NOK er NOK

Lat oss få forureine vederlagsfritt!

No er det NOK! Vi har latt oss tøyle av kommunistane og Miljøpartiet dei diktatoriske lenge NOK! Ingen av dei forstår alvoret! Ingen av dei har faktisk tatt opp saka vår i det offentlege rom og satt i gong ekte tiltak på myndigheitsplan.

Det har nemleg råda ei utbreidd misoppfatning i Norge dei siste åra. Det har vist seg at politikarar og offentlege personar ikkje har klart å kommunisere viktigheita av norsk suverenitet over eigen valuta. Norge er vel ikkje hovudstaden i Sverige, slik burmesarane frå Afrika trur. Nei, Norge er sitt eige land, og har sin eigen valuta.

Derfor seier vi NOK er NOK og ikkje USD eller SEK!

Nokon skulle kanskje tru at NOK er det same som SEK, men det er det altså ikkje. I skrivande stund er faktisk ei norsk krone verd ei krone og ti øre i Sverige, der dei brukar SEK. NOK må heller ikkje bli forveksla med andre meir kjende valutaer, som USD eller EUR. Om ein til dømes skulle ha forveksla NOK med USD, hadde heile oljefondet hatt ein verdi på berre 2000000000000 kroner. Det kunne ført til ein global kollaps i pengemarknaden. Det er derfor vi i Folkeaksjonen Nei til meir valutaforveksling har satt oss som mål å opplyse at NOK er NOK, og ikkje ein annan valuta.

I det siste har vi fått selskap av fleire andre. Deriblant Folkeaksjonen Nei til mer bompenger. Viss ein googlar NOK er NOK kjem dei faktisk opp som første treff.


Det er gledelig at vi har fått fleire med i kampen for eit valutareint Norge. I tillegg har bompengemotstandarane fleire saker. Den viktigste er kampen for å forureine vederlagsfritt. I Norge har vi altså eit stort system som tar livet av litt over eit hundretal menneske i året, står for om lag ni millionar tonn CO2-ekvivalentar utslepp, gjev born astma og luftvegsplager, fragmenterer og øydelegg naturmangfaldet, og er Norge si største kjelde til mikroplastutslepp. Og no vil nokon i tillegg til dette at ein skal betale pengar for å bruke systemet! Eg snakkar så klart om vegane og bompengane.

Lat meg altså få forklare det litt meir inngåande. Dei som styrer i Norge vil altså at dei som bruker vegar til å køyre bil, også skal betale for vegar til å køyre bil på! Eg blir så provosert at eg får lyst til å køyre sakte på innfartsvegen til ein norsk by og rope NOK er NOK!

Greitt nok å stanse klimaendringar og forureining. Men det må ikkje bli for mykje av det gode. Vi må ikkje stanse miljøproblema i for stor grad. Eg kan godt vere med på prinsippet om at forureinar skal betale. Men då kan dei andre forureinarane betale først. Som til dømes Kina.

Eg skal ikkje seie at born med astma som følgje av svevestøv er sosialt, men det er i alle fall ikkje like urettferdig som at eg må betale bompengar på veg til IKEA.

Lat meg gå nærmare inn på nokon av konsekvensane av bompengar. I går las eg i Nettavisa at folk som treng bil for å køyre til hytta vil måtte betale for det. Eg tar det ein gong til: Vanlege hederlige folk, kor einaste ønske er å få køyre bil til hytta, vil altså måtte betale for det. Eg vil gjerne parafrasere (i noko omskriven form) eit skilt frå skolestreiken for klimaet «Det er ikkje nokon vits i å ha ein leveleg klode å bu på om eg ikkje får køyre bil til hytta utan å betale for vegen eg køyrer på». Ein annan konsekvens av bomringar er at færre vil køyre bil og at fleire vil ta buss, gå og sykle. Det er som å kjenne ein kniv i hjartet.

Dessutan er bompengar usosialt. Eg skal ikkje seie at born med astma som følgje av svevestøv er sosialt, men det er i alle fall ikkje like urettferdig som at eg må betale bompengar på veg til IKEA. Eg meiner, kvifor i all verda skal ein måtte betale for vegar som kostar milliardar av kroner? Kvifor kan det ikkje berre vere gratis?

Det er jammen godt at Siv Jensen har kalla inn til krisemøte om bompengar. Onde tungar vil kanskje hevde at eit krisemøte om klimakrisa eller naturmangfaldskrisa kanskje hadde vore på sin plass. Men det kan vente til etter valet i haust. Klimakrisa spring jo ingen veg. Vi kan ta den opp att til neste år.

Andre vil kanskje innvende at bompengesaka får meir merksemd i media og omtanke av politikarane enn 40 000 klimastreikande ungdommar, klimafiendtlig oljeboring i Barentshavet eller dumping av millionar tonn gifitg gruveavfall til saman. Men igjen, desse problema spring ikkje frå oss. Vi kan prate om det seinare.

Nei, det er ikkje greitt å leve i dette landet lenger. Eg klarte liksom akkurat å la vere å bry meg når eg høyrte om krig, sult, klimakrise, og naturmangfaldskatastrofe. Men desse bompengane, det er så urettferdig at eg ikkje kan sitte stille og sjå på lenger. NOK er NOK!