Meninger

Gløym fritid - ned med produktiviteten!

Den grøne argumentasjonen for redusert arbeidstid er full av logiske bristar og sjølvmotseiingar. I eit fossilfritt samfunn må vi alle belaga oss på å jobba meir, ikkje mindre. Heldigvis kan det vera minst like bra, både for oss sjølve og miljøet, som å få meir fritid.

I sommer publiserer vi godbiter fra arkivet. Denne artikkelen ble først publisert 31. januar 2020.

Produktivitetsvekstens janusandlet

"Jobb mindre, lev meir!" har vore eit slagord for den radikale grøne rørsla i fleire tiår no, og redusert arbeidstid har lenge vore ei fanesak for MDG. Partiet argumenterer for at vi bør ta ut produktivitetsveksten i form av meir fritid, heller enn høgare løn, eit standpunkt det deler med Framtiden i våre hender og Natur og Ungdom.

Ideelt sett hadde nok dei grøne kunna tenkja seg å kutta både arbeidstida og lønsnivået, ut frå visjonen om å "dela på jobbane". Pengane bedriftene sparar på å kutta løna til dei som får kortare arbeidsdag kunne då brukast til å sysselsetja folk som elles ville gå ledige. Men sidan det er vurdert som urealistisk å få til, i alle fall så lenge arbeidsløysa er låg, vert konklusjonen gjerne at vi bør kutta arbeidstida gradvis i takt med produktivitetsutviklinga i samfunnet - i praksis slik at folk får litt meir fri kvart år i staden for litt meir løn.

Sidan det finst spørjeundersøkingar som viser at eit fleirtal av folket, gjeve valet mellom meir pengar og meir fritid, seier at dei vil velja sistnemnde, er det mange som meiner at dette er ei potensiell vinnarsak for dei grøne. Kva meir kan ein be om enn politikk som både hindrar forbruksvekst og gjev folk meir av det dei helst vil ha?

Ved å fokusera på fridagar snarare enn dagleg arbeidstid – ein ide Per Espen Stoknes har fronta som MDG-representant – unngår dei grøne dessutan ein del praktiske motargument. I dei fleste bransjar vil det vera enklare å få bemanningskabalen til å gå opp med fleire fridagar kvart år enn dersom den daglege arbeidstida skal kuttast med nokre minutt frå år til år. Og det er ikkje så få fridagar det er snakk om. Ei moderat lønsauke på 1,5 % kostar samfunnet om lag det same som å gje dei tilsette tre og ein halv arbeidsdag ekstra fri - eller ei ekstra ferieveke ca anna kvart år.

Hovuddrivkrafta for produktivitetsveksten er ei auke i forbruket av energi - fossil energi.

Vi likar å fortelja oss sjølve at den enorme veksten i arbeidsproduktivitet sidan den industrielle revolusjonen er eit produkt av menneskeleg oppfinnsamheit og rasjonalitet. Det er sant, men det er berre halve sanninga. Det som har gjort det mogleg for ein mann å gjera det som tidlegare var hundre manns verk er i botn og grunn ein einaste ting: tilgangen på store mengder magasinert solenergi i form av fossile brennstoff. Den teknologiske utviklinga dei siste 250 åra handlar stort sett om å finna stadig smartare måtar å bruka kol, olje og gass til å gjera jobbane som tidlegare måtte gjerast med muskelkraft frå menneske og dyr. (Storskala vasskraft og atomkraft er berre delvise unntak: det er fossil energi som gjer det mogleg å utvikla, byggja og driva slike kraftverk.)

Målt i produksjon per forbrent kalori eller forbrukt watt har vi ikkje effektivisert økonomien i det minste. Vi har snarare sløsifisert.

1 liter flytande drivstoff inneheld rundt 8000 kaloriar (kcal). Talet er omtrent det same for diesel, bensin og vegetabilske oljer. Det er energi nok til å livnæra fire kontoristar – eller ein kroppsarbeidar – i ein heil dag. Då er det ikkje vanskeleg å skjøna at ein gravemaskin som brukar 30 liter diesel i timen – 240 liter på ein normalarbeidsdag – kan gjera hundre manns verk og vel så det. Dette er hovudforklaringa på at dagens økonomi er så mykje meir effektiv – målt i produksjon per menneskeleg arbeidstime – enn økonomien i førindustriell tid. Målt i produksjon per forbrent kalori eller forbrukt watt har vi ikkje effektivisert økonomien i det minste. Vi har snarare sløsifisert.

Målt i rå energi er muskelkraft nemleg effektiv som berre det. Ta til dømes transport: Å gå til fots kostar rundt rekna ein kalori per kilo kroppsvekt. Ein person på 75 kg greier då dryge 100 km på energien i ein liter bensin. Det er tre–fire gonger meir enn ein drivstoffgjerrig fossilbil, og 60 % meir enn ein typisk el-bil. Eller ta reinhald. Det er meir lettvint å støvsuga enn å kosta og feia, men sjølv ein "energieffektiv" 900-watts støvsugar forbrenn ti gonger så mykje energi per minutt som ei hardt arbeidande husmor.

Dette reknestykket viser ikkje heile biletet. Bilar treng gode vegar, parkeringsplassar, verkstader og fyllestasjonar. Produksjonen av bilar – ikkje minst dei som går på batteri – elbilar – krev store mengder energi og material, som igjen krev ein avansert, energislukande global infrastruktur av gruver, fabrikkar og tungtransport. Støvsugarproduksjon – ikkje minst dei nymotens, batteridrivne modellane – treng mykje av det same. Fotgjengaren treng i høgda nokre klesplagg og godt fottøy for å kunna bevega seg effektivt gjennom nesten all slags terreng. Dette kan produserast lokalt med enkle middel, akkurat som støvklutar og såpe til husmora kan det.

På energien i ein liten bensin kan du gå dryge 100 km. Det er tre-fire gonger meir enn ein drivstoffgjerrig fossilbil, og 60 % meir enn ein typisk el-bil. Og du kan gjere det i nesten all slags terreng.

Foto: Darya Tryfanava/Unsplash

Det er ingen tvil om at bilar og støvsugarar får fart på kvardagen, men om det faktisk er meir effektivt kjem an på kva slags effektivitet vi snakkar om. Grøne krefter bør i høgste grad halda seg til ein definisjon av effektivitet som reknar med bruken av energi og material. Når Statistisk Sentralbyrå melder om at produktiviteten har gått opp, bør dei grøne kasta eit kritisk blikk på forbruket av elektrisitet, drivstoff og importvarer før dei konkluderer med at vi skal "ta ut" denne produktivitetsveksten på nokon som helst måte.

Potensialet for vekst i arbeidsproduktivitet er for det meste teke ut.

Det er enklast å auka arbeidsproduktiviteten der manuelt arbeid enkelt kan erstattast med maskinar. Dette er i moderne økonomiar allereie gjort i jordbruket, skogbruket, fiskeria, gruvedrifta, industrien og – ikkje minst – i hushaldningane. Hest har fått vika for traktor, øks og bogesag for motorsag og skogsmaskin, årer og segl for motordrivne fiskeskøyter og trålarfabrikkar, hammar og spett for sprengstoff og tunnelboremaskinar, vaskebrett og feiekostar for vaskemaskinar og støvsugarar.

Det er ikkje umogleg å tyna endå meir produksjon ut av kvar arbeidstime i desse sektorane, men potensialet som gjenstår er mykje mindre enn det som alt er teke ut. Før vaskemaskinane kom på marknaden var det vanleg at heile storfamilien (i alle fall kvinnene) brukte ein heil dag kvar veke, frå morgon til kveld, på klesvasken. Dei fyrste, enkle vaskemaskinane gjorde det mogleg for ei husmor å gjera heile jobben åleine, og attpåtil ha tid til å gjera andre ting den dagen. Det var ei forbetring på ein skala vi kan sjå langt etter i dag – om det så kom ein kombinert og heilautomatisk vaskemaskin, tørketrommel og strykemaskin som faktisk fungerte utan å øydeleggja klesplagga. Ja, ein slik maskin ville spara ein del arbeid, men ikkje meir enn ein handfull timar i veka for ein gjennomsnittsfamilie. Og denne maskinen ville garantert kosta minst det dobbelte av dagens utstyr. Kanskje endå viktigare er skilnaden i kompleksitet: medan eit slikt heilautomatisk vaskeapparat ville vera så avansert at ingen einskildperson ville vera i stand til å forstå eller reparera alle delar av maskinen, er ein tradisjonell vaskemaskin ei enkel innretning som fint kan produserast heilt utan avansert elektronikk, og reparerast av ein alminneleg nevenyttig person.

Frå tredje til fjerde generasjon er det ikkje sikkert at den auka kompleksiteten og kostnaden veg opp for ei marginal auke i effektiviteten.

Hovudregelen er denne: overgangen frå manuelt arbeid til maskinar gjev eit kjempesprang i produktivitet. Overgangen frå dei fyrste, enkle maskinane til neste generasjons utstyr kan lyfta produktiviteten endå eit bra hakk. Frå andre til tredje generasjon er gevinsten mindre og kostnaden høgare. Frå tredje til fjerde generasjon er det ikkje sikkert at den auka kompleksiteten og kostnaden veg opp for ei marginal auke i effektiviteten. Dei som har studert litt økonomi vil kjenna att dette som lova om avtakande grensenytte.

Når bonden åleine frå styrhuset i traktoren driv eit areal som tidlegare ville sysselsett ein heil storfamilie og ein stall med hestar, og dieselkraft har erstatta muskelkraft i skogar og steinbrot, nesten alle forbruksvarer kjem frå masseproduserande fabrikkar og nesten all transport av folk og varer føregår i maskindrivne farkostar – då er det ikkje lenger mogleg å auka arbeidsproduktiviteten økonomien som heilskap med 5 % til 10 % i året, slik det ein gong var. For det å auka produktiviteten i sektorane der folk flest jobbar i dag er heller ikkje enkelt.

(Saka fortsette etter annonsen)

Kostnadene ved å auka arbeidsproduktiviteten i teneste- og velferdsøkonomien er ofte større enn gevinsten.

Ta til dømes utdanningssektoren. Ein veldig enkel måte å auka arbeidsproduktiviteten på skulane på, målt i gjennomstrøyming av elevar per lærar-arbeidstime, ville vera å gjera klassene større. Om alle skulane i landet som har tre parallellklasser kunne slå dei saman til to, og kutta ein tredjedel av lærarstillingane, ville det gjera underverk for kommuneøkonomien på kort sikt. På lang sikt veit vi at vinninga fort ville gå opp i spinninga. For dei lærarane som var att ville få auka arbeidspress, vera meir sjuke, og ha mindre tid til å fylgja opp elevane som treng det mest. Fleire elevar kunne koma til å falla utanfor og dukka opp som utgiftspostar i trygdevesenet og fengselssystemet seinare i livet.

Det tyder i klartekst at skattane må opp – eit politisk standpunkt som ytterlegare låser dei grøne til å samarbeida mot venstre.

Nei, det er ikkje umogleg å effektivisera skulane. Det er klart at ein skikkeleg god lærar kan gje kompetent undervisning og oppfylging til fleire elevar enn ein dårleg lærar kan. Kompetanseheving og fjerning av unødvendig byråkrati er vel og bra. Men det er like klart at det finst harde grenser for kor mykje det er mogleg å effektivisera ein skule, eller ein sjukeheim, eller ein barnehage, utan at det går ut over kvaliteten på tenestene. Og går kvaliteten ned, fører det gjerne til problem som skapar kostnader andre stader.

Dette problemet ser både MDG og andre grøne som orienterer seg mot venstresida. Resultatet er at det vert endå vanskelegare å grunngje at arbeidstida skal kunna reduserast på grunnlag av produktivitetsveksten i økonomien. For dersom arbeidarane i velferdssektoren skal skjermast for krav om å springa fortare, og skular og barnehagar og sjukeheimar skal bemannast i minst like stor grad som i dag, er i hovudsak næringar i privat sektor som må bera kostnaden ved å redusera arbeidstida på desse arbeidsplassane. Det tyder i klartekst at skattane må opp – eit politisk standpunkt som ytterlegare låser dei grøne til å samarbeida mot venstre.

Nerol økologiske andelshage er ei andelsgard i Hol i Hallingdal som har fokus på inkludering.

Foto: Miriam Andrea Jøms

Effektivisering av arbeidsplassar påfører i seg sjølv samfunnet kostnader.

Men når vi effektiviserer bort jobbar som er trivelege, meiningsfylte og varierte, påfører det samfunnet eit tap.

Så lenge automatisering og robotisering gjer at folk slepp å ha livsfarlege og helseskadelege arbeidsoppgåver, og så lenge det finst andre arbeidsoppgåver som dei kan få betalt for å gjera, vil det vera eit gode for samfunnet at bedriftene effektiviserer drifta. Men når vi effektiviserer bort jobbar som er (eller kunne vore) trivelege, meiningsfylte og varierte, påfører det samfunnet eit tap. Dersom det attpåtil er mangel på trivelege, meningsfylte og varierte arbeidsplassar til dei som misser jobben til ein datamaskin eller robot, står vi igjen med eit stort samfunnsproblem. For er det ein ting den norske velferdsstaten har lært oss, er det at folk ikkje trivst med å gå på trygd fordi samfunnet har fjerna alle arbeidsoppgåvene dei kunne ha gjort.

Vi har allereie fjerna ein stor del av arbeidsplassane som kunne sysselsetja skuletrøytte ungdomar. Det er ikkje lenger enkelt å få hyre på ein båt eller få betalt for å sjaua på fabrikken rett ut frå grunnskulen. Dette er ei sterkt medverkande årsak til at vi i dag har ein generasjon unge menn som aldri kjem seg ut av kjellarstova til mamma. Rett nok er det enno mogleg for dei med pågangsmot og gode sosiale evner å få seg jobb i varehandelen og tenesteyting. Men når butikkarbeidsplassane forsvinn til fordel for dataterminalar og netthandel, og sushien kjem til deg på rulleband i staden for på serveringsbrettet til kelneren, vil mennene i kjellarstovene fort få selskap av systrene sine. Ein annan ting den norske velferdsstaten har lært oss er at det er utopisk å tru at alle skal kunna gjera det bra i akademiske utdanningsløp. Når dei tilgjengelege arbeidsplassane krev eit stadig snevrare spekter av evner, fell ein større og større del av folket ut av arbeidslivet.

Fordelane med å auka arbeidsproduktiviteten var størst til å byrja med, og har for lengst nådd eit punkt der forsøk på å klemma meir saft ut av sitronen primært vil gje oss såre hender.

Ulempene med vidare vekst i arbeidsproduktivitet er i dag større enn fordelane.

Fordelane med å auka arbeidsproduktiviteten var størst til å byrja med, og har for lengst nådd eit punkt der forsøk på å klemma meir saft ut av sitronen primært vil gje oss såre hender. Vi har ikkje berre avtakande grensenytte. Vi har tiltakande grense-ulempe.

Nokre av dei grellaste eksempla finn vi i offentlege IT-prosjekt. Ein utviklar eg kjenner i NAV fortalde meg, berre halvt på skjemt, at for pengane dei hadde brukt på å utvikla eit nytt system for foreldrepengesøknader, kunne dei like gjerne tilsett ti personar, utstyrt dei med kvar sin Porsche og late dei køyra rundt og betala ut foreldrepengane kontant. På norske sjukehus har legane, som eit direkte resultat av innføringa av datasystem som skulle "effektivisera" drifta, mindre tid til pasientane enn dei hadde for 25 år sidan. Eit rimeleg velfungerande, fleksibelt og energieffektivt system basert på papir, ringpermar og diktafonar, som dessutan skapte lassevis av respektable arbeidsplassar for helsesekretærar, er erstatta av ein jungel av datasystem som ikkje snakkar saman, som kastar bort tida til helsepersonellet og som elles berre fyller lommene til landets IT-konsulentar.

På norske sjukehus har legane, som eit direkte resultat av innføringa av datasystem som skulle "effektivisera" drifta, mindre tid til pasientane enn dei hadde for 25 år sidan. Illustrasjonsfoto frå Sykehuset Østfold, Kalnes.

Foto: Birgitte Sterud

Nei, det papirbaserte sjukehuset var ikkje lytefritt, og det finst mange eksempel på ting som fungerer betre etter digitalisering. Underskrivne jobbar sjølv med utvikling av mobilappar til sjukehus. Men det einøygde fokuset på å auka produktiviteten har gjort oss blinde for ulemper som burde vera openberre, og har ført til feilinvesteringar i milliardklassa.

Skulle den kunstige intelligensen ta over, slik dagens framstegsoptimistar ser på med skrekkblanda fryd, vil det gje grobotn for politiske rørsler som vil få Donald Trump og Boris Johnson til å framstå som pusekattar.

Visjonen som enno får økonomar og politikarar til å snakka om arbeidsproduktivitet som noko som kan, bør og må auka i lang tid framover, er ein digitaliserings- og kunstig intelligens-revolusjon. Smarte datasystem og robotar skal auka produktiviteten i tenestesektoren og velferdsstaten like mykje som dampmaskina og bensinmotoren i si tid revolusjonerte transporten og industrien. Om det i det heile er mogleg – når vi ser kor vanskeleg det er å få til sjølvkøyrande bilar i praksis, eller laga ein felles elektronisk pasientjournal, kan det vera grunn til å tvila – krev det enorme investeringar i forskning og utvikling, og at vi i endå større grad baserer samfunnet på kompliserte, lite robuste teknologiske dippeduttar som krev store mengder energi til framstilling. Problema med arbeidsløyse og sosial isolasjon er ille nok med dagens automatiseringsgrad. Skulle den kunstige intelligensen ta over, slik dagens framstegsoptimistar ser på med skrekkblanda fryd, vil det gje grobotn for politiske rørsler som vil få Donald Trump og Boris Johnson til å framstå som pusekattar.

Kunsten å finna balansen mellom ressursproduktivitet og arbeidsproduktivitet

Å venda fokuset frå arbeidsproduktivitet til ressursproduktivitet - at vi i staden for å få hundre gongar meir ut av kvar arbeidstime skal få hundre gongar meir ut av kvar drope drivstoff - er ein grøn visjon som Stoknes og MDG fortener heider for å fronta. Men det er viktig å forstå at ressursproduktivitet og arbeidsproduktivitet i den verkelege verda står mot kvarandre. Å auka båe på same tid er berre mogleg i unntaksfall. Vi har sett korleis auka i arbeidsproduktivitet i stor grad har vore "finansiert" av ein gedigen reduksjon i ressursproduktiviteten. Denne samanhengen går heldigvis òg motsett veg: Vi kan auka ressursproduktiviteten dramatisk ved å tillata oss å redusera arbeidsproduktiviteten ein del.

Den store fordelen med menneskeleg muskelkraft er at ho kjem med hjernekraft på kjøpet. Ein gartnar kan stella kvar plante slik at vekstvilkåra vert best mogleg. Han kan òg bevega seg på ein måte som gjer minst mogleg skade på jordsmonnet og plantane. Difor kan økologiske småbruk med høg innsats av arbeidskraft produsera vesentleg meir og betre mat per kvadratmeter – og over lang tid – enn konvensjonelle bruk med store, tunge maskinar som gjev mykje svinn og ikkje greier å utnytta område der det er vanskeleg å koma til med motoriserte farkostar. Skogsarbeidarar som driv plukkhogst kan velja ut dei trea som passar best til å hogga akkurat i år, og levera produkt av vesentleg høgare kvalitet enn det som er mogleg med flatehogst med maskin. Ein skreddar som syr etter mål kan produsera klede av mykje høgare kvalitet enn det du får tak i på klesbutikken, og du kan til og med få klede som verkeleg passar deg. Lærer du deg å svinga barberkniven like godt som oldefar, kan du oppnå eit vesentleg betre resultat, med mykje lågare ressursforbruk, enn du kan drøyma om med barbermaskinar og eingongshøvlar.

Alt dette, vil ein konvensjonell økonom seia, er ei oppskrift på å gjera samfunnet fattigare. Den samla produksjonen av varer og tenester i pengeøkonomien ville gå ned. Men det er, frå eit grønt perspektiv, akkurat det vi ynskjer oss: redusert forbruk, redusert produksjon og redusert økologisk fotavtrykk. Når det i tillegg er mogleg å gjera dette på ein måte som gjev nok av meiningsfylt arbeid til alle som vil ha, og betre og meir tilfredsstillande varer, er det eit glimrande utgangspunkt for å driva ein pragmatisk, menneskevenleg og optimistisk grøn politikk.

Les andre del av dette essayet: .Jo, vi vil ha eit mest mogleg effektivt økonomisk system