På staden

Inne/ute

– Kom då. Genseren din ligg her, men nå vil eg sjå at du klarer å ta den på sjølv.

– Heilt sjølv.
Eg ser opp. Så sikker på at han er der. Høyrer den endå tålmodige mors-stemmen min falla mot veggen og så i golvet. Nei vel. Kjøkkenet då.
– Johannes! Skal det bli tur på oss for mørkret kjem heilt, må me snart gå. Kom, så skal eg hjelpa deg på med kleda. Kom då ...
Ei lita stund heilt stille. Eg legg frå meg den blå strikkegenseren på golvet, kjenner kor tunge armane mine er og reiser meg opp frå trappetrinnet. Det nedste der eg har site og venta. Kledd og klar. Gjennom den halvopne kjøkkendøra, ser eg februarlyset detta tungt og sterkt inn vindauget.
Smulane langs golvlistene. Fingeravtrykk og syltetøyflekkar på dei blanke flatene. Eg lyttar, men auga sluttar ikkje å sjå.
Du høyrer eit menneske som står ganske stille i eit mørkt rom. Eller høyrer? Er det ei lukt, ein varme som står ut frå kroppane våre? Ein levande menneskekropp er der. I mørkret. Når det blir stille nok. Når den som leitar, vil finna.
Tankar som framande båtar. Dei kjem inn og lossar. Blir liggjande litt. Seglar igjen utan å ta med seg stort.
– Johannes!! Skal du vera med, må du komma. Elles får eg gå og eta opp heile sjokoladen sjølv ...
Eg legg tre fingrar på kjøkkendøra og lar den gli heilt opp. Dagslyset blankt som ein spegel i rommet. Eg vil ut frå desse smulane. Her er ingen lyd, og nå er det slutt med å venta og lyda. Desse små entreane av tankar ein plutseleg står som fjetra i.
Eg trampar gjennom kjøkkenet, vidare inn i arbeidsrommet. Lagar nok lyd til at eg ikkje skal høyra det om han ikkje er her heller. Den vesle kroppen.
Dagslyset renn som ei heilag elv gjennom skitt og støv og hjørne der ingen er. Eg er berre ein som leitar. Som ingenting har. Berre dette klaprande hjarte som høgg i den tomme lufta.
Muntert ståkar eg på. Rope-syng namnet hans, løfter på puter og bøker og traktorar og bøyer meg som ein skodespelar over kvar einaste tenkjelege gøymeplass. Dampande varm under ullundertøyet. Endevendt over ein leikekasse med kosedyr, kjenner eg blikket på meg. Snur meg.

– Kor var du? Det vesle andletet ser forskrekka på meg frå døra.
Eg vil til å le, men ser i siste sekund kor alvorleg han er.
– Kjære deg, mamma har jo leita etter deg rundt her, eg lurte på kor i all verda du var.
Den vesle skikkelsen bøyer ikkje av si undring, han skal vidare inn i det ubegripelege. Frå bekymring til undersøking.
– Her.
Han er kommen over golvet til meg, står og tar meg i handa.
– Bli med. Eg var under bordet.
Han trekkjer meg mot døra inn til kjøkkenet. Over terskelen og bort til bordet.
– Der. Under der.
Han peiker ivrig mot skuggen bak ein av føtene.
– Hm. Var du der? Høyrte du meg ikkje då? Eg ropte jo på deg.
Han ser på meg med himmelvidt blikk. Ristar på hovudet.
– Du var ein annan stad.
Den litle handa er inne i mi igjen. Han lar seg kle. Står mellom knea mine mens eg får genseren over hovudet. Det elektriske håret som mørk glorie rundt det konsentrerte andletet medan jakka, skjerfet og vottane kjem på i rett rekkefølgje.
– Kanskje ein rev ser oss.
Fryden piplar rundt auga hans. Eg klemmer han inntil meg.
– Den likte du mamma, hoiar han inne frå jakkemagen min.
Den vesle sekken spenner seg som ei forventing på ryggen medan me svingar opp traktorvegen, forbi villbringebærkrattet og dei store steinane med det irrgrøne lavet. Snart har me vendt husa og hagane ryggen. Snart er det berre bekken som susar attmed oss. Den vesle guten går. Stabbete og ivrig. Det kan ikkje vara, men endå er han altfor opptatt av istappar og ein fugl han trur følgjer oss, til at han tenkjer på at han går sjølv.
Med den butte litle fingeren peikar han oss innover i det grågrøne. Mellom stammar av bleikt lys og over skygrå sva der harde røter ligg og endå leitar etter vegar til vatn. Kinnet hans rundar seg som ein kvelving under huva hans. Eg veit han ikkje seier alt han ser.