Meninger

Nei, Une. Vi lever av olja. Alle saman.

Det er for lettvint å snakka som om vi kan løysa klimaproblema ved å verta som dei oljeimporterande nabolanda våre. Noreg er som ein heroinist som finansierer eigen rus ved å selja stoff til dei like narkomane kameratane sine.

“Det er ikkje olje vi lever av i dag”, kunne MDG-talsperson Une Bastholm forsikra partiet om under landsmøtet no i helga. Ho grunngav dette med at ni av ti nordmenn har ein jobb som “ikkje overhovudet er knytta til olja”, at oljeinntektene ikkje går inn på statsbudsjettet, og at velferdsstaten er finansiert av at folk flest er i jobb og at selskap flest betaler skatt.

Teknisk sett kan nok påstandane stå sin prøve på faktisk.no. Men når Miljøpartiet Dei Grøne, partiet som byggjer ideologien sin på innsikt i fysiske, økologiske samanhengar, snakkar om olje som om det var setelpressa i Noregs bank, eit spørsmål om bokføring av kroner og øre – då er det ikkje så rart om folk utanfor partiet himlar med augo. Eg har sjølv vanskeleg for å la vera.

For vi lever alle av olja. Eg veddar ein betre lunsj på at du som les dette har på deg klede som anten er laga av olje, eller av bomull som er sprøyta med oljebaserte sprøytemiddel, eller av merinoull som er frakta frå andre sida av jorda med oljefyrte skip. Kanskje sykla eller gjekk du til butikken då du kjøpte plagget, men til butikken kom varene garantert ein i lastebil fulltanka med dieselolje. Tok du sykkelen, kan eg forsikra deg om at kulelagra som får styret til å svinga fritt til høgre og venstre og pedalane til å snurra rundt ikkje inneheld rapsolje frå din lokale bonde. Den nylagde raude asfalten du kanskje trilla på, takk vere dei grøne politikarane du røysta på ved siste val, er heller ikkje mindre full av olje enn det svarte dekket bilane køyrer forbi deg på. Den kvite stripa som markerer sykkelfeltet er forresten plastmaling, men eg skal ikkje bry deg med å fortelja kva den plasten er laga av …

Dette veit Une Bastholm. Dette veit Arild Hermstad. Dette veit alle som har brukt meir enn fem minutt av livet sitt på å tenkja over fossil-økonomien. Det burde ikkje vera naudsynt å minna om det. Men når MDG gjennom fleire år har hamra inn ein bodskap som set likskapsteikn mellom “olja”, “norsk oljeindustri” og “statskassas avhengigheit av oljepengar”, går det på truverdet laust. Beklagar, Une, men det er for lettvint å snakka som om vi kan løysa klimaproblema ved å verta som dei oljeimporterande nabolanda våre. Noreg er som ein heroinist som finansierer eigen rus ved å selja stoff til dei like narkomane kameratane sine. Det verkeleg vanskelege problemet er å finna ein måte å takla livet på utan oljedop, å fjerna olja frå ein moderne industriell økonomi som treng det som drivstoff og smørjemiddel i alle tenkjelege og utenkjelege samanhengar. Løyser vi det, er det den minste saka i verda å slutta med langinga.