De nye bøndene

Parkert plog, levande jord

Plogen var starten på sivilisasjonen. Vil den også bli vår undergang?

Hausten 2019, under ein debatt om kjøt på Dagsnytt18, reiser eg meg opp, riv meg i håret og tenkjer at nokon må snart fortelje journalistar og politikarar, miljøvernarar og bønder at kjøt ikkje treng å vere det same som kjøt. Det er skilnad på ein hurtigveksande fabrikkylling og eit lam som har beita på fjellet heile sommaren. Det er skilnad på matjorda som myldrar av små hjelparar og den som gjennom fleire tiår er utarma av stadig pløying og massiv bruk av kunstgjødsel og sprøytemiddel.

– Kyr prompar, vi må slutte å ete kjøt! seier veganaren som røystar Miljøpartiet.
– Det vil legge den norske landsbygda øyde, landet vil gro att, svarer bonden, som alltid har røysta Senterpartiet. Dessutan prompar veganarar meir enn dei som et kjøt. Debattleiaren kjem ikkje med oppfølgingsspørsmåla om kva slags kjøt dei snakkar om, eller kva eit beitedyr gjer for karbonfangst og lagring.
Og dei ER kompliserte, desse samanhengane. Eg skjønner dei ikkje sjølv. Eg må finne dei som har forstått dei, og det er verken skogekspertane, grasekspertane, grønsakekspertane eller husdyrekspertane, som knapt snakkar i lag. Det gjer heller ikkje bondelaga og miljørørsla, som eigentleg har dei same måla, (treng ikkje snakke om ulv, da). Som småbrukaren og økologen Marte Olsen på Marknadshagen på Dokka seier;
– Jordbruk er også natur. Det er ei vanleg oppfatning at jordbruk og natur er to motstridande felt, men det er dei same prosessane som skjer. Målet mitt er å jobbe saman med økosystemprosessane, som vassyklus, næringssyklus og artsamspel, og få til eit sjølvberande økosystem som også produserer masse mat.

Abonner på Harvest Magazine

For 99 kr i måneden eller 950 i året kan du lese alt vårt innhold.

Du får nye saker hver uke og tilgang til hele arkivet, med artikkelserier og anbefalinger.

Vi skriver om livskvalitet og samfunn, natur og kultur.
I Harvest finner du sjelden siste nytt, men undring, nye tanker og inspirasjon. Kritisk journalistikk, smarte anbefalinger og gode historier.

Abonnerer du allerede?
Logg inn her

– Dut ur lssju gadt o sulu sarluls clt sur ut am fum or. Kcnssju nurt dut mulr lqnscmt o pradusuru mct po dunnu motun, spqr qsalag Mcrtu Olsun, sam drln Mcrsudshcgun po Dassc po tru mol.