Stopp alpinlandsbyen på Kvaløya – for vern av myra og skiløypene

29. april skal politikarane i Tromsø ta stilling til å byggje alpinlandsby i myr og raudlista naturtyper. Nasjonalt vinn myra no endeleg over landbruk og vindkraft. Kvifor skal reiselivet prioriterast høgare enn produksjon av mat og energi?

Planområdet for alpinlandsbyen er markert med oransje. Deler av planområde for alpinanlegget med blått.

Foto: Bo Eide

Finnheia/Rávdnjemuotki på Kvaløya utanfor Tromsø er i dag arenaen for ei klassisk arealkonflikt der myrlandskap må forsvare seg mot næringsutvikling, lovnader om vekst og arbeidsplassar. Finnheia er for mange eit vakkert stykke natur med myrer, raudlista naturtypar og samiske kulturminner. Det er eit populært område for friluftsliv og eit viktig areal for ei hardt pressa reindriftsnæring. Her ynskjer Arctic Center AS å bygge ein alpinlandsby med opptil 343 hytter og fritidsbustadar. Salet av desse vil vere ein nødvendig del av eit planlagd alpinanlegg like ved. Alpinlandsbyen vil beslagleggja eit areal på rundt 0,5 kvadratkilometer, der det i dag er stort sett sårbar natur. Ein tredjedel av arealet er karbonrike myrområder. Planforslaget for utbygginga skal opp til endeleg behandling i kommunestyret i Tromsø 29. april, og har skapt stor debatt i Tromsø dei siste vekene. To dagar før behandlinga er det uklart kva utfallet av avstemminga blir. Eg vil her forklare kvifor ein bør stemme imot utbygginga av Finnheia alpinlandsby og for bevaring av Finnheia, og kvifor dette er eit eksempel på eit mykje større, nasjonalt problem.

Dei siste åra har det komme mange rapporter om kor dyster situasjonen er for naturen og klimaet. Naturpanelet til FN sin tilstandsrapport for naturen viser at 1 av 8 arter på jorda er trua av utrydding og at 75 % av landområda er vesentleg endra. Forskinga viser at endringar i arealbruk er den faktoren som har størst påverknad på denne negative utviklinga for naturen. Ein ny rapport frå Norsk institutt for naturforsking beskriver i tillegg at våtmarker er det økosystemet i Norge som har høgast tettleik av karbonlagring. Denne kunnskapen var ikkje like klar og tydeleg på 80- og 90-tallet då planane for Arctic Center vart lansert og utvikla. Ny kunnskap om myr var ein sentral grunn til at Andmyran vindkraft ikkje fekk utsatt frist for å sette i gang tidlegare i år. I ei tid der vi har erklært klimakrise, er vi nøydde til å ta innover oss ny kunnskap for å ta vare på naturen og gjere det vi kan for å avgrense klimaendringane. Vi kan ikkje fortsette som før.

I saksdokumenta til planforslaget for utbygginga, står det under tittelen naturmangfald: «Det konkluderes med at konsekvensene av tiltakene i planforslaget blir på grensen mellom svært stor negativ konsekvens og kritisk negativ konsekvens» og at «De store negative konsekvensene i dette prosjektet kommer av at en planlegger å bygge ut myrområder på kalkgrunn og boreal hei. Dette er rødlistede naturtyper.» Ei realisering av alpinlandsbyen har altså stor negativ innverknad på naturmangfaldet.

Utsikt mot Finnheia. Hytteområdet er til vestre for skisporet ca midt i bildet.

Foto: Bo Eide

Ein annan grunn for å bevare Finnheia, er fordi det er eit lett tilgjengeleg friluftsområde. Særleg i helgene vinterstid er skiløypene populære og blir brukt av både familiar, unge og gamle. Dette er eit lågterskeltilbod, utan inngangsbillett, som gir rike naturopplevingar. Denne naturen vil sjølvsagt få eit sterkt endra preg ved utbygging av alpinlandsbyen og opplevinga vil bli langt i frå den same når ein må sjå på eit uttal hytter og tilhøyrande vegar. Der ein i dag til dømes kan gå kveldsturar under lyset av nordlyset på vinteren, vil ein i framtida kunne bli blenda av belysning frå hyttefeltet.

I planforslaget er det anslått eit klimagassutslepp tilsvarande 35 000 tonn CO2-ekvivalenter, bare frå områda som er klassifisert som myr, ved å endre arealbruken på Finnheia. Talet svarer til nesten 15 % av klimagassutsleppet i heile Tromsø kommune i 2018, og vil sannsynleg vere mykje høgare om ein tar med alle utslepp i heile utbyggingsprosessen. Dette harmonerer dårlig med Tromsø sitt klimamål på 85 % reduksjon i klimagassutslepp innan 2030, som i praksis betyr ein reduksjon på ca. 20 000 tonn CO2-ekvivalenter per år. Øydelegging av sårbare myrområder i Tromsø og elles i landet er eit særdeles dårlig klimatiltak og vil gjere det enda vanskelegare å nå lokale og nasjonale klimamål.

Der ein i dag til dømes kan gå kveldsturar under lyset av nordlyset på vinteren, vil ein i framtida kunne bli blenda av belysning frå hyttefeltet.

Eit paradoks er at ein ynskjer å utvikle ein kommersiell fritidsaktivitet (skianlegg) som i stor grad er avhengig av snø og kaldt klima ved å bygge hytter og dermed bygge ned natur, som igjen vil gje store klimagassutslepp og dermed auke risikoen for å eit varmare klima.

Nokre av dei som ynskjer utbygging meiner at eit lite stykke natur som Finnheia, i land der vi har mykje natur å ta av, kan ofrast for hyttebygging, vekst i reiselivet og mogelege arbeidsplassar. Dette er ein farlig argumentasjon. Om vi i kvar kommune i Norge og i kvart lille samfunn i verda tenker at «litt til» natur kan byggast ned til fordel for næringsutvikling og profitt, og «at det må jo gå bra, vi har jo så mykje å ta av», då vil vi vere sjanselause i kunne klare å bremse den dystre utviklinga i tap av naturmangfald.

Vi kan ikkje lukke augo for ny kunnskap som har komme fram dei siste ti åra og den krystallklare beskjeden frå tusenvis av vitskapsfolk: vi må bevare naturen, ikkje bygge den ned.