Set av eitt mål av gardsbruket til blomstereng

Vi føreslår at alle gardsbruk i kommunen set av minimum eitt mål av garden til blomstereng, skriv Magnar Falkenstein i Raudt Indre Sunnfjord.

Foto: Mike Erskine

Dei siste tiåra har vist ein samanhengande nedgang for insekta. Dette kan få dramatiske fylgjer for oss menneske, då vi er heilt avhengige av insekta som bier, humler, kveps og andre pollinerande insekt for å overleva. Også andre insekt er livsviktige for oss, berre tenk på nedbryting i naturen til dømes.

I det nye fylket Innlandet kan no bønder få støtte for å ta vare på pollinatorvenlege frøblandingar på jordbruksareal. Sonene må ha pollinatorvenlege blomar gjennom vekstsesongen. Arealet får tilskot og må ikkje gjødslast eller sprøytast med plantevernmiddel.

Raudt Indre Sunnfjord meiner at ei liknande ordning må takast i bruk i den nye kommunen Sunnfjord. Vi føreslår at alle gardsbruk i kommunen set av minimum eit mål av garden til blomstereng. Dette må sjølvsagt få økonomisk støtte frå kommunen.

Beste områda til dette er tørre område med næringsfattig jord, så noko stort avlingstap burde det ikkje bli. Områda kan slåast, men ikkje før etter frøspreiing. Høyet bør sjølvsagt brukast som dyrefôr, og areala kan også beitast om hausten.

Lat oss gjera nye Sunnfjord kommune til ein velkomststad for insekta våre, til ein blomekommune.

Nokre gardsbruk har allereide i dag slik gammal blomstereng, men det burde vera ei enkel sak at alle får dette til. Etter det vi har kjennskap til, er det i dag mogleg å få tak i frøblandingar til slik eng.

Dei fleste med ein bustad i tettstadane i kommunen bør også delta i eit slikt prosjekt: Set av ein liten del av plenen til eit insektvenleg område, ein liten "jungel".

Dette er tiltak som skulle vera svært enkelt å sette ut i livet. Lat oss gjera nye Sunnfjord kommune til ein velkomststad for insekta våre, til ein blomekommune. Det er til vårt eige beste!