Når småbruket dør

Kulturlandskapet forvitrer, tilbake står myrer og kratt.

Under ei gran: Ein slåmaskin meint for ein einaste hestekraft. Han er heilt raud av rust. På ein haug like ved: Eit båtvrak. Det passar elles dårleg inn her, midt i skogen, mange kilometer frå nærmaste vatn. Lenger opp: ein stor borddunge omkransa av vissen geitrams og bringbærris. Det som ein gong var ein fjøs. Våningshuset står enno, men om ikkje lenge gjev taket etter for snøen. Det er så lite, men det har romma mykje liv likevel. Dei siste førti åra har det vore heilt stilt her. Nokre av dei finaste åkrane blir rett nok enno slegne av nabobonden, men dei fleste er attgrodde. Bakkane og skrapteigane er ugjennomtrengelege kjerrjunglar vortne, utslåttane og myrene er på full fart attende til naturen. Ressursane på denne vesle plassen var rett nok sparsame, men dei heldt då liv i ein familie ein gong. No er tida for småbruk snart definitivt over. Dei siste tolv åra har det vorte 47 færre bruk berre her i Hemnes kommune i Nordland. Samdrift gjer det mogleg for nokre å halde ut litt til, men småbruka døyr.
Her er stilt. Ikkje ein gong ungar som leikar i båtvraket. Eit bringbærris veks opp gjennom baugen. Snart løyser havaristen seg opp i jord og mold.
Ein kyrkjegard i skogen om hausten. Men ingen legg ned blomar her, ingen tenner lykter julaftan. Sjølve gravminna er òg snart borte. Jord og rust. Borte i kjerr og kratt. Slike gravminne over ei heil livsform – småbruket, bureisingsbruket, husmannsplassen – det er tett mellom dei her, men det dukkar sjeldan opp sørgjande. Kva skulle vel vere verdt å minnast? Nøysemda, motet, arbeidet, den sosiale uretten, utnyttinga. Kanskje hadde det vore passande med ein krans?