Ja, men kva med..?

Har du høyrt om «whataboutism»? Truleg vert du utsett for fenomenet dagleg.

Iallfall om du brukar sosiale media, les nyheiter og bryr deg om politikk. Og om du har ungar. Eg skal forklare, men la oss fyrst prøve å lage eit norsk ord i staden. Kan «kva-med-isme» fungere?

For tida finn eg kva-med-isme over alt. Særleg sidan eg gjerne vil halde meg oppdatert på tema som miljø og klima. Straks nokon meiner at ein skal ete mindre kjøt, svarer nokon «ja, men kva med flytrafikken!» Straks nokon seier ein bør kjøpe elbil, kjem andre og seier «ja, men kva med alle dei i Kina!» Og når politikarar samlast til klimatoppmøte, seier folk «ja, men kva med privatflya dei reiste med til Davos!»

Dei som brukar kvamedismer har ofte eit godt poeng. Ofte peikar dei på mangel på perspektiv og kunnskap, på framlegg som er ute av proporsjon eller dårleg samsvar mellom liv og lære. Heilt på sin plass. Kvifor føler eg likevel det er naudsynt å seie noko om denne forma for kommunikasjon?

La meg illustrere ved å sitere eit par ekspertar på kvamedismer, ungane mine. Heime kan ein ofte høyre utsegn som «Rydde på romet mitt? Ja men sjå korleis bror min har rota i stova, der er det mykje verre!» og «Kvifor må eg skru av playstation, kva med bror min, han fekk spele mykje lenger i går!» Desse argumenta er jo ikkje direkte feil. Likevel er dei langt frå konstruktive og diskusjonen gjer ikkje kvardagen enklare.

Wikipedia definerer «whataboutism» som ein diskusjons- og propagandateknikk som vert bruka for å diskreditere påstandar frå ein motstandar, ved å rette skuldingar tilbake om hykleri, utan direkte å føre prov om at påstanden var feil. Whataboutism «fungerer som en avledningsmanøver». Dette siste stemmer iallfall godt for jamenkvamed-situasjonane i heimen. Tenk om eldstemann i staden sa: «Ja, eg kan rydde romet, men det er vel i grunn meir rot i stova. No når me får gjester, er det vel betre at me saman ryddar opp der inne?» Vips, endrar meininga seg frå å vere ein trassig avleiingsmanøver vekk frå kravet om å rydde, til å bli eit konstruktivt forslag.

Tenk om me også kunne vri litegrann på argumentasjonsforma i klima- og miljødebatten! Det hender eg les kvamed-utsegn og får ei trist kjensle av at heile poenget med argumentet er å kjøpe seg fri frå å gjere endringar sjølv. Å sleppe unna skuldkjensle, å skuve fokus over på dei andre. Dei i Kina og India, dei som et kjøt, dei som har Tesla eller dei som ikkje har det...

Faktum er at me alle er miljøhyklarar. Det er ikkje vits i å forsvare seg ein gong. Nokre sorterer ikkje søpla og andre køyrer SUV. Du flyg for ofte til Syden og eg kjøper for mange klede. Ingen kjem unna den murrande skuldkjensla, så kan me ikkje heller senke guarden og snakke saman på ein ordentleg måte? Kva kan me faktisk gjere? Kva for tiltak er relevante, kva bør me prioritere? Eg håpar på konstruktive politikarar som vågar å kome ned frå partiskansane og let vere å slenge kvamed-skuldingar i aust og vest. Eg håpar på vedtak som gjer det enklare og billegare for alle å gjere gode og miljøvenlege val i kvardagen.

Ungane mine kjem til å halde fram med kvamed-argumenta sine. Men for deira skuld og alle dei andre som skal arve jorda, håpar eg at me vaksne kan kome vidare i retning meir konstruktive formar for diskusjon.