Forfatternes klimaaksjon

To dikt fra Brage-vinneren

Ruth Lillegraven fikk tirsdag Brageprisen for diktsamlingen "Urd". To dikt derfra innleder en serie på Harvest med tekster fra Forfatternes klimaaksjon.

41
dei gamle
fortel dei same
historiene om
og om igjen

for i 1949 kom
tidenes tôrebyge
inn fjorden, likna
ei flygande kiste

sjur og marta var
til fjells, måtte kaste
fiskestengene, søkje
ly i lågare lende

ein gong var det
tretti mil å sykle
og like mange
varmegrader

vi nikkar
og smiler

men smila
stivnar i trekka
deira, vinden blæs
gjennom kroppane
våre, sivet rotnar
i vasskanten

for dei
gamle er
som tigrar
og isbjørnar

umistelege

likevel
snart
borte

••

Harvest Q&A - Ruth Lillehagen

Hva høster du?
Eg haustar eple.

Hvor kommer du fra, og hvor har du tenkt å gå?
Eg kjem frå fjella og har tenkt å gå tilbake dit.

Hvilken måned av året liker du best og hvorfor?
April, for då har eg så mykje godt i vente.

Hva er det beste (frilufts)rådet du har fått?
Då eg var lita lærde far min meg at kom eg bort, skulle eg halde rundt eit tre og rope til han kom og fann meg.

Hvilke assosiasjoner gir ordet ”unaturlig” deg?
Smerte, ubehag.

Hva er ditt livs største naturopplevelse?
Ah. Ja, kva? Eg trur det må vere å symje i Granvinsvatnet medan vatnet glitrar i sola kring meg.

Har du blitt skikkelig redd der ute? Fortell!
Kanskje ikkje heilt maksimalt redd, men eit par gonger har eg vore ganske redd. Ein gong i ein båt ute på eit fjellvatn i høge bølger, blant anna.

Hva er meningen med naturen?
Alt. Naturen er vogga livet kviler i, tenkjer eg.

Hvilket sted vender du tilbake til, igjen og igjen?
Ulike stader kring garden vår i Granvin. Badestranda. Ein hemmeleg stad i skogen. Stølen.

Hvilken naturaktivitet skulle du gjerne behersket bedre?
Eg skulle blant anna gjerne hatt god skiteknikk. Og vore flinkare å ro. Og ein heil del andre ting.

trea breier
seg ut over dei
steile, ein gong så
glatte fjellsidene

om tusen år vil
flyndrer beite
i hagane
våre

om tusen år vil
norsk regnskog
ha status som
verneverdig

om tusen år vil
ingen vite at
vi ein gong
har levd
her