Meninger

Å velje døden på vegne av eit dyr

Kva gir meg retten til å ta eit dyreliv? Sei det. Eg veit ikkje om eg har det.

Menneska er altetarar og rovdyr, men no er me plutseleg i ei epoke der me kanskje for fyrste gong har valet om å ikkje vera det. Korleis kan eg sitte der i båten med fisken sprellande i handa og velje å kakke han i nakken så livet renn ut av kroppen og augo, når eg veit eg overlev utan? Det gjer altså eg. På same måte som eg vel å kappe hovudet av høna mi. Og eg kjenner vemod kvar gong. Men eg gjer det. Fordi eg meiner det er rett å ete kjøt i eit ressursperspektiv. Kjøt som er hausta frå naturen sjølv, eller produsert i pakt med naturen og på dyrevelferdas premiss.

Industrikjøt er altså ikkje noko eg forsvarar, men i staden vilt og ekstensiv husdyrdrift, i kvantum tilpassa ressursane. Eg er prega av å kjenne meg som del av naturen, ikkje utanfor. Husdyra ser eg vidare som ein naturleg del av menneskeleg planteproduksjon og jordforbetring. Grønsaksproduksjon utan møk krev i praksis gjødsel som er lineær, ikkje sirkulær. Likevel skjønar eg dei som ikkje meiner det er riktig. Å vera vegetarianar eller veganar fordi ein meiner det er feil å ta dyreliv har eg stor respekt for.

Ein ting eg veit med sikkerheit er at mitt forhold til å ta dyreliv pregar mitt forhold til matsvinn.

Det tristaste dyretapet frå barndommen min var då Gullkrona fekk alvorleg jurbetennelse og måtte nødslaktast, som følgje av at ein avløysar hoppa over mjølkinga i fleire dagar medan me var på ferie. Eg var forbanna. Favorittkua mi måtte forlate livet tidlegare og meir smertefullt enn planlagt, på grunn av menneskeleg latskap. Endå hugsar eg kor våt puta mi var den kvelden. Men eg hadde favorittkyr både før og etter Gullkrona. Å sende dei til slakt kjendes alltid vemodig, men aldri urettferdig på nokon samanliknbar måte. Følelsesmessig gjekk det eit skilje for meg som barn, der eg aksepterte det om eg visste at dyret hadde hatt det godt.

Alle som et kjøt bør kjenne til den emosjonelle erfaringa av å ta eit dyreliv. Det har eg alltid meint. Dette veldig direkte møtet mellom liv og død gjer noko med ein. Sjølv blir eg takksam og audmjuk, og reflekterer og føler litt ekstra på eksistensen og livet etterpå. Nokre tankar går til dyret. Eg håpar det har hatt eit liv verdt å leve. Om eg ikkje kjenner det, undrar eg kor det har svømt eller sprunge på sin veg. Korleis ville døden kome utan meg? Var det eigentleg rett av meg?

Lår og lever er ikkje mat og biprodukt, det er mat og mat. Den respekta unner me dyra, om me fyrst vel å ta livet av dei. «Innmatarianar» burde bli eit nytt konsept.

Ein ting eg veit med sikkerheit er at mitt forhold til å ta dyreliv pregar mitt forhold til matsvinn. Tanken på å kaste resten av sin ferdigsteikte fisk fordi ein er mett kjennes djupt respektlaus. Og heile dyret er mat. Folk som tek dyreliv gjennom slakt eller jakt frustrerer seg ofte meir enn andre over det i samfunnet som gjer at ikkje lever, halar og hovud blir ete. Kulturen som vil ha indrefilet. Salsleddet som berre tilbyr indrefilet. Politikken som gjer kjøt så billeg at me har råd til dei kvantuma indrefilet. Lår og lever er ikkje mat og biprodukt, det er mat og mat. Den respekta unner me dyra, om me fyrst vel å ta livet av dei. «Innmatarianar» burde bli eit nytt konsept.

Men spørsmålet – har eg rett til å ta eit dyreliv? Eg veit framleis ikkje. Eg berre skildrar korleis det kan kjennes og korleis dyra bør ha det, og argumenterer for at det kan vera nyttig og berekraftig. Eg kan også erkjenne at eg synest kjøt smakar godt, som er eit lite, men relevant argument i det heile. Konklusjonen min er at summen av eit fornuftig ressursrekneskap, lukka til lukkelege dyr, lukka folk kjenner over å stelle med dyr, og å ete dyr, gjer at eg synes det er greitt å ta livet av dei. Det er nok relevant at eg hovudsakleg føler og tenkjer som ein utilitarist, eller konsekvensetiker, innser eg. Men eg slit med å ta stilling til om eg moralsk sett har retten til å sette meg sjølv over dyret når det ikkje er tvingande naudsynt. Samstundes syns eg på sett og vis syns det er greitt å ikkje svare på også, sidan eg meiner konsekvensane er viktigast. Kva tenkjer du?