Naturens loggbok

Kjønnskamp i Arktis

Kjønnskvotering og maktkamp. Kampen mellom kjønna er aktuell på fleire område enn det vi kanskje trur.

Kampen mellom kjønna har hatt stort fokus i det menneskelege samfunnet i store delar av det førre hundreåret. Også frå dyreriket er vi vant til å sjå storslåtte dokumentarar på National Geographic der Sir David Attenborough med stor intensitet og entusiasme leier oss gjennom utspekulerte og brutale paringsritual mellom hoer og hannar, der målet er å kue den andre part. Men kor ofte tenkjer du på at det også innanfor planteriket føregår ein slik kjønnsleg maktkamp?

Sloss for kjønnet sin eksistens
I planteriket er hermafrodittar ganske vanlege, og i mange artar kan eit hermafrodittisk individ produsere nye avkom heilt på eiga hand. I det kalde og forblåste Arktis fins det ein del plantepopulasjonar der hokjønna og hermafrodittiske individ av same art lever saman i tilsynelatande sus og dus. Den hardføre Fjellsmella er eit glimrande eksempel på dette. Men under overflata med blomar i vakre fargar og fluger som med nebb og klør prøver å halde seg fast for ikkje å blåse av garde og ende som fiskemat i Barentshavet, føregår det ei konstant og innbiten tevling mellom dei to kjønna. Den evolusjonære striden står om kor vidt hokjønnet skal ha livets rett i reproduksjonssystemet til populasjonen eller ikkje.

Hermafroditten – det sterke kjønn?
I tillegg til å inneha den kvinnelege funksjonen med frøproduksjon er hermafrodittane også i stand til å spreie gena sine via pollenkorn. Altså kan dei velje om dei vil vere kvinne eller mann når dei skal reprodusere seg sjølv, og populasjonen er såleis eigentleg heilt uavhengige av dei reindyrka damene for å gje liv til ein ny generasjon. Dessutan er hermafrodittane i stand til å sjølvpollinere om forholda skulle ligge dårleg til rette for krysspollinering. Dette er bra rått parti mot hokjønnsplantane, og ein kan mistenke at det berre er eit spørsmål om tid før desse populasjonane kastar alle damene over ripa og seglar vidare med utelukkande hermafrodittar om bord.

Pollenjakta
Ei utfordring for hokjønnsplantene er å verte befrukta i det heile teke. Nytting av kvinnelege attributta for å lokke våryre og virile hannar til seg er eit utbreitt fenomen i naturen elles. Men for dei stakkars, forsmådde hokjønnsplantane oppe i det forblåste nord hjelper det lite å sette puppar og rumper på utstilling i håp om at det skal målbinde eit tilfeldig forbipasserande pollenkorn på leit etter ein kvinneleg blome å lande på. Statistisk tilfeldigheit er vel ikkje akkurat kjend for å vere veldig romantisk anlagt eller lett å overtale, så for desse damene er det heilt andre og langt meir komplekse knep som må takast i bruk for å overliste den tilsynelatande overlegne motparten.

Hemmeleg våpen
Det kan sjå ut til at hermafrodittane sit på trumfkortet. Men gjer dei eigentleg det? Hermafrodittane kan ikkje verte gjort overflødige, for dei er det einaste mannlege bidraget i populasjonen, og som vi veit – ”it takes two to tango”. Men hoene har også eit ess i ermet. Eit hemmeleg våpen som nok ville fått sjølv den ivrigaste antievolusjonist til å klappe i hendene, og som gjer at hoene enn så lenge har klart å halde stand i den evolusjonære kampen om sitt eige kjønn si overleving. Dei har nemleg teke kontroll over dei grunnleggjande mekanismane i evolusjonen – genetikk og arv.
På grunn av det genetiske systemet for kjønnsbestemming hos desse artane får hokjønna planter ei overvekt av hokjønna avkom. Dei gena som gjev hokjønn i staden for hermafrodittar (den genetiske normalen) sit i ein del av genomet som berre vert arva frå mor til avkom. Under den genetiske samansmeltinga som skjer når frøet til ei hokjønnsplante vert befrukta av eit pollenkorn frå ein hermafrodittisk plante, overmannar og overstyrer altså desse hokjønnsgena dei gena for kjønnsbestemming som kjem frå den hermafrodittiske faren og sørgjer for at avkommet vert hokjønna. Berre om faren skulle vere så heldig å ha vidareført eit mannleg gjenopprettingsgen som igjen kan overstyre hokjønnsgenet kan avkommet verte ein hermafroditt. Snakk om kvinneleg list!

Og vinnaren er …
Så kven vinn kampen? Er det den overlegne hermafroditten med store musklar, reproduktive eigenskapar i både pose og sekk og med fordel av å vere heilt nødvendig for populasjonen si overleving? Eller den kvinnelege underdogen, som trass i dystre føresetnader på genialt vis har sikra si eiga overleving gjennom solide, evolusjonære mekanismar? Kanskje har allereie kvinnene vunne kampen og sørgja for etableringa av eit stabilt, evolusjonært system som vil kunne bestå i all framtid. Sikra seg sjølv stemmerett og lik lønn for likt arbeid.