Den viktigaste debatten

Lat oss for all del bruke tid og krefter på å diskutere utsjånad og kva kaffe folk drikk.

Kåseriet ble først publisert i Natur og Ungdoms medlemsblad Putsj (1/2019), som Pan samarbeider med.

Eg vart spurt om å skrive eit kåseri til eit miljømagasin som skulle handle om image. Eller, det var kanskje eg som spurte. Sama det. For å kunne skrive noko fornuftig tok eg meg til å spørje litt rundt meg om kva folk meinte om imaget til miljørørsla. Det resulterte i eit sett med myter. Alle mytane satt miljørørsla og meg i eit dårleg lys. Med andre ord var alle feil. Eg skal derfor avkrefte kvar og ein av dei største mytane i dette kåseriet.

Myte nummer ein: Miljørørsla kler seg berre i holete og slitte ullklede.
Avkrefting: Sjølvsagt er dette sjøsprøyt og pisspreik på ein og same gong. Eg kjenner fleire i miljørørsla som går i dress. Til dømes Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, administrerande direktør i Norsk olje og gass. Han bruker det meste av tida si på å fortelje folk at norsk olje er skikkeleg grøn og miljøvenleg og at den beste måten å redde verda på er å pumpe opp all olja vi kan i Noreg. Det er kanskje ikkje alle som vil kalle Karl Eirik ein del av miljørørsla, men eg meiner at ein mann som bruker så mykje tid og krefter på å overtale folk om grøne løysningar også kan få kalle seg miljøaktivist. Med andre ord: det finst miljøaktivistar som går i noko anna enn holete og slitte ullklede.

Myte nummer to: Miljøvernarar er berre kunnskapslause folk som sit på ein kafé i Oslo og drikk kaffe latte.
Avkrefting: Det heiter faktisk latte macchiato. Eg drakk ein heil del av det då eg var på feltarbeid i Barentshavet i sumar.

Myte nummer tre: Miljøaktivistar lenker seg berre fast til ting heile tida.
Avkrefting: Dette er sjøpreik og pissprøyt. Eg har mange vener som ikkje har lenka seg fast til noko som helst, eg. Og dei er skikkeleg greie folk alle saman.

Myte nummer fire: Miljøvernararar er hyklerske. Dei pratar om at jorda går under medan dei sjølv er med på å forureine.
Avkrefting: Eg er glad du set fokus på det. Dette er eit aspekt som ikkje har komen godt nok fram i media eller kommentarfelta. Det er jo ei sanning at når nokon som allereie er miljøbevisste køyrer bil eller brukar plastbestikk, så gjer det om lag 23 gonger meir skade på naturen enn om ein vanleg person som ikkje bryr seg om miljø hadde gjort det same. Derfor er det så viktig at vi rettar alt vårt fokus på å kommentere på åtferda til folk som allereie er miljøbevisste framfor å bruke energi på å endre vårt eige levesett.

Myte nummer fem: Folk i miljørørsla nektar å ta inn over seg at dei har eit imageproblem. I staden for å ta til seg kritikken snakkar dei berre om miljøproblem.
Avkrefting: Har du høyrt om gruvedumping? Det er heilt horribelt! Eit selskap har fått lov til å dumpe 250 millionar tonn giftig slam frå gruva si rett ut i Førdefjorden. Det vil ta livet av alt på fjordbotnen.

Myte nummer seks: Miljøvernarar skal heile tida kjefte på folk og gje folk dårleg samvit.
Avkrefting: Har du eit magasin laga av PAPIR i hendene dine? Skam deg!

Myte nummer sju: Miljøaktivistar forstår ikkje at miljøsvin er nødvendige for at vi skal ha ein så høg levestandard som vi har.
Avkrefting: Okay. Den her er faktisk litt for vanskeleg å avkrefte. Ser ut til at eg berre må kapitulere. No blei eg rett og slett overtydd om at det er riktig å øydelegge levegrunnlaget vårt for å kunne halde fram å leve på same måten som vi gjer no. Æsj, og eg som har brukt så mykje tid på det her med miljøvern. No viser det seg at det berre var tull heile vegen. Jaja. Eg har jo alltid hatt lyst til å reise på ferie til Bahamas. No kan eg jo endeleg gjere det.

Som du no ser, etter at eg har avkrefta alle desse mytane er debatten lagt død. Eg har konferert med mine vener innan miljørørsla, og dei er einige i at vi ikkje treng å diskutere det her meir. Når folk fortel oss i miljørørsla at vi har eit uheldig image og at vi kommuniserer feil, må vi forsvare vår plass som øvst på den moralske rangstigen.

Det er nemleg vår oppgåve å fortelje folk at dei gjer ting feil.