Innholdsannonse

Våg å leve - i fjellbygda Vågå

Når kvardagane er eit kappløp for å få henting, levering, husarbeid, handling, kveldsjobbing, familiebesøk, fritidsaktiviteter, middagslaging, ekteskap og eigentid til å gå opp, gjeld det å ta smarte val. Her er mi resept.
Foto: Kristoffer Mæle Thuestad

Kva ønskjer du deg meir av i kvardagen? Tid? Samvær med familien? Opplevingar? Å flytte frå byen til fjellbygda Vågå sletter brorparten av boliglånet, frir deg frå tidsklemma og gir deg unike arenaer til samvær med dei som verkeleg betyr noko for deg – omgitt av natur i den absolutte Noregstoppen. Ein kan faktisk bli lykkeleg av mindre.

TID TIL KVARANDRE – ROM TIL Å LEVE
Rundt deg spinn verda stadig raskare, men det er framleis mogleg å tøyle farta i eige liv. Hoppe av hardkjøret, til eit tilvære der tida faktisk går sakte, men likevel er fylt med meining. Her midt mellom Jotunheimen, Dovrefjell og Rondane, er vi bortskjemde med ein kvardag som er:

Køfri. Og avstandane er så små at du ofte kan droppe bilen og heller gå eller sykle til gjeremåla. Dei gongane du set deg i bilen er reisa eit frikvarter i spenstig natur, ikkje ein frustrerande tidstjuv morgon og kveld.
Romsleg. På bygda er heimen ein arena for samvær og avkobling, til ein pris som gjer det mogleg å unngå trengsel og kaos mellom fire vegger. Kva med eit skikkeleg leikerom eller eige musikkstudio? Frukthage, garasje og gjerne uthus? Men pass opp, plutseleg er familien utvida med både katt og kaninar.
Roleg. Hos oss er tida noko du fyller med opplevingar, ikkje ei klokke du kjempar mot. Kloss inntil dørstokken lokkar eventyrskog, høgfjell og fire gamaldagse årstider som innbyr til leik – slik at sjølv mor kan finne tid til å dyrke eigne interesser.
Spanande. Hos oss masar sjeldan ungar om å få iPaden ved middagsbordet, dei er for opptekne med å fortelje om geitekillingane dei har klappa, ørreten dei lurte i bekken – eller har det for travelt med å kome seg ut att i akebakken.

Eg veit klisjékvota er sprengd no, men dette kan heilt faktisk bli kvardagen din. Tenk å få vekse opp i ei moderne fjellbygd med eit levande og innhaldsrikt sentrum midt i storslagen natur, befolka av likesinna familiar med tid og lyst til å gi ungane sine opplevingar i staden for merkevarer. Tunge dagar finns alle stadar, også hos oss. Men når du himlar med augo ser du altså ut over Nasjonalparkriket – og lev eit langt meir kompakt liv enn i nokon by.

Foto: Kristoffer Mæle Thuestad

FRÅ ASFALT TIL ABSTINENSAR
Du veit kva du har, men ikkje kva du får, seier du? Kanskje på tide å reflektere over kva du legg bak deg om du tek steget ut av byen:

Gjeld til pipa. Her i fjellbygda blir einebustader selde til rundt 15 000 kronar kvadratmeteren, om du vil byggje husdraumen frå grunnen av, godt under det dobbelte.
Stress. Hos oss ligg jobb, skule, barnehage, butikkar, helsetilbod og fritidsaktiviteter tett som hagl i eit intimt sentrum som attpåtil ser ut som Skomakergata. Du kan gå frå heime til jobb, skule og butikken – og ungane syklar sjølve på fritidsaktiviteter. Vener svipper du innom på veg til eller frå – venskap er ikkje eit stressande gjeremål i seg sjølv.
Kjøpekarusellen. Hos oss er butikkane færre, dei private løningane lågare og tilboda av gratis realisere-seg-sjølv-natur frå aller øvste hylle heilt unikt. Då blir farga på kjøkeninnreiinga mindre viktig.
Jobbfrykt. Her innst i oljeskyggen har du liten grunn til å frykte nedskjæring, utflagging og arbeidslause: Vågå har færre ledige enn dei fleste andre stader i landet – og vi legg meir enn gjerne til rette om du vil starte opp for deg sjølv. Nystarta gründerkollektiv med masse kreativ kompetanse er på plass, og veksthus for produksjonsverksemder i oppstartsfasa opnar våren 2017.
Inaktivitet. I Vågå er naturen det største trekkplasteret, dei fire fantastiske årstidane den fremste vaksina mot inaktivitet og dørstokk-mila.

Dessuten har vi vinter. God, gamaldags vinter med ake- og skiføre frå dørstokken. Avløyst av våren med grøne dalsider og kvite fjell. Somar med innlandsvarme, og ein fargesprakande haust. Der har du året i Vågå – med mektig natur tett på deg i både kvardag og helg. Til å få abstinensar av når du først har opplevd det.

Foto: Kristoffer Mæle Thuestad

IKKJE FANATIKER, BERRE FAN
Eg er ikkje bygdefanatiker: Å flytte ut av byen er utvilsamt eit knalltøft verdival i 2016. Motstrøms dei fleste trendar og preferansar. Men det er dau fisk som flyt med strømmen, og kva bykvaliteter kjem du eigentleg til å sakne på bygda?

Å forsvinne i mengda. Javisst, hos oss blir både du og ungane dine sett. Ikkje dumt i ei tid der alt for mange kjenner på einsemda ved å ikkje vere på innsida i ei digital verd.
Shopping. Hos oss dekkar butikktilbodet daglege behov: Vinmonopol, fjellsport, slaktar, interiør- og klesbutikk, blomsterhandel, apotek, byggevare, bakeriutsal, ferskvaredisk med økologisk lokalmat og Noregs einaste baristabudeie. Skal du ha noko ekstra må du ty til netthandel eller næraste by – og for eit artig avbrekk det er!
Karrierestigen. Du verda så mange moglegheiter du får som stor fisk i liten dam. Hos oss er beslutningsvegane korte, aktørane få, handlekrafta stor og oppgåvene mange for den som vil og kan. Dessutan har Vågå fått sin eigen gründerhub midt i sentrum – ei handfull kreative sjelar med nasjonale kundar, Mac, fiber og nymalt kaffe akkurat som du er vand med i byen. Er du praktisk anlagt opnar snart eit moderne veksthus rett aust for sentrum, tilrettelagt for produksjonsverksemder i oppstartsfasa med eit eiga servicebygg slik at du kan konsentrere deg om faget du kan best.
Valfridom. Visst er tilboda færre i Vågå, men for ei kvalitet dei held! På rad og rekke finn du framifrå barnehage, barneskule og ungdomsskule med fulle årstrinn. Kulturskulen er imponerande i breidde og spiss. Fotball, handball og langrenn på naturleg snø forventar du jo, men to symjebasseng, kinosal, bowlinghall, klatreklubb, terrengsykkelbane, bibliotek, skateanlegg, hangliderarena, hockeylag og eit alpinanlegg rekna som den ukjende perla i Fjell-Noreg? Vel og vrak, seier eg.
Verda utanfor. Vågåmo sentrum tel snaut 2000 sjelar og Gardermoen ligg tre timar unna. Dermed er impulsar mangelvare og ungdommen akterutseilt …? Nå får du logge deg på. Digitale trendar når sjølvsagt Vågå like raskt som Oslo Vest. Skilnaden er at når ungdom i Vågå loggar av så er dei i ein kvardag som gir tid, ro og arenaer til å utvikle eiga personleigheit, talent og kvaliteter. Kan hende er det betre ballast enn likes og delingar.
Asfalten. I Vågå dominerer steinrøys av det spektakulære slaget: Jotunheimen er vårt Nordmarka, Gjende vårt Sognsvann, Besseggen vårt Tryvann. Innanfor ein liten times køyring når du seks nasjonalparkar. Gull utvinn vi frå gråsteinen: Vesle Vågå er storeksportør av ekstremsportutøverar i den absolutte verdstoppen i ski og sykkel – og ein hær nye talent står klare til å løfte arven vidare innan idrett, musikk, handverk og anna fjellkultur.

Dessuten har vi vinter. Skikkeleg kvit, kald, gammaldags vinter med ake- og skiføre heilt til våren tek over med irrgrøne dalsider og kvite fjell. Sommaren med innlandsvarme som kalde fjellbekkar gir avbrekk frå. Og så hausten, så fargesprakande at han kan utløyse abstinensar. Der har du året i Vågå – inga dum ramme kring kvardagen.

Livet i Vågå er ikkje problemfritt, men det er godt. Som ordførar i Vågå ønskjer eg å legge til rette for at puslespelet fell på plass for deg og familien din. Å flytte hit er anti-stoff mot tidsklemme, luksusfelle, inaktivitet og kjøpekarusell – og ein tilsvarande boost for overskotet til å vere til stades for kvarandre og deg sjølv.

Er du freista til å vitje oss for ein smakebit av bygdelivet? Ta kontakt for å få vite meir om kva moglegheiter som ventar i Vågå – kan hende er dei så freistande at du ikkje tør gå glipp av dei. Eitt kan eg garantere 100 %: Ungane dine vil elske å vekse opp her.

Våg å leve – i Vågå!

Helsing Iselin Jonassen, ordførar

PS. Å gje draumen ein sjanse er ikkje ekstremsport: Skulle bygdelivet vise seg å ikkje vere tingen for dykk så er det langt frå verdas ende. Etter sabbatsåret på bygda er vegen attende til byen både kort og smertefri, det meste er som dykk forlot det og bortkasta har fjelleventyret ikkje vore: No kan du og familien slå rot i asfalten i trygg forvissing om at bylivet faktisk er rette tilværet for dykk og ungane. Eg trur det ikkje før eg får sjå det;-)