Vern av truede arter

Zen på ei sandstrand

Kan ei truga bie syne oss omfanget av å gripe dagen?

Kor lang er ein augneblink? Carpe diem, seier vi, og tenker at vi må fylle kvar dag med meining sidan vi har så få av dei. På eit vis har vi jo det – i det store biletet er ikkje 80 – 90 år så mykje å skryte av. Men det kjem sjølvsagt an på kven vi samanliknar med. Kanskje skulle vi i staden seie det til strandmurarbiene?
Her snakkar vi fyrst og fremst om tålmod. Heile vinteren ligg dei nye strandmurarbiene nede i stranden i kokongane sine, fullt utvokste, og ventar på vår, sol og varme. Så, når tilhøva er riktige, slepp dei endeleg ut i vêret – men ikkje akkurat for æva: Er du ei hannbie, har du ikkje meir enn fire, fem veker å realisere deg sjølv på. Ei hobie har litt meir tid, men ikkje meir enn ho treng: etter ein stad mellom sju og åtte veker er det slutt.

Travle sommardagar
På den tida skal ho rekke å parre seg (hannane klekker litt før hoene, så dei ventar klare med det same ho kjem ut), legge egg, bygge rede til borna sine og fylle det med nok nektar til at dei overlev heilt til neste vår.
Redet bygger ho for seg sjølv i sanden, heilt på eiga hand. Ho tygg geitrams eller andre blader, og blanda med spytt vert det fint byggemateriale nede i sanden.
Strandmurarbie er nemleg såkalla «solitære». Det vil seie at dei ikkje bur saman slik til dømes honningbiene gjer – dei held seg for seg sjølve. Det gjer dei sjølvsagt meir utsatt. For det er i det heile ikkje så lett å vere strandmurarbie for tida: Arten er registrert som sterkt truga i Raudlista.
Det er ho ikkje aleine om. Vi høyrer stadig vekk om den mystiske biedøden kringom i verda. Likevel handlar det vi høyrer stort sett berre om to typer bier – honningbiene vi held i kassar, og humlene (humler er ein type bier). I røynda er det altså mange, mange fleire bier der ute. Er ståa like alvorleg for dei alle?

Vi veit ikkje heilt
Ja, det var det då. I fylgje EU, som i 2014 gav ut ei europeisk raudliste for bier, er 9,2 prosent av alle bieartar i Europa truga. Det er jo ikkje så mange, kan ein fort tenke – sjølv om det er ein av ti. Men så kan ein lese det som står med lita skrift.
For i røynda er det berre halvparten av biene ein i det heile veit nok om til å kunne seie om dei er truga eller ikkje. Når 30 prosent av maten vi et er avhengig av flygande insektpollinatorar skulle ein kanskje tru vi hadde litt betre oversikt over korleis ståa var i denne delen av økosystemet, men det har vi altså ikkje.
Det same gjeld i stor grad for strandmurarbia. Vi veit at det er for få av ho, men ikkje heilt kvifor. Truleg heng det saman med at leveområda hennar vert innskrenka.
Ofte kan vi sjå at vi gjer noko feil, og så kan truga artar syne oss kvifor vi ikkje bør gjere det. Men i dette høve er det nærast omvendt: Eg ville ikkje instinktivt tenkt at vi øydelegg strendene våre. Så lite strender vi har i Noreg burde dei då vere heilage? Vel, strandmurarbia syner meg noko anna. I tillegg syner ho meg kvifor det er blomar på strender.
Den vesle strandmurarbia kan ikkje fly særleg langt: 600 meter er absolutt høgaste utfartsradius, men dei fleste flyr ikkje lenger enn 150 meter i ein retning. All maten bia treng må altså vere innanfor denne avstanden.

Illustrasjon: Jenny Jordahl

Eit veldig stort tal
Det viktigaste vi kan gjere for strandmurarbia er å late ho vere i fred. Så lenge ho får ha sanddynene sine, passar ho sjølv på at dei er fylde med mat: det fine med bier er at eg, skribenten, ikkje treng å forklare for deg, lesaren, kva funksjon biene fyller i økosystemet. For vi veit alle saman at biene er uunværlege som pollinatorar for all verdas blomar og tre.
Men kjenner vi omfanget? Bier er nyttige ikkje berre for vekstane som til slutt vert til mat for meg og deg. Så mange som 80 prosent av dei ville plantene i Europa kan ha godt av pollinatorbesøk for å få formeira seg. EU-kommisjonen har verdsett innsatsen biene og nadre pollinatorer gjer til 1300 milliardar kroner kvart år. Det er omlag 300 milliardar meir kvart år enn den norske regjeringa har sett av til Nasjonal Transportplan dei neste tolv åra til saman.

Smaken er som -
På eit punkt er bier litt som oss: Ikkje alle bier liker same mat. Nokre et berre nektar frå ei plante, andre har litt fleire å velje mellom. Difor treng vi mange ulike bier for å ta vare på mange ulike vekster.
Strandmurarbia er avhengig av artar som tiriltunge, strandvier, løvetann, raudkløver og tveskjeggveronika. Dei blømer nemleg nettopp når ho er ute etter nektar, og ho syns nektaren deira smakar godt. Det er ganske fint å tenke på at ho bidreg til å ta vare på dei samstundes som dei bidreg til å ta vare på ho.
Det er ein slik tanke som høver på stranda – staden for langsame sekund og treige tankar. Staden for å late ikkje berre humla, men strandmurarbia, suse. Og suse. Lenge enno. Og akkurat no.
For det er slik vi må gjere det: Prioriter ei strandmurarbie i dag. I morgon kan det rett og slett vere for seint.