Når 10 meter avgjer at natur kan bli industriområde

10 meter er sikkerheitsmarginen som gjer at styresmaktene meiner vindturbinane på Guleslettene ikkje vil kunne forureine drikkevatnet til Florø.

Utsikt frå Guleslettene mot Florø. Fundament for vindturbinar til venstre og til høgre i bildet.

Foto: Jon Stavang

Ein liten notis i ITromsø vekte vindkraftmotstandaren i meg i mai. Nordlys Vind mistenkte at dei hadde forureina ei drikkevasskjelde på Kvaløya med hydrokarboner (olje frå vindkraftturbinar). Dei var i gong med å køyre ut vatn til dei berørte. Kommunelegen fulgte opp med at det forureina vatnet ikkje måtte nyttast til verken tannpuss eller kroppsstell. Vatnet var giftig.

Som vernepleiarstudent hadde eg nettopp levert den siste skriftlege oppgåva før sommarferien og kjente instinktivt at eg måtte sjå nærare på om dette. Eg måtte vite om det som hadde skjedd på Kvaløya potensielt kunne skje på Guleslettene i Kinn kommune, der eg bur. På Guleslettene blir det i dag bygd eit vindkraftverk beståande av 47 vindturbinar. Midt i kraftverket ligg Sagavatnet, Florø by si einaste drikkevasskjelde. Eg begynte undersøkingane mine på NVE.no og etter eit par timar med intens lesing var eg sjokkert. Og drikkevassforkjemparen i meg hadde fått ei brutal oppvekking. Målet var enkelt, Sagavatnet må vernast.

Sagavatnet forsyner i dag nesten 9000 menneske med reint, friskt kjeldevatn. Det forsyner alle institusjonar på Florølandet med vatn. I tillegg forsyner det viktig industri som Nor Tekstil, fiskeforedlingsbedrifter og oljeindustri med vatn. Sagavatnet er med andre ord ein kjelde til liv for Florø - både for folk og næringsliv. Korleis kunne dette vatnet ende opp midt i eit industrianlegg på det unike kystplatået Guleslettene?

Det enkle svaret er NVE – Norges vassdrags- og energidirektorat. Denne statlege etaten har ut i frå konsekvensutgreiinga som er pålagt vindkraftutbyggar å framstille, vurdert at Guleslettene har større samfunnsnytte som industriområde enn som urørt naturområde. Det er ei vurdering eg ikkje klarer å forstå uansett kor mykje eg prøver. Konsekvensutgreiinga på 167 sider framstår som eit utropsteikn for vern av dette heilt unike området i norsk kystlandskap.

11 vindturbinar vil bli plassert kun 100 meter frå tilsigsområdet til Sagavatnet.

Foto: Tone Garmager

Det er den omstridde vindkraftutbyggjaren Zephyr som no har sprengt fram nesten 50 km med veg og tilsvarande 25 fotballbaner med oppstillingsplass for 47 vindturbinar. Guleslettene vil trenge ei ny istid for å riste av seg den statleg legitimerte valdtekta av urørt natur. Det er mykje som burde vore skrive om NVE si saksbehandling av konsesjonssøknaden til Zephyr. Mange varsellamper har blitt oversett og tilsette i NVE si vindkraftavdeling må enten ha blitt forført av utbyggar sine visjonar eller vore fullstendig kunnskapslause. Det er den einaste forståelege forklaringa på at NVE har tillatt den galskapen det er å omringe ei viktig drikkevasskjelde med eit vindkraftverk. Sagavatnet er nemlig under direkte angrep av 11 vindturbinar som er plassert kun 100 meter frå tilsigsområdet til vatnet. I følge NVE vil ikkje turbinane kunne forureine drikkevatnet vårt. Dei begrunnar dette med at det kun er 90 meter frå bakken og opp til turbinhuset. Ved ein eventuell turbinvelt i retning Sagavatnet vil altså fleire tusen liter olje renne ut heile 10 meter frå tilsigsområdet, ned i ein berggrunn som av fleire blir sagt at består av mykje sprekker. Mi påstand er at om ein slik turbinvelt skjer midt under ein vinterstorm med vind som drar oljen i retning Sagavatnet, så er Florø på godt norsk «fucked». Vi vil bli fullstendig lamma og være avhengig av å kjøpe vatn til absolutt alt.

Det er så mykje meir å skrive, så mykje urettferdighet å belyse, så mange hensyn som bli oversett - men då blir dette innlegget altfor langt. Vindkraftutbygging i Norge bærer preg av å være pusha av lobbyistar med kapitalsterke klimafryktprofitørar i ryggen.