- Hadde miljøpolitikken vore ei skuleoppgåve hadde regjeringa fått stryk

Vi har samlet noen høydepunkter fra appellene foran Stortinget på klimastreiken 22. mars - både i tekst og video.

Reportasje fra klimastreiken foran Stortinget 22. mars.

Gaute Eiterjord, leder i Natur og Ungdom:

Så lenge eg har levd har politikarne visst om klimakrisa. Dei har visst kor farleg den er, og kva som trengst for å løyse han. Likevel har dei unnlatt å handle.
Me vil ikkje lenger stå å sjå på dette generasjonssviket og at regjeringa stel framtida vår! Me er lei handlingslamma politikarar, og derfor er me nå millionar av unge som seier frå over heile kloden.
Hadde miljøpolitikken vore ei skuleoppgåve hadde regjeringa fått stryk. FNs klimapanel seier me må halvere utsleppa innan 2030. Regjeringa vil kutte knappe 12 %. Det er dei som skulkar unna, ikkje oss!

Etter me sette i gang desse streikane sa regjeringa at dei ville invitere oss til klimatoppmøte for å få innspela våre. Ærleg talt, det er ikkje fleire møte som trengst for å løyse klimakrisa! Det er fleire tiltak. Teknologien og tiltaka for å løyse klimakrisa finst. Det er berre vilja og prioriteringsevna dokkar det står på!
Det har vore nok møte kor unge får høre “det er bra dei er engasjert” mens politikarane ikkje gjer noko endring av kursen som tar oss på stø kurs mot klimakatastrofe.
FNs klimapanel seier me har eit par år på oss å snu utviklinga og få utsleppa ned. Noreg er eit av dei einaste landa i Europa med høgare utslepp nå enn i 1990. Regjering etter regjering har utsett problemet. Og dei pøser på med meir av feil medisin.

Førre torsdag, same dag som 4000 ungdommar var samla på Torgallmenningen i Bergen, ga regjeringa 90 nye løyve til oljeleiting. Er Erna Solberg noko betre enn ein klimafornektar når ho handlar som om klimakrisa ikkje er ei krise?
Det er på høg tid å seie nei til oljeletinga. Me kan ikkje leite etter meir, når alle klimaforskarane seier me har funne for mykje. Stans oljeleitinga, og start omstillinga av økonomien vår! Noreg er for oljeavhengig, og skal me som er unge ha både eit klima og eit velferdssamfunn i framtida så må me ha nye klimajobbar som ikkje koker kloden.
Og så vil eg seie ein siste ting til dokker som er her i dag: Dette massive engasjementet er nødt til å fortsette! La dette bli den første av mange dagar kor me seier ifrå at me er lut lei av politikarar som øydelegg framtida vår!
Organiser deg, bli med i ein miljøorganisasjon eller eit ungdomsparti, bruk røysta di i elevrådet og snakk med foreldre og vaksne om at dei må ta ansvar. Delta i val. Me kan alle gjere ting sjølv i våre eigne liv, men ansvaret ligg hos dei me har valt til å styre! Det er dei som har skapt desse problema, og dei må løyse dei!
Den rørsla me har skapt her i dag skal forandre verda, og me gir oss ikkje! Dette er berre byrjinga. Takk for meg!

Tina Razafimandimby Våje, tidligere medlem i barnas Klimapanel, medlem av Natur og Ungdom og Changemaker:

Hei, jeg heter Tina. Jeg er en ufrivillig miljøaktivist. Jeg vil ikke at det å bry seg skal være forbeholdt "spesielt interesserte". Om de eneste som reagerer på urettferdig fordeling av ressurser, klimaflyktninger som må reise på grunn av stigende havnivå og naturkatastrofer, masseutryddelse av arter og tradisjonelle, tiltaksløse voksne folk... Om de eneste som reagerer er "spesielt interesserte" kommer vi ikke langt. Klimakamp er for alle. Vi må bli en del av en mengde. Men jeg ser det jo nå. Tiden for miljøaktivister er over, for miljø er ikke lenger en sak for spesielt interesserte!

Hulda Holtvedt og Teodor Bruu, talspersoner i Grønn Ungdom:

(...) Mens norske politikere på høyre- og venstresiden har vært opptatt med å bygge flere motorveier og åpne flere oljefelt, så har klimaendringene kommet. I fjor sommer døde mennesker av hetebølger her i Europa. Denne uka har 1000 mennesker mistet livet og 400 000 mistet hjemmene sine etter en syklon i det sørlige Afrika. I Mosambik er en havneby på størrelse med Oslo totalt rasert. Dette er klimaendringene. Det tar liv, ødelegger liv og driver mennesker på flukt. Det er riktig å være redd. Men det der også håp. Det er ennå ikke for sent å bygge en framtid som er trygg for alle.
Det er noen sin feil at været blir varmere og villere for hvert år som går. I Norge er det skjønn enighet mellom de store partiene om at vi skal fortsette å bore etter olje og gass. Høyre, Fremskrittspartiet, Senterpartiet og Arbeiderpartiet har alle styrt Norge og valgt å ikke gjøre noe med klimaendringene. De mektigste politikerne i de største partiene i Norge er fortsatt, den dag i dag, mer opptatt av å tjene penger enn å redde planeten vår. (...)