Reise

Hurtigruta - frå innsida

Nokon som hugsar Hurtigruta minutt for minutt? Her er ein rapport frå den motsette hurtigruta, den som reiste andre vegen på same tid.

Eg reiser med hurtigruta sørover. Den andre hurtigruta, heretter kalla HURTIGRUTEN, siglar nordover i sol på TV-en i den eine salongen. Nokre einslege sjeler sit og ser korleis verdas vakraste sjøreise kan vere. Sørover regnar det.

Den øvre salongen med utsikt (til ein grå vegg) er halvfull av eldre ektepar fordjupa i pocketbøker på engelsk, tysk, hollandsk og spansk. Det er så mørkt at berre dei som sit nærast vindauga klarer å lese utan å plire med auga. Heilt til nokon får den gode ideen å slå på lyset.

Eit sveitsisk syklistpar har sitte i salongen heile dagen utan å veksle eit ord verken med kvarandre eller andre. Når syklistar møter kvarandre er det vanleg å slå av ein prat. Men ikkje dei to. Den spildrande nye og flott utstyrte tandemsykkelen, sikkert kjøpt i forelska rus, står utanfor døra med HOSPITAL Sperr ikke døren Do not block the door. Kva gjer ein då, på tandemtur eller på hurtigruta når forholdet går over styr? Ein må berre halde fram, saman over styret, men helst ikkje over bord.

Rødøyløva og Hestmannen er innhylla av skodde. Polarsirkelen er passert utan at nokon såg han. Over høgtalaren vert Selsøyvika annonsert, og skuleungane har fått fri for å vinke, det er ikkje mange elevar att på Selsøyvik skule, men dei er dei einaste som vinkar til oss mellom Svolvær og Trondheim. Uendeleg med kliss like øyer og skjær. Svartisen ligg på babord side, men den ser vi ikkje. Det er så ulideleg keisamt. Likevel flyg fotoentusiastar ut og inn, klamrar seg til ripa med eine handa og knipsar grå, kjeisame foto gjennom linser fulle av regndropar med den andre.

Det dryp frå solstolane på dekk, det sildrar og renn overalt. Men på TV er det sol. Småbåtar summar som flogar rundt HURTIGRUTEN. Det er flagg, vassfontener og rock and roll frå museumstak.

Det er ingen Elvis-imitatorar på kaiene vi legg til og ingen gorillaer på vass-ski. Ingen korps eller songkor. Det er remjande måker og klissblaute kaiarbeidarar som hutrande legg trossa på plass og køyrer små truckar til og frå.

Dei reisande tek seg likevel ein spasertur. Mannen med dei to svære hundane går som vanleg motsett veg av dei andre, hundane skal gjere frå seg. Dei tre reiser med Hurtigruta fem gonger i året, bur på dekk og kjem alltid om bord att i siste liten. Alle som har lufta seg på kaia må vaske hendene sine med desinfeksjonsvæske, kvar gong. Hundane slepp.

Så er det Captains Dinner, maten er god, den. Det unge, sveitsisk paret ved nabobordet har fått sauestiren *.

Det vert kveld, bartenderen har lite å gjere, for alle lesehestane har gått til ro (eller?) på dei tronge lugarane. Men fiskaren er ein god kunde. Han har vore på tur heilt til Tromsø og attende, på perm frå ein rusinstitusjon.

- Eg må bli edru att til i morgon kveld klokka åtte, slår han fast og går for å kjøpe seg ein ny halvliter. Så fortel han om livet på sjøen og kor kjapt han kan egne ein stamp line. Han fortel om eit havarert ekteskap og at den einaste sonen har kome ut av skapet som homse, og det er litt vanskeleg, tykkjer han. Men men, det er ikkje noko å gjere med det. Skål.….

Det er ingen som frir til kvarandre på hurtigruta mi, men ute på dekk kastar ei kvinne seg rundt halsen på ein ukjend medpassasjer. Fram frå ei krå dukkar kjærasten fram, røskar ho vekk og trugar med å drepe den stakkars mannen. Seinare kjem dei inn i baren for å skvære opp. Han er så glad i dama si.

- Psykiatrisk tilfelle, må ta litt hand om ho, forklarer han. Lineegnaren forsvinn inn i sine eigne krunglete tankar medan han som truga med å drepe for ein halvtime sida fortel at han og det psykiatriske tilfellet er på veg til Praha.

Seinare sit eg saman med tilfellet ute på dekk og røyker, det renn blod nedover sigaretten. Ho har tre born som er tekne frå ho.
- På grunn av vald i nære relasjonar, forklarer ho. Ho er redd kjærasten. Han er brutal. No skal dei på ferie. Vi tenner ein røyk til.
- Du bør kome deg vekk ifrå han, seier eg. Ho nikkar.
- Men han har så god pikk.
Det er ikkje meir å seie. Alt er berre trist. På TV-skjermen bryt baugen på HURTIGRUTEN seg fram langs den vakre kysten av Finnmark, bada i midnattssol og bunader. Kva skjer eigentleg på innsida av den baugen, i baren og på dei små lugarane?

Tidleg neste morgon klappar hurtigruta vår til kai i Trondheim. Der er det enda mindre folk enn då HURTIGRUTEN kom sørfrå. Ikkje eit lite musikkorps ein gong. Adresseavisa har skrive om det pinleg dårlege frammøte i dagevis, ordføraren har beklaga, ho trudde det heile var opptak.

Egnaren er allereie i gang med dagens fjerde halvliter når eg mønstrar av etter frukost. Det er ti timar til han skal mønstre på klinikken. Mannen med hundane har gått seg ein lang tur. Blodspora på dekk er skylt vekk. Tandemen stenger framleis for døra til hospitalet.

Hurtigruta går snart vidare til Bergen, med alle sine lagnader. Det regnar framleis.

* Sauestiren; det å sjå lenge og tomt framfor seg. (Nynorskordboka, UiO)