Vinterfjellet

Nye horisontar for kvart snøfnugg som landar

Vinterfjellet er eigentleg ein ugjestmild stad. Ikkje noko for husbuande menneskje.

Stundom driftar tankane attende til ein og same stad. Det er ikkje til ei spesiell lysning i skogen, eller til bekken bakom huset. Det er ikkje til gamle låvar eller lafta seterstover. Det er heller ikkje til den vesle indiske restauranten i Laos, eller testova i Sikkim. Tankane drifter eigentleg ikkje til ein og same stad. Dei reiser på lange ferder gjennom fenomenet vinterfjell. For vinterfjellet er aldri det same. Vind og nedbør teiknar nye horisontar for kvart snøfnugg som landar på glattblåste isvidder. I lia er snøen gjerne lett, baskete, av og til tung og seig, men når kroppen har arbeidd seg opp mellom slanke bjørkeskrottar blir auga blenda av vinterfjell. Det er eigentleg ein ugjestmild stad. Ikkje noko for husbuande menneskje. Det er ein villskap over dette landskapet. Ufattelege snømengder og ein ustoppeleg vind som skjer menneskelege ansikt og riv i jakker og telt. Vinterfjellet er ei samling av issvullar og bekkedalar med dødelege skavlar. Her er avblåste horisontar der berg og stein bryt svart i alt det kvite. For dette landskapet er kontrastane sin heim. Her er solfylte påskedagar der menneskje glir sakte av garde i lette ulltrøyer. Da et ein gjerne appelsin i snøbenkar og mysar kvast mot tindar og høer. Dette er vinterfjellet frå fotografia og fjellet der nedturen er den største oppturen. Men vinterfjellet er kontrastane sin heim. For tankane driftar attende til vinterfjellet sin villskap. Ein drepande vind og eit snøvêr som gjer alt til eit evig kvitt teppe. Her er inga horisont. Inga fram, inga attende. Berre skituppar og kompassnål som finn sanninga og vegen. Bakom store brilleglas gøymer ein varme auge som stirrar tomt i eit endelaust viddelandskap. I dette vinterfjellet er dagen kort og natta mørkare enn før. Her ber ein heimen på ryggen, for teltet er den einaste lukka i denne verda. Eit tynt slør held kuling ute og her kan ein puste fritt og drikke smelta snø. Soveposen er ein kjærleg ven, men berre for ei natt. For når sola sett ljos på landskapet ventar kroppsarbeid og meter som blir kilometer og mil. Når du går på ski i villskapen si verd blir ein liksom i eitt med sine eigne tankar. Mest slik ei snigle gøymer seg i skalet, forsvinn skigåaren inn i tankar om liv før og etter vinterfjellet. Det er kanskje det pussige med fenomenet vinterfjell. Når ein er her – glir ein ofte bort frå den blendande røynda. Like fullt driftar ein til vinterfjellet når ein sitt i trygt i hus eller bibliotek. Kvifor slik ei underleg motseiing? Det er kanskje det som held liv i oss. Som tving ein vidare til neste teltplass, til neste by. For menneskje er hus av kort som rasar og reisast i eit strevsamt kjør. Så fort du har setje dei to siste korta på toppen er han der. Han du hatar og elskar i same stund. Den isande vintervinden.

Harvest leverer gode nyhetsbrev, med substans, tips og triks. Du får det her.

Postkort fra Kjell Østlis samling. Ukjent illustratør.