Debatt

Tid for fjellgrense

Då turistane forsvann frå høgfjellshotella ein gong på 90-talet, vart fjellet forvandla til ein byggjeplass for hyttebygging. Kanskje er tida inne for ei fjellgrense?

Saken ble publisert før kommunevalget i 2019.

I 1970 var talet på fritidsbustader 190 000. I 2017 var talet 426 932, skriv Statistisk sentralbyrå. For mange utkantkommunar er hyttene den største og viktigaste næringa. For nokre av dei den einaste.

Dei siste åra har det vakse fram ein større debatt om ressursane i fjella. Debattane dreier seg om kor mange hytter det er plass til, om fortetting av eksisterande hytteområde – og om fjellgrenser. Arealinngrep er den viktigaste årsaka til at naturmangfaldet blir redusert, les vi. Knapt tolv prosent av landet er villmarksprega. I Sør-Noreg er talet under fem prosent. Kor viktig er denne villmarka for oss?

Venstre har ved fleire høve utfordra kommunepolitikarar og andre når det gjeld hyttenæringa og framtidig hyttebygging. Korleis skal vi utvikle fjellområda – til beste for komande generasjonar? Finst det ei grense for kor mange hytter vi kan byggje? Og er det behov for ei fjellgrense – ei heilag grense vi ikkje skal røre?

Svaret er ikkje svart-kvitt.

Hyttebygging er ei viktig næring. Verdiskapinga som næringa bidreg med, er enorm, og har vore avgjerande for samfunnsutviklinga i Valdres. Og difor skal vi framleis byggje. Utfordringa er korleis, og kvar.

Klimaendringar og miljøutfordringar gjer at vi må tenkje nytt – om det meste. Også hyttenæringa. Det betyr at lokalpolitikarane må vere meir restriktive på utbygging og nedbygging av sårbar natur. Vi kan ikkje forhalde oss til naturressursane som om det var vår eiga godteskål.

Er utbygging og nedbygging «framoverlent»?
Arealplanane i kommunen – planverket som seier noko om kva vi kan byggje kvar – blir oppdaterte kvart fjerde år. Ein meir restriktiv planpolitikk betyr at politikarane må seie nei til tilfeldige dispensasjonar midt i ein planperiode når store utbyggingsaktørar bankar på døra og ber pent om å få byggje. Det stiller òg krav til ein levande og aktiv debatt om bruken av areala – ikkje berre i samband med revideringa ein gong kvart fjerde år, men heile tida.

Det er ikkje alltid like enkelt. Å vere imot byggjeplanar og storstilte dispensasjonar er å vere imot utvikling, høyrer vi. Å vere for er å vere progressiv og framoverlent. Men er all nedbygging framoverlent?

Den bevisste øydelegginga av vill og urørt natur er eit av dei største miljøproblema våre. Difor ynskjer også Venstre i Nord-Aurdal å vere ein pådrivar for ei fjellgrense i samband med hyttebygging i kommunen, og at kommunen viser ei streng(are) haldning til nedbygging av urørt natur. Alt i 2007 sa Riksrevisjonen at «Dagens arealforvaltning bidrar til en nedbygging av områder som Stortinget har vektlagt skal ivaretas». Når tek vi desse utfordringane på alvor?

Noko blir gjort: Vararepresentant til Stortinget Ingjerd Thon Hagaseth har stilt spørsmål i Stortinget om fjellgrenser og moglege oppstartsmidlar til arbeidet med regionale planar for fjellområde med stort utbyggingspress. Ho er òg fylkestingskandidat og lovar å halde saka varm i Innlandet fylkeskommune. I programmet til Innlandet Venstre står det at dei vil ta initiativ til ei heilskapleg arealforvaltning på tvers av kommunegrenser.

Venstre i Nord-Aurdal meiner det er viktig å hegne om store, samanhengande naturområde, både på fjellet og i bjørkeskogen. Natur- og friluftslivsområda i fjella representerer ein unik verdi både for dei av oss som bur her, men òg for deltidsinnbyggjarane og turistane som kjem på besøk.

Kva er positivt med ei fjellgrense? Ei fjellgrense vil vere med på å sikre viktige rekreasjonsområde for ettertida. Ei fjellgrense er med på å bevare den samfunnsmessige verdiskapinga som deltidsinnbyggjarane og besøkande bidreg med i lokalsamfunna. Ei fjellgrense er med på å skape føreseielege rammer for både private og offentlege interesser som vil investere, og ikkje minst for dei som driv med beitedyr og stølsdrift. Beiting er ein stor ressurs som gjer norsk landbruk både miljøvenleg og berekraftig. Og viktigast: Fjellgrenser er med på å ta vare på eigenverdien til naturen, og sikre desse verdiane for ettertida.

I iveren etter å tiltrekkje oss nye inntektskjelder kan ein likevel gløyme kva det er som er den fremste verdien: naturen, skriv Venstres andrekandidat i Øystre Slidre, Alice Gudheim. Vi undrar oss om vi er i ferd med å gjere det same i våre eigne naturområde. Ettertida vil dømme oss hardt om vi ikkje forstod det.