Betre presisjon og meir redelegheit, MDG!

"Forvaltningsregimet er i endring og naturen er taperen» skriv MDG-politikar, og insinuerer i artikkel i Pan at Klima- og miljødepartementet er splitta, kraftlaust og spreidd for alle vindar. Dette er feil. Venstre har gjennom to regjeringsforhandlingar sytt for at Klima- og miljødepartementet er sterkare enn nokon gong.

Enova, Meterologisk Institutt, Statens kvotekjøpprogram, Artsdatabanken, Kings Bay og budsjettansvaret for tre milliarder til klima- og skoginiativet er flytta til departementet. Budsjettet er rekordhøgt.

Det er kjent taktikk og strategi når dei saklege og faglege argumenta ikkje held mål, å fremje påstandar som i beste fall berre er halvvegs rett. MDG er flinke til dette, og bekymrer seg også for at Venstre ikkje valde eit anna departement enn klima og miljø, då vi gjekk inn i regjering i 2018.

Vi deler ikkje bekymringa. Klima- og miljøminister Ola Elvestuen leverer på klimatiltak, skogvern, marin forsøpling, regnskogvern, opprydding i forureina havner, biologisk mangfald, og elektrifisering av Norge, for å nevne noko. Venstre står klart fast på byvekstavtalane, og sa tidleg klart ifrå at å gå tilbake på bompengeavtalane er uaktuell politikk. MDG og Une Bastholm lever visst enno i den trua at dei er dei einaste som står for dette, jamfør hennar uttaler i media siste dagane. Litt meir presisjon og redelegheit hadde gjort seg, MDG!

Eg skal frå mi side vere sopass redeleg å gje MDG rett i at Planavdelinga vart flytta frå Klima- og miljødepartementet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet i 2013. Venstre var ikkje samde i dette. Men Klima- og miljødepartementet har idag ei sterkare sektorovergripande rolle, og større portefølje enn nokon gong. Det bør MDG merke seg.