Meninger

Kan miljøproblema løysast med radikale middel?

Ideen om ei djuptgripande og lynrask grøn omstilling kan visa seg å vera ei blindgate.

Miljøvernarar med uttrykte politiske standpunkt på høgresida er sjeldan vare. Medan ei rekkje politiske parti på venstresida identifiserer seg som "grøne parti", høyrer det til unntaka (Venstre i Noreg er eitt) at parti på borgarleg side gjer krav på ein slik merkelapp. Det verkar underleg, særleg når det gjeld dei konservative partia. Å konservera tyder å ta vare på, og kva er vel då meir naturleg som fanesak enn å ta vare på livsgrunnlaget, sjølve skaparverket?

Trass dette: bortsett frå i konkrete vernesaker har miljørørsla fått lita støtte frå konservativt hald. Når konservative naturvernarar kjem på banen, er det attpåtil gjerne for å markera motstand mot vindmøller og annan infrastruktur som radikale miljøaktivistar meiner er avgjerande viktige for å nå klimamål. Og når miljøkampen vert ein kamp for å endra grunnleggjande strukturar i samfunnet – raskt! – ramlar dei konservative av lasset. For å vera konservativ er å vera djupt skeptisk til raske, djuptgripande endringar.

Konservative flest er ikkje bakstrevarar som står i vegen for alt nytt. Men radikale har ein fordel når det gjeld å profilera seg på miljøsaka: Dei står friare til å føreslå endringane som trengst, sjølv om dei er store, dyre og risikable. Og det er ikkje vanskeleg å argumentera for at om vi skal få gjort noko med dei store miljøproblema i tide, er det nettopp det vi treng. I miljørørsla har ikkje diskusjonen stått mellom radikale og konservative tilnærmingar, men mellom gradar av radikalisme. Treng vi eit heilt nytt økonomisk system, eller "berre" gjennomgripande reformar av det eksisterande? Kvotar og rasjonering som i ein krigsøkonomi, eller så høge miljøavgifter at kapitalismen omstrukturerer samfunnet for oss?

Det finst nokre miljøaktivistar med bakgrunn i konservative miljø, men dei står gjerne for ein konservatisme der just miljøkrisen rettferdiggjer bruk av radikale, kanskje til og med autoritære middel. Borgarlege flest får frysningar av slikt. Det var jo nettopp ynsket om å realisera himmelriket på jord, kosta kva det ville, som dreiv fram dei katastrofale eksperimenta med nazisme og kommunisme på 1900-talet. Konservative kan gjerne arbeida for miljøsaka, men ikkje med det same ambisjonsnivået som den radikale venstresida.

Då er det kanskje ikkje så rart at konservative flest finn seg heime i parti med kjernesaker som det med konservative middel er mogleg å oppnå. Senterpartiet er langt på veg nøgde så lenge vi bevarar jordbruksstøtta og tollvernet, Kristeleg Folkeparti så lenge vi ikkje avviklar skulegudstenestene og sjukeheimsprestane. Kvifor bruka tid og krefter på å driva eit konservativt grønt parti om du ikkje kan lova veljarane ei løysing på miljøproblema? Det høyrest ut som definisjonen på meiningsløyse.

Og det ville vera meiningslaust – dersom miljøproblema faktisk kan løysast med radikale middel. Det spørst om det er mogleg, anna enn på papiret. Empirien så langt er nedslåande. Sidan den moderne miljøkampen kom i gang på 1960-talet har dei største miljøproblema berre vakse i omfang og alvorsgrad. At miljørørsla skal lukkast i siste sekund verkar like sannsynleg som at det norske herrelandslaget skal vinna VM i fotball, når det normalt ryk ut i kvalifiseringa.

Men har vi eigentleg noko val? Må vi ikkje, i møte med ei så altomfattande krise, satsa alt på ei tilnærming som faktisk har ambisjonar om å løysa problemet – sjølv om det har vore så som så med suksessen hittil? Svaret er i siste instans avhengig av moralsk grunnsyn, og fleire tusen års arbeid med moralfilosofi har ikkje gjeve oss noko endeleg, objektivt svar på kva som er rett moral. Men ser vi meir pragmatisk på det, kan vi spørja kva vi kan gjera for å få eit best mogleg liv for oss sjølve og dei som kjem etter oss. Då er det klart at om vi som grøne tek på oss ei rolle som går over kreftene våre, vil vi mislukkast med å fylla den rolla – og, for å seia det med den stoiske filosofen Epiktet: den rolla vi kunne ha makta, den har vi late liggja.

Når vi ikkje let oss blenda av det vi likevel ikkje kan gjera noko med, kan vi sjå klarare kva vi faktisk kan gjera noko med. Vil vi gjera det beste ut av situasjonen vi no står i, kan ideen om ei djuptgripande og lynrask grøn omstilling visa seg å vera ei blindgate.