprogram set grunntonen og dannar eit naudsynt gjerde mot dei som openbart ikkje høyrer med i flokken. Når ein så kjem til praktisk politikk kan det oppstå sprekker og fraksjonar òg innafor hegna. Var det dette eg vart med på, er det slik dei andre forstår ideologien vår? Vondast er den kampen ein tek mot (det ein trudde var) eigne meiningsfeller.

Kunne ein greid seg like godt med ein 20 punkts handlingsplan for valperioden, konsentrert seg om felles praktiske mål heller enn sameining av individuelle forestillingar om korleis alt heng saman? Bli med den som vil, så overlet vi til kommentariatet å teikna overbygginga! Mange lokale, meir eller mindre tverrpolitiske vallister er bygd over denne lesten. Dei kan vera effektive for å nå viktige enkeltmål, men konstruksjonen blir gjerne for skjør for den som vil bygga samfunn over tid. På nasjonalt nivå er det difor lengre mellom døma på slike parti.

Grøne parti har jamt over valt den ideologiske vegen. Dette synleggjerast godt ved at alle utgåvene av sorten har eit felles prinsippdokument, The Global Greens Charter. Den som måtte ha mistrudd grøne parti for å vera opptekne av éi konkret sak vil bli ein fordom fattigare berre ved ein sjekk av innhaldslista. Men heller ikkje her er oppskrifta så eintydig at grøne parti kjem ferdigstøypte til verda. Her er nok slingringsmon til at friske ideologiske debattar må til før doxaen set seg.

Anten ein vel det saksorienterte ad-hoc-sporet eller den tyngre ideologiske vegen, så har nye partietableringar éin viktig ting felles: Prosjektet er til ein viss grad ope for folk frå fleire leirar. Ved å bli med i eit nytt parti kan ein presentera det som ei politisk oppgradering snarare enn byte av lag. Som den nyaste tilveksten på det politiske fargekartet, har grøne parti gjerne erfaringar i denne retninga. I starten finst eit ”overgangsvindauge” der mykje kan skje, men så lukkar det seg etterkvart, på godt og ondt. Nytt, spennande og skjørt glir over i trygt, satt og solid. Seinare forsøk på ideologisk fornying er ein annan og krevande dans.

Det kan argumenterast for at verkeleg ny ideologi berre blir skapt når vesentlege nye utfordringar oppstår, som ingen av dei etablerte politiske kreftene greier å svara på. Ein grovmaska modell kan då vera inndelinga i blå, raud og grøn (etter europeisk politisk fargekart). Liberalismen kom med opplysingstida, som eit oppgjer med kyrkje- og adelsmakt, og ga opphav til dei første partia av den sorten vi i dag set blå etikett på. På same vis kom sosialismen som oppgjer med kapitalmakta i industrisamfunnet, og den grøne ideologien som reaksjon på menneska si rovdrift på naturen i moderne samfunn. Innimellom og på tvers av denne idéhistoriske hovudlinja vil det dukka opp avartar og blandingar av etablert tenking, både i form av eigne parti og dragkamp langs diverse aksar internt i partia. Framstegspartiet og Raudt kan tena som døme: Desse partia var frå starten ikkje bygd på nye spørsmål som mangla svar, men nye miksar av velkjent tankegods, med visse enkeltparametre skrudd skikkeleg opp.

Dei partia som kallar seg grøne gjer derimot hevd på å representera eit nytt ideologisk utviklingssteg. Ikkje fordi grøn ideologi er noko ”heilt annleis enn alt anna”, det beste av gamle idear (til dømes sosial rettferd og individuell fridom) ligg som regel i botn for den grøne tenkinga. Det er når den nye grunnsteinen, den økologiske impulsen, tilføyast at ein kan forsvara å ta i bruk ei ny ”ideologisk primærfarge”. Her er det viktig å bemerka at fleire etablerte parti har forsøkt å ta opp i seg den nye impulsen. Grøn ideologi er ikkje éit definert konsept, reservert for visse parti. Berre dersom ingen av dei eksisterande partia greier å oppgradera seg, i den grad at den grøne delen av veljarmassen let seg begeistra, er vegen open for eit nytt ”reint” grønt parti. Men igjen, ideologi er éin ting, praktisk politikk noko anna. Det siste betyr trass alt mest for dei fleste av oss, idealistar eller ei. Parti av alle farger må difor leva med konstant konkurranse frå både nye og gamle utfordrarar. Ingen kan kvila på eit ideologisk fintrimma partiprogram, og ingen har eksklusiv rett til dei ulike ideologiske etikettane. Det kan ein berre gjera seg fortent til ved praktisk politikk, og omverdas bedømming av resultata.

Om dette skjemaet stemmer, står den grøne ideologien og ditto parti altså i ei særstilling. Partia med blå og raud primærfarge har lagt glansdagane bak seg, medan dei grøne enno er i startgropa på sin historiske misjon. Det gjenstår å sjå om dei verkeleg vil bli hugsa for politikken som dominerte, og gjorde det 21. århundret til ei betre tid enn det førre.