Villmarksforfatteren

Tore Renberg les Mikkjel Fønhus

Eg korrigerer ei førestilling om Mikkjel Fønhus og blir særs glad i rovdyr-romanane hans, og valden dei er drukna i.

Då eg begynte å lesa Fønhus, starta eg med den første boka, Skoggangsmand, frå 1917. Eg gjorde det slik fordi eg skjøna at for å forstå Fønhus kjem ein ikkje utanom dei tidlege bøkene. Ved å lesa Brandeggen-boka og det vesle andre ein kan sjå på nettet, ser ein kjapt at Fønhus var ein av brakdebutantane i litteraturen vår. Han landa med ein kvartett av bøker, Skoggangsmand, Der vildmarken suser, Det skriker fra Kverrvilljuvet og Troll-Elgen, alle utgjevne mellom 1917 og 1921, og nedslaget i sporet var fantastisk. Johannes V. Jensen skreiv i 1917 ein lang og rosande kronikk om Fønhus i Politiken, dei heimlege meldingane var gode, straumdraga i tida var på hans side, Jack London-feberen som sveipte over den vestlege verda, passa han godt, folk likte det han gav ut og forlaget kunne trykka svære opplag.

Eg blei ganske imponert då eg las dei fire første bøkene, det kan eg seia. Det første som slo meg, var at her har me å gjera med ein skrivekar som er klar, for å seia det slik. Fønhus går ikkje rundt og leiter, verken etter eit stoff eller ei stemme, han har signaturen for hand og han veit kva han vil skriva om: Dyra og naturen, kampen mellom dyra og menneska, symbiosen mellom dyra og menneska, lengselen heim, lengselen etter det ekte livet. Han veit korleis han vil synga; målande og hyllande i tonen, nådelaust og ekte om emnet.

Abonner på Harvest Magazine

For 99 kr i måneden eller 950 i året kan du lese alt vårt innhold.

Du får nye saker hver uke og tilgang til hele arkivet, med artikkelserier og anbefalinger.

Vi skriver om livskvalitet og samfunn, natur og kultur.
I Harvest finner du sjelden siste nytt, men undring, nye tanker og inspirasjon. Kritisk journalistikk, smarte anbefalinger og gode historier.

Abonnerer du allerede?
Logg inn her