Norgesferie 21

Gulating - Bad der Harald Hårfagre gikk i land

HVOR: Gulatinget, Flolid, nær Eivindvik ytterst i Sogn.

HVORFOR: Svøm der Harald Hårfagre gikk i land for å lage Norges første lover.

Grå svaberg under tærne.Tang med småkrabber under. Blåskjell. Syltynne buktande ålar. Finkorna sand. Sommar. Vika er ei heil verd der marbakken er ytterst i universet.
M a r b a k k e n. Bland ordet med saltvatn og ein ivrig seksåring og sjå kva du får.Eg fekk eit minne for livet.
Eg ligg mellom tang og tare og plaskar, går vekselsvis på hender og føter utover i fjæra, så langt eg kan, heilt til munnen blir fyllt med ramsalt vatn og eg hostar og spyttar, og kanskje spyr eg litt også, men ikkje nok til å bli skremt. Igjen og igjen, heilt til eg klarer det.
Den kjensla når verken hender eller føter har sandkontakt. Kroppen er i flyt. Eitt tak. To tak. Tre. Gleda over å rope inn til dei på land.

– Sjå. Eg kan svømme.
Eg er så ivrig at eg ikkje har tid til å høyre om dei svarar. Fire tak. Gurgle, svelge, spytte. Fem tak. Seks. Trakke ned med føtene. Kjenne mjuk sand mot ytterste eine tåspissen. Sju. Åtte. Ni. Spytte.
Eg er trøytt.
Den kjensla når ein vil sette ned føtene i sanden og ein har passert det ytterste univers. Inne på land ropar dei, eg høyrer ikkje kva, men dei vinkar med begge hendene. Sjølv far min har reist seg.

Lite visste eg då eg lærte meg kunsten å svømme som seksåring at det var akkurat her i denne vika at dei hadde gått i land, mennene som lagde dei første norske lovene. Skip etter skip hadde segla inn fjorden. Harald Hårfagre, Håkon den gode, bønder og fiskarar frå heile Vestlandet og Agder. Dei frå Hallingdal og Valdres kom truleg over fjella. Kanskje var vegen like smal då som no?

Gulatingsparken ved Flolid i Gulen kommune er tusenårsstad for Sogn og Fjordane. «Tingveggen», Bård Breivik sine 22 høge granittplater, ruvar på rad og rekke midt i det naturlege amfiet, gangvegar snor seg mellom bergknausane, den eine leier ned til stranda med tang og småkrabber, blåskjell og buktande små ålar mellom steinane.

Like utanfor ligg marbakken.

Abonner på Harvest Magazine

For 99 kr i måneden eller 950 i året kan du lese alt vårt innhold.

Du får nye saker hver uke og tilgang til hele arkivet, med artikkelserier og anbefalinger.

Vi skriver om livskvalitet og samfunn, natur og kultur.
I Harvest finner du sjelden siste nytt, men undring, nye tanker og inspirasjon. Kritisk journalistikk, smarte anbefalinger og gode historier.

Abonnerer du allerede?
Logg inn her