Den første turen

Rasmus Hanssons beste tur

Tre veker i 1977, fra Romsdal til Oslo på ski. Rasmus Hanssons fyrste langtur er enno hans beste.

Han må tenkje seg om. Stortingsrepresentanten frå Miljøpartiet dei Grøne og biolog Rasmus Hansson har gått uendeleg mange turar. Både korte og lange. Dagsturar og ekspedisjonar. På fjell, i marka og ved havet. Den fyrste turen, den som verkeleg tende gnisten?
Så landar han:

Det må bli turen frå Romsdal til Oslo. Turen var akkurat så suveren som ein kunne ynskje seg. Me hadde alt slags ver og føre. Proppfullt av opplevingar. Saman med fem kompisar som gjev meg mykje. Men den fyrste turen min var det jo ikkje. Mor mi har taua meg ut på tur så lenge eg kan hugse. Å vere på tur er noko som alltid har vore ein del av kvardagen min. Eg tok nok ut ungdomsopprøret på andre måtar enn å nekte å vere med på tur. Når eg likevel skal plukke meg ut ein skjelsettande tur, så må det bli romsdalsturen. Den bekrefta for meg at jo lenger enn er ute på tur, dess betre er det.

Det var ein vinter i 1977, i tida før påske. Me var seks mann som gjekk mykje på tur saman. Spørsmålet var å finne unnskyldningar for å vere mest mogleg ute i finast mogleg terreng. Ideen om langturen gjennom Noreg kom me på under andre turar i Nordmarka. Planlegginga gjekk kjapt.

Heime hjå meg la me alle karta ut på golvet, sette koppar og kar oppå og krabba rundt. Teikna litt, planla og bretta hjørne for å få karta til å passe saman.

Den fyrste dagsetappa trur eg alle hugsar godt. Sekkane var stappfulle. Me var i botnen av Tafjordfjella. Vassa rundt i laussnø og bjørkeskog. At det kan vere ganske kavete, kan nok mange kjenne seg igjen i. Dagen blei lang og enda med at ein av gutane sovna med koteletten i kjeften, noko som blei ettertrykkeleg fotografert.
Turen sørover gjennom Tafjordfjella var svært fin. Vidare kom me inn i Jotunheimen. Det var mars, og enno sjølvsagt kaldt i fjellheimen. Lars forfraus foten, men barsk som han er, gjekk han vidare. I Breheimen hadde me nokre av dei beste dagane. Eit par av dei var så fullstendig gnistrande som det går an å få det i høgfjellet om vinteren. Sekkane var framleis tunge, men det var nesten så me krangla om å gå fyrst i laussnøen. Den snøflata der hugsar alle som eksepsjonell vakker.

Teltplassar har eg hatt mange av opp gjennom åra, men akkurat den hugsar eg godt. Det var ein slik fantastisk stille og klar kveld. Teltet låg heilt ut på kanten av skavlen, og eg trur det var Stryn me såg rett ned til. 1000 meter rett ned. Der var det fint å vakne.

Like fine dagsetappar fekk me etter at me hadde gjort oss ferdige med dei høge og kjølige områda i Breheimen og Jotunheimen. Langsamt gjekk me nedover låge fjell. Inn i fjellskogen nord i Valdres. Nedover i storskog i Vassfaret. Klatra opp og gjekk nedover Oslomarka. Eit fantastisk geografisk lengdesnitt av Sør-Noreg. Mykje forskjellig slags natur, mange forskjellige inntrykk..

På ein over tre vekers lang tur skjedde det sjølvsagt mykje. På Honnspikja oppe i Breheimen for eksempel. Det bles mykje, me såg ingenting og gjekk ut i eit område som var brattare enn det burde. Laussnø var det mykje av. Plutseleg kom det ekle drønnet. Eg såg sprekken opne seg i snøen ved sidan av meg. Tenkte at no er det over. Men så stoppa det like fort som det starta. Då stod hjartet stille eit sekund. Hadde den fonna roke ut, hadde me ikkje klart oss. Slike opplevingar heng i. Ein anna dag køyrte me nedover nokre nydelege bekkedalar med mykje snø. Bakerste mann køyrte litt for nært, gjekk rett på hovudet og blei ståande opp ned i eit laussnøhol med tung ryggsekk, og hovudet meir eller mindre ned i vatnet. Utan å kome seg nokon veg. Me andre fekk ikkje gjort noko anna enn å le oss skakke. Sjølv blei han etter kvart ganske sur der han hang, men me andre hadde det ufatteleg morosamt.

Siste dagen på tur hadde me knapt med mat igjen. Me var heilt nord i Oslo-marka. På kvelden begynte med å «trade» matrestar mellom telta. Det var mørkt og me såg ikkje kva me fekk. Teltkameraten min og eg koka opp det me fekk tak i, og helte det i oss. Ut på natta fór me opp med frykteleg vondt i magen. Då dagsljoset kom fann me ut at det stort sett var smør me hadde ete.

Eigentleg skravla me oss gjennom Noreg. Ein slags kontinuerleg kunnskapskonkurranse underheldt oss heile vegen. Det heng framleis igjen mykje fakta om unyttige ting frå vandrande quizar på sånne turar. Nesten alle studerte forskjellige fag, og syntest det var artig med fag, politikk og diskusjon. Målet var aldri at dette skulle vere nokon ekstremtur. Me ville berre vere ute.

Etter 25 dagar var me framme i Oslo. Alle gjekk på ski heilt heim. Nedover fortaua og inn i bakgarden. Spesielt slitne var me ikkje. Det var berre dei fyrste dagane.
Me har mimra om å ta turen igjen. Jo lengre ein tur er, dess hyggelegare blir han, stort sett. Me flirte jo oss gjennom dagane.

Draumen om Noreg på langs er framleis levande.