Harvest Q&A

- Eg er redd skodde

Odd Nordstoga om sitt livs naturopplevelse og 14 ting han finner "unaturlig".

Hva høster du?
- I år er det blåber, molter, tyteber, rips, bringeber og litt aure i kjellar og frysar.
Hvor kommer du fra, og hvor har du tenkt å gå?
-
Eg kjem frå skogen og går mot havet for så sannsynlegvis å snu.

Hvilken måned av året liker du best og hvorfor?
-
April, med ljos og von og lovnader om ein sommar du har til gode.

Hva er det beste (frilufts) rådet du har fått?
-
Ullgenser i sekken er veldig lurt i alle fall.

Hvilke assosiasjoner gir ordet ”unaturlig” deg?
- Kunstige sprosser for småruta lookalike vindauge. Havregrynsgraut i halvfabrikat. Takplater som liksom ser ut som takstein. Piano som ser ut som piano, men eigentleg er ein synth. Plastikkblomar. Ferdigslitte dongeribukser. El-klokke i kyrkjer. Soyapølser. Osteetterlikninga revet. Sukkerfri brus. Beatlesmusikk som ikkje er The Beatles. Softpop. Konseptet Idol. Far min i Ferarri. For å nemne noko.

Hva er ditt livs største naturopplevelse?
-
Å i lag med ein kamerat oppdage ein stor reinsdyrflokk på fyrste reinsdyrjakta mi, grytidleg ein morgon i Urdeskar på Hardangervidda. Det var ganske stort.

Tre kamerater på påsketur ved Hellevasshytta. F.v. Harald Dag Jølle, Odd Nordstoga og Lars Underdal.

Har du blitt skikkelig redd der ute noengang?
- Redd og redd. Det som ein får er litt angst. Og eg er redd skodde. Når det er heilt tett og du er litt våt og kald og må gå ut frå at det vatnet du er ved er det vatnet du trur, og du må finne sørenden av vatnet ved hjelp av å gå langs stranda til kompasset peikar rektig. Men du kan jo ha vingla... Den gongen det hende meg lika eg meg ikkje, og eg blei veldig glad då det dukka opp ein T litt opp i lia til venstre for meg. Så blei eg skikkeleg redd den gongen eg gjekk ein skitur i fjellet heime utan å sei frå kor eg var, og så løyste eg ut eit skred. Det var ikkje stort. Men det at terrenget berre forsvann nedanfor meg, der eg lura på å setje utfor, var veldig skummelt. Då fann eg raskt ein plass å stå med fast berg under skiene der eg stod lenge og tenkte.

Hva er ditt favorittredskap- eller utstyr ?
- Det er stormkjøkenet. Frokost med flesk og pannekaker er ein favoritt hjå mine barn, og då er det liksom litt karsleg og litt friluftsliv over imagen til oss som familie.

Hvilket sted vender du tilbake til, igjen og igjen?
- Det er Presteheie. Der endar me opp "igjen og igjen" i Vinje jaktlag.

Hvilken naturaktivitet skulle du gjerne behersket bedre?
- Orientering, gåing, bering, eventyrlyst, tolmod, evnen til å prioritere det å koma seg ut i fjell eller skog og ikkje stelle seg med ei avtale som gjer at du IKKJE reiser på den turen. Den evnen kan bli betre. Sova i telt er eg heller ikkje god på. Nyt det meste av natta i vaken tilstand. Men det kan vera at eg berre har litt lite trening.