Debatt

Urørt natur er ikkje nok

Gjer tilrettelegging naturen flat og forutsigbar?

"Når man åpner for å tilrettelegge for en bestemt opplevelse, fjerner man samtidig andre opplevelser. Det gjør naturen flat og forutsigbar. (...) Og når man går på en sti som er plantet med grus, så vil lyden overdøve opplevelsen av det rundt deg. I tilrettelagt natur trenger man ikke ta ansvar, man kan stå utenfor og kikke inn, men man blir aldri en del av den.»

Annette Bischoff, forsker og instituttleder, Høyskolen i Telemark.
(Sitat fra Dagens Næringsliv, 3. september 2015)

Bischoff påstår at det er lite bruk for tilrettelegging av naturen og at den amerikanske modellen for friluftsliv er feil veg å gå. Spørsmålet kommer automatisk; «For kven?»

Ynskjer Bischoff att naturen berre skal vere til for dei flinke og raske friskemenneska? Desse som utan problem finn sin urørte fjelltopp.

Mount Everest.
Eit fjell, ei legende, som lokkar til seg tusentals turistar kvart år. Alle tek ikkje den lange og tunge vegen til toppen. Men alle flyg til Lukla flyplass, som vart bygd med det føremålet å ta imot besøkande turistar frå Katmandu, til ein stad som ligg i høveleg avstand frå Mount Everest base camp.
Her vandrar turistar på opptrampa stiar.
Vart det bruk for ei bru eller ein utsiktsplass, vart det tilrettelagt for mange tiår sidan. Turistane vandrar kun med lett dagsekk, og alt anna utstyr ber sterke lokale krefter.
På eit av dei mange tehus langs stien til base camp, et dei maten dei treng på turen.

Nepal er eit land som mange vandrarar drøymer om å reise til. Det å vere i eit miljø der nokre av verdas høgaste fjell er svært nærverande, og å oppleve dei gjestfrie menneska, vert eit minne for livet.
Inntekta frå den tilrettelagde turismen, er Nepal sin livsnerve.

I den svenske nasjonalparken Fulufjället, har ein tilrettelagt for besøkande. Dette konseptet er ei kopi av vellukka satsingar i USA.
Fulufjällets Nasjonalpark utgjer ei nytenking i svensk nasjonalparksforvalting og turismeutvikling. Området er delt inn i fire ulike opplevingssoner, der dei har tilrettelagt for besøkande med plattformer for god utsikt, trapper, grusstiar, benkar der ein kan kvile seg, kvilestover til bruk i dårleg ver og mykje meir. Friluftslivet og turismen har utvikla seg både i og rundt om nasjonalparken, og mange land har gjennomført besøksstudier der. Sveriges Kong Carl Gustaf XVI opna Fulufjället nasjonalpark i september 2002.

I dei omfattande diskusjonane før dette, handla det om korleis parken skulle bli eit førebilete for moderne forvaltning, og ikkje minst korleis turisme og naturvern skulle utviklast hand i hand. Fleire var med på utviklinga av parken, blant anna fylka, kommuner, WWF og representantar frå besøksnæringa i området.
Om vi ser på område der turismen har blomstra i Noreg, er dette destinasjonar med tilrettelegging for turistar. Utviklingsprosjekt som har skapt stor merksemd langt utanfor Noregs grenser.
Nord for Polarsirkelen har turismen fått et sterkt oppsving hos lokale turistbedrifter, der det har skapt nære og lette turistopplevingar i vakre naturomgjevnader. Dette takka vere god forvalting av moglegheitene den verdsberømte Hurtigruta byr på.

Fleire plasser ser positive ringverkingar av tilrettelagd turisme.
Trapper og stiar er bygd rundt om i norske fjell, langs fjordar og opp på fjelltoppar, av sherpaer fra Nepal. Via Ferratan i Loen trekker til seg tusentals besøkande kvart år. Utsiktspunkt med spektakulær utsikt ved Trollstigen, Gudbrandsjuvet, Vøringsfossen, Romdsdalseggen og mange andre stader. Besseggen med parkering og båt tilrettelagt for den vakre fjellturen over egga. Skianlegg som Stranda, Trysil, Hemsedal og Voss med fleire. Ikkje minst; DNTs hytteutbygging og merka stiar.

Stien opp mot Falkeriset i Rauland er steinsatt av sherpaer. (Foto: Simen Tveitereid)

Eit viktig arbeid for destinasjonsselskap, turistnæring, fylkeskommunane, DNT og kven det måtte vere, er å vise veg og vere utviklande og våga tenke tanken; tilrettelagt turisme.
For ei stadig veksande gruppe menneske ynskjer å besøke Noregs vakre landskap.
Turistkontora har tidlegare vore ein opplysingssentral for lokal informasjon, medan dei no er profesjonelle konferansearrangørar og konferansevitjarar, der lite og i mange høve ingenting vert skapt.

Turistane i dag finn og brukar informasjon frå bloggar og forum, på hotel eller andre overnattingsstader, den lokale restauranten eller puben, hjå taxisjåføren, bussjåføren eller andre menneske dei møter som turist. Bøker som «Lonely Planet» og «Wilmaguiden» har framleis gode rettleiingar til komande turistar. Takka vere internett og profesjonelle nettsider for turistar, har destinasjonsselskapa mista grepet om turistane. Håpar desse selskapa kan finne sin plass att, og bli innovative og nyskapande.
Ei god start kan vore å gløyme konferanser og møter. I staden sjå på kva verda gjer.
Kopier utvikling som kan og bør kopierast. Den og dei som vågar ta det første steget, vert alltid utskjelde. Men når den store massen ser at det går, føljer resten med.

Vi må ikkje la små og sære interessegrupper styre framtida for korleis norsk natur og den stadig viktigare turistnæringa skal utvikle seg.
Hadde berre vakker og urørt natur vore trekkplaster til Noreg, hadde vi runne over av besøkande frå heile verda. Eg byrjar å bli meir og meir overtydd om å la dei besøkande vise kva for ein veg denne utviklinga skal vandre.
Eg har tru på urørt natur, eg har også tru på natur som er besøkt av dei som ynskjer oppleve Verdens vakraste land, utan å vandra på umerka, gjengrodde stiar.

Vårt lille land har plass til alle besøkande.