Kastrer oksane og send dei til seters!

Betre dyrevelferd og kjøtkvalitet, mindre kraftfór og HMS-vanskar. Dess meir ein dykkar inn i kastrathaldet, dess meir undrar ein: Kvifor i alle dagar er ikkje dette norma?

Oksekalver i Telemark.

Foto: Kathrine Kinn

Nokre hyttefolk på Golsfjellet peika ein gong på ein bøling i nokre kratt og ytra bekymra ovanfor bonden dei prata med at dei hadde høyrd det gjekk oksar i området. «Her går det ingen oksar, berre kastratar,» hadde bonden smilt, og byfolka gjekk letta og tilfreds vidare.

Det er temperament, muskelmasse og fare for liv, helse og uynskt frieri som gjer at oksar må bli halde inne på bås eller innanfor gjerder du elles berre ville sett i eit høgsikkerheitsfengsel. Eg hadde sjølv ein okse ein gong då eg var barn, som klarde å rømme til eit skogsbeite tidleg om hausten. Han åt sopp og vart mannevond, uråd å fange. Ola-Oksen heitte han, og han vart skoten.

Digre sauar utan bjøller
Tjuge år seinare skulle eg altså koma til å prate med ein bonde frå Gol om ei spirande interesse - kastratar. Oksar med roleg lynne og saktare tilvekst enn sine fertile brør. Dyr som ikkje trengst sperrast inne av omsyn til HMS, og i staden for ein intensiv silo- og kraftfôrdiett i fjøset kan dei gå fredeleg rundt og fôre seg sjølv frå utmarkas festfat. Som sauar på 500 kg. Dess meir ein dykkar inn i kastrathaldet, dess meir undrar ein: Kvifor i alle dagar er ikkje dette norma?

Likestillingskampen må koma til fjøset!

For å sjå litt nærare på sjølve kastratinngrepet har eg spurd ein veterinær om praksisen. Fyrst blir oksen bedøvd slik at han legg seg ned og søv eller sløvar. Då får han lokalbedøving i pungen, før sædstrengane i båe ballane blir knipi av med ei lita tang. Så er det over. Absolutt og irreversibelt. Kjønnsdrifta blir borte og kanskje er det ømt nokre dagar. Tilbake får kastratane fridommen til å springe på beite i både innmark og utmark. Dei fleste blir også premiert med eit år ekstra å leve, fordi dei veks så mykje saktare.

Likestilling til fjøset!
Dyrevelferdsmessig er det eigentleg ganske slapt at ikkje fleire oksar blir kastrerte. For medan kyr har åtte vekers beitekrav, har fertile oksar ingen krav. Ingen krav blir fort ei kvilepute - kor mange er det som gidd å ordne beiter med oksesikre gjerder, når dei har binge og fôringsautomat inne? Men dei barske stutane fortener jo også gode liv. Likestillingskampen må koma til fjøset! Dei færraste oksar brukast til avl, då bør dei kastrerast. Slepp dei ut!

Kastratar på fjellet er på ein måte okseekvivalenten til mjølkekyr på setra. Den gongen utmarksressursane hadde høgare verdi såg ein mykje av det, men beiteverdien har tapt seg parallelt med stadig billegare kraftfôr. No er berre ein halv prosent av alt storfekjøt frå kastratar. Nedgang i seterdrifta er kanskje også ein drivande faktor for færre kastratar av reint praktiske årsakar. Bønder flest no har starta å vera på garden heile året, og kan enkelt sjå til inneoksane. Før var det vanlegare med konsentrert kalving på vinteren, og bufar opp til seters om sommaren. I eit slikt system er det praktisk å kastrere oksane og ta dei med på fjellet – til setra, eller andre plassar.

Over halve utmarkspotensialet er ubrukt. I ein marknad som er metta på sau er det difor viktig at storfe av begge kjønn no må ta i bruk det ubrukte.

Ekte kvalitet gir ikkje kvalitetstilskot
Noko som hjelper økonomien til eksisterande kastratbønder er om dei gjer direktesal og kan ta ut meirverdi på kjøtet. Høg kjøtkvalitet gjer nemleg kastratar lukrative. Dette handlar både om fråværet av kjønnshormonar, den langsame veksten, at kastratar stort sett har eit mykje meir aktivt liv og eit høgare inntak av friskt beite. Feittet blir marmorert, mørheita høgare og ukjende musklar på kastraten viser seg plutselig like møre som indrefileten. Det er eit tankekross det, i filetlandet Norge med underetterspurnad av mindre kjende kjøtstykker. Det er på tide med ein aldri så liten biff-revolusjon som premierer kvalitet over kvantitet. På den måten får ein faktisk kvantitet av kvalitet, som bidreg til høgverdig bruk av heile dyret. Tygg på den du.

Det må bli eit eige tilskot for kastratar, for det finnest ikkje i dag.

I forlenging av dette må eg trekke fram kvalitetstilskotet - ein viktig del av storfebondens økonomi i dag, innførd i 2014. Det ville vore flott om det tok for seg kvalitetar som kva dyra har spist og korleis dei har hatt det, men kvalitetstilskotet baserar seg utelukkande på feitt og kjøttfylde ved slakt. Inneoksen vinn over kastraten. Kvalitet? Pøh. Sjølv kallar eg det kjøttfyldetilskotet, og har oppmoda jordbruksfolk til å gjere det same, noko som tidvis blir møtt med rynka bryn g tidvis med smil og anerkjennande einigheit.

Treng ikkje koste ekstra
Alliansen ny landbrukspolitikk la i april fram ei seterpolitisk melding med åtte forslag til politiske tiltak. Fleirparten handla om kyrne og stølsmjølka, men det siste via me til kastratane. Det må bli eit eige tilskot for kastratar, for det finnest ikkje i dag. Til dette treng ein faktisk ikkje fleire pengar, ein kan fase det inn parallelt som ein fasar ut kjøttfyldetilskotet til inneoksar. Då stimulerer ein kraftig til at dei som har inneoksar og rikeleg med ubrukt beite endrar praksis. Dei som har inneoksar og ikkje beite derimot, dei har kanskje ein produksjon som ikkje svarar til driftsgrunnlaget på garden?

Jordbruksorganisasjonane sjølv ynskjer ikkje å ta vekk den eine gulrota til fordel for ein annan, men seier ja takk, begge deler, i sitt krav til jordbruksoppgjeret 29. april. Likevel er dei nyskapande, for eit kastrattilskot har ikkje pleidd å vera på agendaen.

Jordbruksoppgjeret revolusjonerer ingen ting
Kastratar vart dessverre ikkje nemnd med eit ord i statens tilbod, og av avtala som vart lagt fram og signert 16. mai kan me sjå at forhandlingane ikkje nådde fram. Soyatoll kunne vore eit anna kraftfullt tiltak for å heve utmarksverdien, men det vart korkje lagt fram som krav eller tilbod. Eit lite lyspunkt er ei tilskotsauke for storfe på utmarksbeite, men auka er ikkje så stor at den åleine vil stimulere til skifta driftsmetode hjå dei med inneoksar.

Neste år må det kraftigare krut til for å sette inneoksanes dyrevelferd og fôringsregime på dagsorden. Dette krutet kan ein ikkje rekne med kjem av seg sjølv: For å sette forhandlingspartane sine interesser på spissen har du jordbruket som ynskjer betre løn og regjeringa som ynskjer kostnadseffektivisering. Men jordbruksoppgjeret handlar om mykje meir enn pengar!

Me treng eit lyft av talerøyret for jordbruksbetinga biomangfald, kulturlandskap, trivsel for dyra, matsikkerheit og sjølvforsyning. La oss difor før dei neste jordbruksforhandlingane demonstrere framfor Stortinget med plakatar der det står: ”Kastrer oksane og send dei til seters!”