Fotoserie
Låven er Norges hjerte
Låven har vært livsviktig for Norge. Nå er låvene i ferd med å forsvinne. Mange rives, andre er på vei tilbake til naturen.
![](https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver1_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=400&s=e8dd4a666cea25efce598320c1772ff0 400w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver1_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=650&s=d8e6865c969cba884d2f5ffe71d41639 650w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver1_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=900&s=a034f3227d5b286265e48188c99295fa 900w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver1_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1150&s=209020651234356f6050aa23acc19a53 1150w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver1_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1400&s=711b8d7b903842215fcadc3c4c9617b8 1400w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver1_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1650&s=a993c1398691748122a9349cdc1885df 1650w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver1_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1800&s=8c75f458844eaad609a2a3de75a31612 1800w)
Kort intervju med Eva Røyrane, forfatteren av boka Norges låver:
1.Hvorfor kjærlighet til låver?
Fordi dette er eit svært viktig og dominerande hus i det norske kulturlandskapet. No har så mange låvar vore ute av bruk så lenge at dei er i ferd med å forsvinna. Mange blir rivne, andre er på veg tilbake til naturen. Det er om å gjera å få augene opp for desse husa før det er for seint. Låven representerer ein rik bygningsarv og dette huset fortel viktig landbrukshistorie. Vi synest dette allaktivitetshuset til bonden har fått altfor lite oppmerksomhet, at dei store og staselege låvane og dei små og rare løene fortener å bli løfta opp og fram.
2.Hvor lenge har du stirret på låver?
Det har alltid vore ein låve i mitt liv, ein raud vestlandsvariant med firkantheller på den delen av taket som vender mot vegen og villheller på den ikkje like synlege baksida. No er også den låven forlengst degradert til lager for likt og ulikt. Men han er framleis eit svært viktig hus i tunet. Som journalist med interesse for bygningar og landskap, ser eg meir og meir tydelege endringar både med hus og landskap fordi store deler av landbruket er under avvikling. Dagens bonde held seg med heilt andre hus enn denne raude låven som var med på å modernisera landet før og etter år 1900.
3. Er låvene forskjellige rundt om i landet?
Låvemangfaldet er stort. Det håpar vi denne boka vår tydeleg viser. Låven som samla dyra, foret og reiskapen til bonden blei skapt av landbruksingeniørar i samarbeid med arkitektar. Typeteikningar blei spreidde utover landet, husa blei bygde med tyngdekrafta som prinsipp: Inn med tørt for via låvebrua høgt oppe, dyra plassert nedunder og ut med våt gjødsel nedst nede. Låvar og løer landet rundt blei bygde etter same leisten, men fekk ulik storleik og utforming avhengig av storleiken på garden, næringstilhøve, geografi, klima, lokale byggjetradisjonar og materialtilgang. Dei fleste låvane er raude, men dekoren og fargane på dørane varierer. Låvebrua finst i alskens variantar og som dei låvenerdane vi er blitt, legg vi stadig merke til nye fasongar på luftelukene på låveveggen.
Dei fleste låvane er stavreiste, luftige bygg med fjøs som er enten tømra eller mura. Men, særleg på Vestlandet, er det bygd mange uthus i stein og Hardanger utmerkjer seg med at mange av dei store helletaka framleis er på plass. Dessutan fann vi ei spesielt spennande uthushistorie i Finnmark som både handlar om etnisk mangfald, om norsk kolonisering og om krigen.
4. I boka brukes loven til yoga og til butikk. Er låven et symbol på Norge og forandringer i landet vårt?
Under det store hamskiftet frå 1850 og framover var låven med på å hjelpa bonden inn i pengesamfunnet. Etter kvart blei det bygd ny låve på alle gardstun. Låven blei ein del av kulturlandskapet. Saman med dei kvite kyrkjene blei dei raude låvane kjennemerket på norsk bygdelandskap.
Framleis står den raude låven på mange av dei 170.000 landbrukseigedommane. Men i dag er berre ca 40.000 gardsbruk er i drift. Dermed er låven også ein symbol på det bygdelivet som ikkje lenger finst. Huset står der først og fremst som historieforteljar.
Historia om låven viser at den norske bonden ikkje er så konservativ og treig som mange vil ha det til. Han har heile tida tilpassa seg både teknologisk utvikling og landbrukspolitiske føringar, bygd nytt og bygd om og dermed forlengst avskilta den raude låven.
I mange tilfelle er eigaren av låven i dag ein oljearbeidar som leiger vekk jorda til han som haustar halve bygda og køyrer livet av seg med traktor for å henta heim alle rundballane.
Og i det siste har ein del låveeigarar oppdaga at ledig låveareal er ein ressurs, at dette huset kan brukast til ny næring på garden. Med ny bruk kan låven vera liv laga. I ny bruk, for å dekka dagens behov, er både bygningen i seg sjølv og den historia huset formidlar svært viktige innsatsfaktorar.
![](https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver3_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=400&s=ebe6eed5fed6b58b831455ef1e6d4c83 400w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver3_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=650&s=a6361251e4767f7bca74ddba3e520e87 650w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver3_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=900&s=fb4cb69be75d309aa0eadfc330045a12 900w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver3_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1150&s=36f3c1cd4c5aec304a74a158cad174d1 1150w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver3_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1400&s=3b5558f13314da8460e6ebe4be9bac18 1400w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver3_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1650&s=b8cadf836a98186c1fc8e671e5de31a8 1650w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver3_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1800&s=cd2bea19c3fcef38b04c024089ff9178 1800w)
![](https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver4_1500_771_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=400&s=b7b54d9698f5ccebc98467b5a192fad7 400w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver4_1500_771_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=650&s=87123fbcd0f6259a4895918c0942f59c 650w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver4_1500_771_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=900&s=dc0433febcaa057fc8960c4bb54f5710 900w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver4_1500_771_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1150&s=5326e3cdb302a97cb99f3fb71e7ac519 1150w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver4_1500_771_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1400&s=2f173de1ea27ff7474a9c8889365a3d6 1400w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver4_1500_771_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1650&s=7a3d90c32f0a00daf2cbef2e490c605e 1650w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver4_1500_771_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1800&s=57c62b608dd78bf7497aac78365c01ed 1800w)
![](https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver5_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=400&s=8b9d8e05f69ebe1bab34cd968f944696 400w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver5_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=650&s=bb47baba150935b2ad80ef9302742a80 650w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver5_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=900&s=95320eb89dc06f08a1ff60ed12bae978 900w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver5_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1150&s=ac17f0179ae0a3c66ea8345d535ff265 1150w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver5_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1400&s=e2f15c251d75bf27be5c921ba0fb20d5 1400w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver5_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1650&s=058b90c7620f25fd5dfc67a82eba2c3b 1650w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver5_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1800&s=b3825dc1d385c4829776b4f834a39292 1800w)
![](https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver6_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=400&s=4b208b80e81f4833efeea58155304289 400w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver6_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=650&s=bb85768190a1ff71a7b801ba807bbd47 650w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver6_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=900&s=41ae4a3ac1938535616fd23583ff02cc 900w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver6_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1150&s=dd08560242889dacc720e191acfca768 1150w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver6_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1400&s=db8d8485706694b1e4cccb4fdfedd554 1400w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver6_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1650&s=c2d341e637d237bc7396697423778b3c 1650w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver6_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1800&s=97f48226c8f851ca2108fb27dcf54835 1800w)
![](https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver7_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=400&s=a880528d3d9c07f5bc43e4d0f4651b4e 400w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver7_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=650&s=ac6c8a80c914fe016501bd5cda3a9724 650w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver7_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=900&s=76e2fdd9c9b62f52772df292cb64c06f 900w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver7_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1150&s=ac7a2cb2962f4bc7213f7b4ba381b721 1150w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver7_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1400&s=0a47b95f928fbe437a324961ce2d6ec5 1400w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver7_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1650&s=475120f0027a71f955f97ae309ba6f12 1650w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver7_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1800&s=df454dad558f5bfdcbd7bfd454409c65 1800w)
![](https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver8_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=400&s=5df8288b4b61594582d8c72abe9cf759 400w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver8_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=650&s=9999b704de120061ecd7bc09d0eca1a4 650w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver8_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=900&s=32eda156d06af076998e48850e613d4e 900w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver8_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1150&s=8e4ff3ad6b8f877f6c984ec2273c0154 1150w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver8_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1400&s=65d312a24748c29cdcf5fd00cabdeb9b 1400w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver8_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1650&s=44d7f76a49adbe063e5faacd029b3f5e 1650w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver8_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1800&s=454821324698484e7e4055386e1eaf2f 1800w)
![](https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver9_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=400&s=34afdb26108f35417e13fd29bed42290 400w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver9_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=650&s=72a4f3566f135c9f93d34c3b3982ea28 650w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver9_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=900&s=17185bd0cda74e7e11336d3bae95e962 900w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver9_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1150&s=6f973b9f23ece4009c16f0228088ef76 1150w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver9_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1400&s=00edbbe27a62daf22011bf09cac510f6 1400w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver9_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1650&s=297df233181e7461809269c45eacb7e5 1650w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver9_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1800&s=f2c7778124e5de0a0848783c31df4528 1800w)
![](https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver10_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=400&s=67366231b32093d258fab9faf822e475 400w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver10_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=650&s=e714dab1f4ac53b46a85807624ff64cd 650w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver10_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=900&s=08e51c12d370aa67beb6668a98f29e2a 900w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver10_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1150&s=4046688b7990c73362d567162ec97b0e 1150w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver10_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1400&s=f4ffd0f26335553d89bb53525f09ea3a 1400w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver10_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1650&s=0777dc62f44a646c78113fd30036c47e 1650w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver10_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1800&s=fd3592614b6f30049b263941bc424cc5 1800w)
![](https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver11_1508_516_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=400&s=634314c6ed9386ba84b0f4ede1d1efbe 400w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver11_1508_516_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=650&s=bdb202b68b997390ce368706c86bf8c3 650w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver11_1508_516_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=900&s=bb5afc718386ef2ef62354bdd4568fdb 900w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver11_1508_516_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1150&s=fc7e29d4ab59289865c0c266bf849c15 1150w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver11_1508_516_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1400&s=3e25f3fd168a4ef3908451c22bef9695 1400w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver11_1508_516_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1650&s=0e5157a1cc41fd3f5227ff1776322022 1650w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver11_1508_516_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1800&s=786d9b0139e2197e7cc47b96a8476095 1800w)
![](https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver12_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=400&s=3cbb29a7707b0ae087d14d2de8a6c5cd 400w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver12_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=650&s=44e6f2ee11adb46c5c8fb2b4f2d9fd56 650w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver12_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=900&s=5ce21e96eb854655d419872042d83b2d 900w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver12_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1150&s=8c982cdb3866e9aae7096c3ef6f7217c 1150w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver12_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1400&s=4dde9244f0ae7d85eed9445c1534c972 1400w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver12_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1650&s=ba3ab0e40a46e9f27219f878ba940f5e 1650w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver12_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1800&s=cf70f91bd4c8984a0f0cc060a5152fa0 1800w)
![](https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver13_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=400&s=f3640cfdaf4292ea6ef2ab7bbe0de8fa 400w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver13_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=650&s=9fb6a979653a7805605590958c218aa2 650w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver13_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=900&s=958b9bc9cb9d0aeb63f0de8332b3561c 900w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver13_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1150&s=a1a26d18b68dcf38a5baf02968dead2b 1150w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver13_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1400&s=4e705c3808a7813f14dddfd4b0eade90 1400w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver13_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1650&s=0972323550ef7ff7b3bd131577e9381e 1650w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver13_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1800&s=9ac0e9b3a3fb37a6eb79c70af91ab9fa 1800w)
![](https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver14_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=400&s=89fded0dc68018c51d29194a13029925 400w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver14_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=650&s=76648742b6584d938f7c20fc85ac4892 650w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver14_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=900&s=a6de22a18d1ed3e5ecc8bb8d74203538 900w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver14_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1150&s=29fc941856c727a960f0c5ef4403d2f3 1150w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver14_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1400&s=be8465894d53f6142c63375ff96936c7 1400w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver14_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1650&s=4d41510cf60ac9734ae0a9433d91aa8c 1650w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver14_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1800&s=a364c9b897041a801ae4c1bca87d3204 1800w)
![](https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver15_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=400&s=a5c401b3767b60e3d41a66f72601424b 400w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver15_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=650&s=f336a0a77c9ead30688a5f8ddcecccda 650w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver15_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=900&s=8acf46ba0277a37896a7f7e4b39f8e47 900w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver15_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1150&s=b4d9c235d6103597eda801e94c7dfa4c 1150w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver15_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1400&s=a7a33e0e65da0415ca239e6c63f3389c 1400w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver15_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1650&s=8f626fa7b31e3492adcac584742692fd 1650w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver15_1500_1000_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1800&s=de511e1f772300c2689a08150522f959 1800w)
![](https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver16_1511_535_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=400&s=e1c61b4806946c165422e6c09b661d5f 400w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver16_1511_535_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=650&s=3ca9d8ab2fe18f6a453e775f431b9524 650w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver16_1511_535_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=900&s=8432fb456a033074e9e0ac7e896c7a14 900w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver16_1511_535_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1150&s=d95175fb66fd8e98d2620b55f72ac963 1150w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver16_1511_535_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1400&s=676e8e93273aa2fa2981281c3aff8f6d 1400w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver16_1511_535_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1650&s=b738aa009334ce673ab5337d2d0635ca 1650w, https://harvestmag.imgix.net/images/Importert/november/laaver16_1511_535_90.jpg?auto=compress%2Cformat&fit=clip&fm=jpg&q=80&sharp=10&w=1800&s=8ab787565c7a1346b8fde4eb123f7199 1800w)