Meninger

Jo, vi vil ha eit mest mogleg effektivt økonomisk system

Grøn skatteveksling er nykelen til å halda økonomien i gang når produksjonen går ned.

I artikkelen "Gløym fritid – ned med produktiviteten" skreiv eg om korleis automatisering, robotisering og bruk av kunstig intelligens ikkje er noko godt, grønt argument for å redusera arbeidstida. Frå eit grønt perspektiv bør vi snarare setja automatiseringa i revers, og la menneske – med ekte intelligens! – utføra ein større del av arbeidet. Greier vi å skapa ein situasjon der det er mangel på arbeidskraft, snarare enn på arbeidsplassar, kan vi trygt leggja til side all radikal retorikk om å "jobba mindre for å dela på jobbane som er igjen".

Det er fullt mogleg å ta politiske grep for å setja i gang ei slik utvikling. Men det fyrste grepet er kulturelt: Dei grøne må slutta å sjå på arbeid som eit vonde vi burde ha minst mogleg av. Det er ikkje vanskeleg – det er berre å sleppa inn litt luft frå arbeidarrørsla og fagforeiningsland. Å ha arbeid er grunnleggjande bra for oss. Mennesket er skapt for å vera i aktivitet, og psyken vår er innretta slik at vi har eit ibuande ynske om å bidra, og ikkje berre vera ein byrde for andre. Jo, det finst dårlege arbeidsplassar og arbeidsoppgåver som er innretta slik at dei ikkje er bra for folk. Men målet må då vera å omskapa dei til anstendig arbeid. Mange såkalla "dritjobbar" er ikkje verre enn at mange av oss kunne tenkja seg å ha dei, så lenge arbeidstida ikkje var urimeleg lang, det sosiale miljøet godt, og så vidare. Det er ingen grunn til at ein reinhaldar på eit hotell skal ha det verre på jobb enn ein saksbehandlar i eit departement – men det kan henda at prisane på hotellrom må aukast ein del, og profitten til Stordalen & co reduserast ein del, for at det skal verta mogleg i praksis.

Dei grøne må slutta å sjå på arbeid som eit vonde vi burde ha minst mogleg av.

Norske politikarar og økonomar skryt gjerne av at vi har ein større del av folket i arbeid enn dei fleste andre land. Jau, ein arbeidsstyrke på 70 % av alle mellom 15 – 74 år, med låg arbeidsløyse innanfor arbeidsstyrken, er eit høgt tal i internasjonal samanheng. Og det må vera greitt at ein del av oss studerer, er reelt arbeidsuføre, eller står utanfor arbeidsstyrken for å gjera viktig arbeid i den uformelle økonomien. Men då må vi òg ta inn over oss at ein vesentleg del av dei som er i arbeid driv dagane med papirflytting og skjermstirring som reint faktisk ikkje gjer livet betre for nokon, at ein vesentleg del av dei som går på trygd kunne hatt arbeidsevne dersom arbeidslivet var innretta annleis, og at ein vesentleg del av dei som studerer reint faktisk ikkje lærer noko særleg av verdi.

For å endra dette trengst politiske kursendringar på fleire felt. I denne artikkelen skal eg ta føre meg det viktigaste: skattepolitikken som set rammene for økonomisk aktivitet.

Høg produktivitet og høgt forbruk finansierer velferdsstaten

Dagens velferdsstat er, om vi ser bort frå overføringane frå oljefondet, i hovudsak finansiert av inntektsskatt, trygdeavgift, arbeidsgjevaravgift, selskapsskatt og meirverdiavgift. Desse skattane står for nær 90 % av inntektene frå fastlands-Noreg til statskassa. Vi kan seia at både arbeid, produksjon og forbruk er skattlagt her i landet. Men skilnaden på desse tre skatteformene er heller overflatisk. Arbeider vi mindre utan å auka produktiviteten tilsvarande, vil inntektene frå alle desse skattane gå ned. På same måte vil statsinntektene gå ned dersom vi totalt sett skulle arbeida meir, men produsera mindre – slik vi må dersom vi vil redusera forbruket av fossil energi og andre ressursar.

Det er difor ansvarlege sosialdemokratar er så opptekne av å halda både arbeidsproduktiviteten og forbruket oppe. Velferdsstaten byggjer på det. Vil dei grøne forandra denne situasjonen, treng dei ein alternativ måte å finansiera offentleg sektor på, og dessutan helst nokre truverdige idear om korleis dei offentlege utgiftene kan reduserast.

Grøn skepsis til grøn skatteveksling

Finansieringa av offentleg sektor finst det eit godt, grønt svar på. Det er den grøne skattevekslinga som det har vore snakka om i femti år. Ideen er å senka skatten på arbeid – "det vi vil ha meir av" –, og dekkja inn tapet ved å auka skattane på forureining og ressursforbruk – "det vi vil ha mindre av".

Karving av ull på Natur og Ungdom-leir

Foto: Foto: Jørgen Næss Karlsen/Natur og Ungdom
Resultatet er at Venstre, med sin borgarlege skepsis mot skatt på arbeid og næringsliv, har vore nokså åleine å snakka om grøn skatteveksling, medan MDG har nøydd seg med ei heller dvask haldning

MDG har hatt ei heller lunka innstilling til denne ideen dei siste åra. Innvendinga er at vi ikkje kan basera statsfinansane på inntekter frå miljøskadeleg aktivitet. Dersom vi set miljøavgiftene høge nok til å nå ambisiøse miljømål, vil utsleppa og ressursbruken minka så mykje at det til slutt ikkje finst noko meir å betala skatt for. Grøne avgifter har ein tendens til å gjera seg sjølve overflødige. Dette problemet fekk vi nyleg illustrert då det kom fram at pengesekken for utbygging av kollektivtrafikk i Oslo har krympa, fordi trafikken av fossilbilar gjennom bomringen har gått så mykje ned. Bra for utsleppa og luftkvaliteten, mindre bra for kommuneøkonomien.

Resultatet er at Venstre, med sin borgarlege skepsis mot skatt på arbeid og næringsliv, har vore nokså åleine å snakka om grøn skatteveksling, medan MDG har nøydd seg med ei heller dvask haldning: "Jo, skattane må nok opp for å oppretthalda velferdsstaten samstundes som vi finansierer miljøtiltak, men vi likar det eigentleg ikkje, og kunne kanskje i grunnen tenkja oss lågare skattar ein gong i framtida."

Med dette kastar MDG bort det som kunne vore grunnsteinane for ein grøn skattepolitikk:

  1. At det finst mange ressursar som kan skattleggjast mykje tyngre enn i dag utan at "Oslopakke 3-effekten" slår inn, og at slik skattlegging i seg sjølv kan ha positive effektar for menneske, natur og samfunn.
  2. At reduksjon av skatten på arbeid, i tillegg til å ha positiv effekt på sysselsettinga og avlasta trygdesystemet, faktisk kan auka skattegrunnlaget for skattar på ressursbruk.

Grunnrenter og tomteverdiar

Nykelen er å skattleggja grunnrenter. Eg definerer då grunnrente litt breiare enn det som er vanleg når det er snakk om skattar på naturressursar som olje, fossefall og laksekonsesjonar, sjølv om det i prinsippet er snakk om det same: Grunnrente er det ein eigar kan ta seg betalt for ein ressurs som overstig kostnadene eigaren har til å produsera, vedlikehalda og tilgjengeleggjera ressursen. Grunnrenta er differansen mellom salsprisen, på den eine sida, og kostnadene til arbeidskraft og kapital på den andre. Difor er det grunnrente i oljeproduksjon: Olja kan seljast for mykje meir enn det kostar å pumpa henne opp. Det same i vasskraft: Elektrisiteten kan seljast for mykje meir enn det kostar å halda røyrgatene og turbinane ved like. Men det klassiske eksempelet på grunnrente, og ei av dei viktigaste potensielle inntektskjeldene i grøn skatteveksling, er ein annan naturressurs: tomter.

Du las rett. Tomter, som i jordstykka vi byggjer hus og gater og fabrikkar og parkar på. Kor mykje kostar retten til å bruka ei tomt? I skrivande stund er det ei bustadtomt på Grefsenåsen i Oslo til sals for 10 millionar kroner. Er du så heldig at du kan låna ein slik sum til 4 % rente, kostar det deg 400 000 kroner i året å kjøpa retten til å bruka tomta. Det er ikkje gratis å "produsera" ei slik bustadtomt – men det er heller ikkje langt unna. Riving av gamle bygg, rydding og omregulering kostar kanskje opp mot ein million. Av prisen på ti millionar står grunnrenta for minst ni. Vedlikehald og drift av ei råtomt kostar heller ikkje meir enn småpengar. Mange kapitalistar har slege seg opp ved å kjøpa billege tomter i utkanten av ein by i vekst, la dei liggja brakk i nokre år, og så selja vidare med gevinst. Dei har profitert på at det er naturen og samfunnet, ikkje tomteeigarar, som skapar tomteverdiar.

Ein annan illustrasjon på grunnrenta i tomter er å tenkja seg eit hus. Kva er verdien på ein bustad med alminneleg grei standard på Bygdøy, midt i hovudstaden? Kanskje 15 millionar kroner. Kva kostar eit identisk hus på Roa, ein times køyring nord for byen? Kanskje 3 millionar. Kva kostar det midt i djupaste Finnskogen? Kanskje 1 million. (Her snakkar eg ikkje om kostnadene ved å byggja nytt, men om verdien av eit bygg etter at det er oppført.) Størsteparten av dei økonomiske verdiane i norske bustader ligg ikkje i bordkledningar, takstein og parkett: Å kjøpa bustad handlar mest av alt å betala for retten til å bu på ein bestemt stad, å oppta plass på bekostning av andre. Det som driv opp prisen er tilgangen på god utsikt, arbeidsplassar, barnehagar, straumnett, vatn, kloakk, kollektivtransport og kulturtilbod.

Tomteverdet i Bjørvika i Oslo burde skattleggjast.

Foto: Christoffer Engström

Tomteverdiskatt er ein ideell grøn skatt

"Verdien av ei tomt er det tomta er verdt etter ein god brann."

La oss sjå dette opp mot påstanden i punkt nummer ein ovanfor. Kan tomteverdiar skattleggjast hardare enn i dag? Svaret er ja – elles ville ikkje råtomter i Oslo og Finnmark, som har same produksjonskostnad (tilnærma null) – gått for så vidt ulike prisar. Desse verdiane kan skattleggjast med ein form for eigedomsskatt som ser bort frå verdien av bygningar og infrastruktur sjølve tomta, men som reknar inn verdien av samfunn og natur, bygningar og infrastruktur rundt tomta. Økonomen Mason Gaffney seier det slik: "Verdien av ei tomt er det tomta er verdt etter ein god brann."

Er det praktisk mogleg? Definitivt. Dei fleste kommunar har allereie eigedomsskatt, og vi har dessutan eit eige system for taksering av bustader til formuesskatt. Dette kan tilpassast, eventuelt supplerast med taksering basert på satelittbilete og offentlege kartdata. Å taksera reine tomteverdiar er enklare enn å taksera eigedomar inkludert bygningsverdien, fordi ein ikkje treng ta omsyn til standarden på bygningsmassen. Det vil kosta litt å taksera alle landets eigedomar med jamne mellomrom, men ikkje mykje samanlikna med innkrevjingskostnadene for andre skattar, der det offentlege må bruka store ressursar på å motverka skattesnyteri. For tomteverdiskatt er så godt som umogleg å snikja seg unna. Du kan ikkje ta med deg ei tomt til utlandet, og vi har eit offentleg, påliteleg eigedomsregister som dekkjer heile landet.

Har ein tomteverdiskatt i seg sjølv positive effektar? Lista er lengre enn for dei fleste andre skattar. Skatten motverkar spekulasjon, fordi den som eig ei tomt utan å utnytta henne i tråd med reguleringsplanen vil måtta betala dyrt for det. Og dersom det offentlege investerer i kollektivtransport, skular og barnehagar slik at verdien av tomter i eit område aukar, vil skattegrunnlaget auka samstundes, i staden for at private eigarar og spekulantar stikk av med gevinsten av offentlege investeringar. Det er faktisk mogleg, som nobelprisvinnaren Joseph Stiglitz har vist, å fullfinansiera slike offentlege investeringar med tomteverdiskatt. Denne observasjonen er kjend som "Henry George-teoremet", oppkalla etter den amerikanske journalisten som populariserte ideen om tomteverdiskatt på slutten av 1800-talet.

Tomteverdiskatt har ein glimrande fordelingsprofil, sjølv med ein flat skattesats, fordi dei rikaste har ein relativt større del av verdiane sine sylta ned i tomter enn middelklassa har, og dei fattigaste ikkje eig tomter i det heile. Kva med dei som leiger bustad, vil mange innvenda – får ikkje dei lempa skatten over på seg? Nei: så lenge skatten ikkje er høgare enn grunnrenta, vil utleigarane tapa pengar på å prøva å auka leigeprisane tilsvarande skatten. Hugs at skatten ikkje er avhengig av dei faktiske leigeinntektene, men av inntektspotensialet i tomta, og at innføringa av skatten i seg sjølv ikkje aukar betalingsviljen eller -evna til leigetakarane. Tvert imot er det grunn til å tru at vi vil få fleire utleigebustader med ein slik skatt, fordi det vert dyrare å sitja på eigedomar som ikkje er fullt utnytta, særleg i byane.

"Fullt utnytta" høyrest kanskje skummelt ut for naturvernarar. Men ein tomteverdiskatt vil ikkje i seg sjølv auka presset på å byggja ut parkar og jordbruksjord. Takseringa vil ta omsyn til kva tomta er regulert til, så tomter der det ikkje er lov å byggja eller bruka til økonomisk aktivitet vil få ein skattemessig verdi nær null. Vil politikarane falla for freistinga til å auka skatteinntektene ved å omregulera grøne lunger til bustader? Sikkert – for det gjer dei allereie i dag. Men tomteverdiskatten kan like gjerne ha den effekten at politikarane vert meir merksame på kor store økonomiske verdiar dei grøne lungene tilfører samfunnet. Å tillata nedbygging av ein mykje brukt park vil til dømes vera risikosport for tomteverdiane i området.

Tomteverdiskatt går hand i hand med andre grøne skattar

Denne skatten er ein spesielt god ide kombinert med skattar på energiressursar. Å henta inn grunnrenta frå olje og vasskraft har Noreg lang erfaring med, gjennom skattar, avgifter og direkte eigarskap. Men i grøn samanheng er potensialet endå større. Hugs at grunnrenta oppstår som differansen mellom det folk er viljuge til å betala for ein ressurs og det det kostar å gjera ressursen tilgjengeleg. Eit tankeeksperiment som illustrerer potensialet er dette: tenk at vi stansar all ny utbygging av elektrisk kraft og samstundes set avgiftene på fossil energibruk så høgt at forbruket og CO2-utsleppa går mot null. Kva hender då med straumprisen? Han vil auka kraftig, fordi den økonomiske verdien av å ha tilgang på straum som erstatning for bensin og diesel er mykje høgare enn dagens straumpris. Denne auka er ei rein auke i grunnrenta: ein konsekvens av ein monopolsituasjon der tilbodet av elektrisk kraft ikkje kan aukast i takt med etterspurnaden. Kven tener på at straumprisen aukar? Det gjer staten, kraftkommunane og dei private selskapa som har teke over ein del av vasskraftverka her i landet. Vil staten strupa profitten til desse private eigarane, er det berre å auka eigedomsskatten på kraftverk. Den samla straumprisen vil ikkje verta høgare av det, av same grunn som at huseigarar ikkje kan lempa ein tomteverdiskatt over på leigetakarar. Når folk kjøper straum til prisar himmelhøgt over produksjonskostnaden (som for eit nedbetalt vasskraftverk er 3–4 øyre/kWh!) er det verdien forbrukarane har av straumen som bestemmer prisen.

Å redusera skatten på arbeid er det same som å gje folk flest meir pengar mellom hendene.

Foto: Dmitry Ratushny

Så til det andre punktet, om at reduksjon av skatten på arbeid faktisk kan auka skattegrunnlaget for grunnrenteskattar. For å forstå dette er det berre å tenkja seg kva du ville gjort om du, som ein vanleg norsk lønsmottakar, over natta fekk dobbelt så høg kjøpekraft. Oddsen er høg for at du ikkje berre ville auka forbruket. Du ville sjå deg om etter ein ny, dyrare bustad; kanskje eit hus med større plass til ungane, eller ei meir sentral leiligheit med kortare veg til jobb og kulturtilbod. Tenk deg no kva som ville henda om alle fekk høgare kjøpekraft: det ville, mellom anna, driva opp prisane på fast eigedom, altså tomteverdiane. Å redusera skatten på arbeid er det same som å gje folk flest meir pengar mellom hendene. Dette pressar eigedomsprisane oppover, og er med på å sikra grunnlaget for tomteverdiskatten (som isolert sett vil pressa prisane i motsett retning). Og ikkje nok med det: lågare skatt på arbeid bidreg til fleire arbeidsplassar, ved at aktivitetar som i dag er marginalt ulønsame vert marginalt lønsame. Alt dette er mogleg fordi vi i eit skatteskifte ikkje aukar den gjennomsnittlege kjøpekrafta. Vi flytter kjøpekraft, frå dei som legg mest beslag på ressursar, til dei som skapar størst verdiar.

Skatten på arbeid kan kuttast på mange måtar.

Kva bør kuttast fyrst i den grøne skattevekslinga? Her finst det fleire gode kandidatar. Di meir progressiv inntektsskatten er, med høge satsar for dei høgaste inntektene, og høge frådrag for vanlege lønsmottakarar, di meir vil inntektsskatten fungera som ein indirekte grunnrenteskatt. (Dei høgaste inntektene kjem som regel frå fast eigedom eller eigarskap til naturressursar.) Kutt i arbeidsgjevaravgifta vil stimulera meir direkte til fleire arbeidsplassar. Vi skal heller ikkje undervurdera kutt i meirverdiavgifta, som for dei med låge inntekter, som har lite til overs til sparing, fungerer som ein indirekte, flat skatt på inntekt. Som tidlegare nemnt er skatt på inntekt, produksjon og forbruk på mange måtar tre sider av same sak. Difor må det vesentlege vera retninga vi utviklar skattesystemet i. Detaljane kan og må bestemmast av politiske forhandlingar.

Det partiet som vågar å gå hugheilt inn for grøn skatteveksling, ikkje som ein lita kortsiktig reform, men som ei langsiktig kursendring på veg mot målet om minst mogleg skatt på arbeid og mest mogleg skatt på ressursbruk, vil kunna argumentera i skattepolitikken med ein fynd og klem vi ikkje har sett sidan Carl I. Hagen var på høgda.

Men kva med vekstkritikken oppi alt dette? Vil vi verkeleg ha eit skattesystem som stimulerer mest mogleg effektivt til økonomisk aktivitet? Eg meiner svaret må vera eintydig ja. Det som kan – og må – føra til stans i den økonomiske veksten er at vi set grenser for bruken av fossile brennstoff. Då er det avgjerande å ha ein politikk som får mest mogleg fart på økonomien innanfor desse grensene. Det fine med å basera skattesystemet på grunnrenter er at vi brukar det same hovudgrepet for å skapa fleire arbeidsplassar som for å redusera miljøbelastninga.

Grøn skatteveksling har moralsk pondus

Det partiet som vågar å gå hugheilt inn for grøn skatteveksling, ikkje som ein lita kortsiktig reform, men som ei langsiktig kursendring på veg mot målet om minst mogleg skatt på arbeid og mest mogleg skatt på ressursbruk, vil kunna argumentera i skattepolitikken med ein fynd og klem vi ikkje har sett sidan Carl I. Hagen var på høgda. Det du legg beslag på skal du skatta til fellesskapen av – anten det er tomter, elektrisk kraft eller andre begrensa ressursar. Det du skapar skal du få bestemma over sjølv – fordi du med å skapa reelle økonomiske verdiar faktisk bidreg til fellesskapen. Dette er politisk og retorisk sprengstoff som eit grønt parti kunne bruka til å gå både Arbeidarpartiet og Framstegspartiet i næringa. Men slik det ligg an i dag, ville eg ikkje setja pengane mine på at MDG plukkar det opp før Senterpartiet eller Venstre gjer det.