Leikeplass for kretslaup-økonomi

Skal vi greie å leggje om økonomien frå lineær til sirkulær, må nokon påta seg å gjere alle feila vi andre kan lære av. Ein bydel i Amsterdam har meldt seg til innsats.

Saskia Müller arbeider med å koordinere alle dei ulike aktørane som skal gjere Buiksloterham til ein sirkulær bydel.

Foto: Kjerstin Gjengedal

– Ta no berre dette flytande sanitæranlegget, seier Saskia Müller. Ho peikar ut av vindauget mot ein kanal eit par hundre meter unna, der vassverket held på å bygge eit nytt testanlegg som skal stå ferdig innan utgangen av året.

Anlegget skal samle kloakk og gråvatn frå 600 nye bustader i nabolaget. Frå kloakken skal det gjenvinnast næringsstoff som fosfor, som kan brukast til gjødsel. Restane skal bli til biogass som igjen kan bli elektrisitet. Frå gråvatnet, det som kjem frå dusjen og oppvaskkummen og vaskemaskina, skal restvarmen hentast ut og brukast til å varme opp bustadene. Alt i eit lokalt, lukka system.

– Og når ein seier det slik, så høyrest det veldig enkelt ut: Vi berre bygger eit avløpssystem og eit bioraffineri, flott. Men saka er at det må planleggast i samarbeid mellom alle partane heilt frå starten. Bustadane skal få vassbesparande vakuumtoalett, som fungerer litt annleis enn vassklosett. Mange av desse bustadene er tiltenkt ulike vanskelegstilte grupper. Alle bebuarane må lære å bruke toaletta på rett måte. Til dømes er det vanleg å reingjere toalettet med klorin, men det kan du ikkje gjere i dette tilfellet, for då drep du mikrobiologien i raffineriet. Så straks ein går litt djupare inn i prosjektet, forstår ein kor komplisert det er, fortel ho. Men: Dersom anlegget fungerer, kan det tene som modell for heile Amsterdam der store delar av avløpssystemet uansett må oppgraderast.

Sirkulært frå grunnen
Organisasjonen til Saskia Müller heiter Stadslab Buiksloterham Circulair, og arbeider med å leggje om Amsterdam-bydelen Buiksloterham (uttalast BAUKslåterham) til kretslaup-økonomi. Prosjektet starta i etterdønningane av finanskrisa og byggjer på nokre få grunnleggjande prinsipp, mellom anna at alle material skal nyttast slik at dei kan bli resirkulerte ved slutten av livslaupet, at biologisk mangfald skal ha fortrinnsrett, og at alle aktivitetar skal føre til verdiskaping i så mange tydingar av ordet som råd, ikkje berre økonomisk.

Men ingen av prinsippa kan bli omgjort til praksis utan samarbeid mellom alle dei involverte, fortel Müller, med referanse til det nye sanitæranlegget.

Kommunen er den vanskelegaste samarbeidspartnaren, og det er ikkje fordi dei ikkje vil, for det gjer dei. Det er fordi dei er gjennomsyra av ein «her gjer vi det slik»-kultur.

– Då vi starta arbeidet i 2014, hadde vi fått laga fleire fine rapportar, og eit manifest som var underteikna av alle aktørane. Men så skjedde det ikkje så mykje. Difor vart Stadslab Buiksloterham Circulair til. Ein kan ikkje berre seie «samarbeid», og så ordnar det seg. Du treng eldsjeler i dei ulike organisasjonane som vassverket, elverket og eigedomsutviklarane. Ein av funksjonane våre har vore å bringe desse enkeltpersonane saman så dei kan halde motet oppe hos kvarandre. Så det er eit sterkt sosialt element i denne satsinga, ikkje berre i form av å bygge fellesskap mellom innbyggjarane, men i form av å halde ved like entusiasmen i alle dei ulike organisasjonane. For det er dei som må gjere sjølve arbeidet.

Finanskrisa gav støyten
Buiksloterham er godt eigna til eksperimentering fordi bydelen er i ferd med å bli bygd opp nesten frå grunnen av. Det er eit tidlegare industriområde som no skal bli fylt med bustader og småbedrifter, som eit ledd i den massive utbygginga Amsterdam står midt oppe i. Skipsverft, bilfabrikkar og mekaniske verkstadar heldt til her, saman med ein og annan arbeidarbustad. Etter kvart som industrien vart nedlagt, vart bydelen ståande attgløymd med sine ruvande industribygg, men nesten utan folk. Mykje av jordsmonnet var sterkt forureina, og dei få verksemdene som sto att, hadde eit heller lyssky rykte.

I starten av 2000-talet byrja styresmaktene å arbeide med ein ny reguleringsplan for området, men akkurat då området skulle ut på marknaden, kom finanskrisa, og ingen utbyggjarar var interesserte. For å få noko til å skje, vart delar av området opna for utradisjonelle byggeprosjekt med berekraft som viktigaste kriterium. Det vart bestemt å la utbygginga i området skje stegvis og organisk etter kvart som gode idear oppsto.
– Desse sjølvbyggarbustadane bak kontoret her vi no står, var dei første som kom til, seier Saskia Müller. Ho viser fram eit stort kart spreidd utover fleire arbeidsbord i hjørnet av kontorlokalet.
– Sjølvbyggarane var pionerane, dei er entusiastiske og har idear og er godt i gang. No bur det 700-800 menneske i Buiksloterham, men planen er at det skal byggast 5000-6000 bustader, og lagast rom for 9000 arbeidsplassar.

Dei første tomtene i Buiksloterham vart leigd ut til individuelle og kooperative sjølvbyggingsprosjekt. Sjølvbyggarane har eksperimentert med berekraftige og rimelege bustader med god plassutnytting og tilrettelegging for ulike typar samvere.

Foto: Kjerstin Gjengedal

Fleire bustadprosjekt er under bygging og planlegging, slik som det flytande bustadkooperativet Schoonschip. Schoonschip skal produsere sin eigen energi som skal kunne overførast mellom bustadane ved hjelp av eit lokalt «smart» nettverk. Bustadane skal varmast opp ved hjelp av varme frå vatnet i kanalen, frå avløpsvatn og frå passiv soloppvarming. Flytande hagar og grøne tak skal bidra til biologisk mangfald og matauk, det skal byggast rom og uteplassar for felles fritidsaktivitetar, og medlemmane planlegg løysingar for felles matinnkjøp frå lokale produsentar, og for deling av ressursar for å minske avfallsmengdene. Schoonschip er eitt av bustadkompleksa som skal koplast til vassverket sitt eksperimentelle sanitæranlegg.

Dei første husa i det sirkulære, flytande bustadkomplekse Schoonship er på plass. Bustadane blir bygd på ulike stader og blir taua hit etter kvart som dei er ferdige. I løpet av 2019 skal 30 bygg vere på plass, inkludert eit samfunnshus for fellesaktivitetar.

Foto: Kjerstin Gjengedal

Eit anna døme er De Ceuvel, ei samling kontorbygg bygd på tomta til eit lite skipsverft etter at kommunen utlyste ein anbodskonkurranse om den beste berekraftige bruken av området. Fordi grunnen er sterkt forureina, kan De Ceuvel ikkje nyttast til bustader. I staden er utrangerte husbåtar blitt sett på land og ombygd til kontor. Mellom båtane går ein gangsti av tre som er heva opp frå bakkenivå. De Ceuvel samarbeider med universitetet i Wageningen om å bruke levande plantar til å reinse grunnen for miljøgifter. Bygningane er ikkje kopla til det offentlege avløpssystemet. I staden har dei vassbesparande komposttoalett, og gråvatnet blir reinsa ved hjelp av biofiltrering, før det blir brukt til å vatne plantane. Saman med vassverket forskar dei også på korleis dei kan produsere sitt eige drikkevatn lokalt. De Ceuvel har ein kafe bygd av gjenbruksmaterial, eit flytande hotell og eit kulturhus, og produserer sin eigen energi og dessutan biogass og grønsaker til kafeen.

Det gamle skipsverftet De Ceuvel er ombygd til eit kontorkompleks, som også fungerer som eksperimentell leikeplass for sirkulære og lokale teknologiar.

Foto: Kjerstin Gjengedal

Planlegging for ei uviss framtid
Ei av utfordringane ved å bygge bydelen stegvis, er å dimensjonere infrastrukturen på ein slik måte at den kan tilpassast ei utvikling der mykje enno er uvisst. Til dømes er det allereie bestemt at Buiksloterham skal ha mange færre parkeringsplassar enn det som er dagens standard, men kva skal då kome i staden? For eit par dagar sidan samla Müller folk frå nabolaget til eit møte om moglege mobilitetsløysingar, og spora etter møtet er framleis synlege på det store kartet der deltakarane har leika seg med å plassere nye sykkelvegar og parkeringsplassar for delekjøretøy.
– Dei fleste som skal bu her vil trenge ein bil no og då, så vi har starta eit pilotprosjekt med ei lokal oppstartsbedrift, der du kan få tilgang til den typen kjøretøy du treng, anten det er lastesykkel, scooter, liten eller stor bil – alt elektrisk – gjennom eit abonnementssystem. No har bedrifta fått tilgang til ein midlertidig stad å sette dei første kjøretøya, men på sikt må planen for området inkludere plassar for delingskjøretøy. Dette er eit felt der eg meiner kommunen er litt bakpå. Det er typisk at ein deler ut tomtar og startar å bygge først, og så tenkjer på mobilitet seinare, seier Müller.

Teknologien finst
Gjennom arbeidet har ho lært at hindringane ikkje ligg i teknologien, for den finst. Utfordringa er å endre kulturen for korleis ting kan gjerast.
– Kommunen er den vanskelegaste samarbeidspartnaren, og det er ikkje fordi dei ikkje vil, for det gjer dei. Det er fordi dei er gjennomsyra av ein «her gjer vi det slik»-kultur. Eg veit ikkje korleis det er i Noreg, men hos oss er det slik at all offentleg forvalting blir målt på effektivitet. Det gjer det vanskeleg å skape rom for innovasjon, for innovasjon inneber at ting ofte ikkje blir rett første gong, og det er tidkrevjande å gjere det på nytt. Men ein må gje folk sjansen til å prøve ut løysingar i det små.

Difor organiserer Müller stadig møte mellom innbyggjarar, bedrifter og politikarar, om mobilitet, om avfallshandtering, om grøntområde, om «smartgrids» for elektrisitet, og så vidare. Sjølv om Buiksloterham har eit langt mindre rebelsk utgangspunkt enn mange andre urbane berekraftsprosjekt, som til dømes Svartlamon i Trondheim, så deler dei opplevinga av at det offentlege i siste instans må vere med på laget for at resultata skal bli monalege og varige. Mange av eksperimenta i Buiksloterham dreier seg om infrastruktur, for energi, avlaup og transport, og slikt kan ikkje bebuarane ordne åleine.

– Ein kan jo ikkje gje innbyggjarane all råderett over utviklinga, men det veldig viktig at dei får medverke. Vi vil nok aldri få bydelen vår heilt sirkulær, til det er utviklinga allereie komen for langt – men det kan alltid bli betre. Og det beste er om vi kan finne ut av det saman med dei som bur og arbeider her, seier Müller.