Homo ecologicus

Sa opp lærerjobben for å bli aktivist

Simon James-Eide vil ikkje kalle klimakrisa menneskeskapt. Han seier at ho er skapt av kapitalismen. Sjølv har han sagt opp jobben for å bruke kreftene på Extinction Rebellion.

Ein marsmorgon i år, i Nydalen, Oslo: Ved Justisdepartementet blokkerer ein bande snømenn utkøyrselen. Dei har med seg plakatar der det står «Snømenn for demonstrasjonsfrihet», «Sikre demonstrasjonsfriheten vår» og «Vi er utryddingstrua».

Eit halvår tidlegare heldt aktivistar frå miljøaksjonsgruppa Extinction Rebellion (XR) ein demonstrasjon som blokkerte trafikken i Oslo sentrum, og som førte til bøter på over éin million kroner. No har XR berre råd til å bruke snømenn som demonstrantar.
– Snømennene håpar at folk rundt i verda skal forstå at den norske staten og politiet er urimeleg strenge mot norske aktivistar. Strengare enn i nabolanda, seier Simon James-Eide. Han var ein av dei ansvarlege for demonstrasjonen utanfor Justisdepartementet.

XR ser det som eit paradoks at slikt skjer i eit land som er kjent for å ha eit sterkt demokrati. James-Eide seier at snømennene også peikte på den store elefanten i rommet: at Noreg framstiller seg som eit miljøpolitisk føregangsland, men er den sjuande største eksportøren av CO2 i verda.

9. august i år kom første del av den sjette hovudrapporten frå FNs klimapanel. Den erklærer «kode raudt for menneskeheita». Det er for seint å nå 2-gradarsmålet. Same seinsommar kjem eit ras av naturkatastrofar som krev fleire hundre menneskeliv verda rundt: flaum frå Kina til Tyskland, jordskred, skogbrannar frå Hellas til Sibir.
(Artikkelen fortsetter)

Abonner på Harvest Magazine

For 99 kr i måneden eller 950 i året kan du lese alt vårt innhold.

Du får nye saker hver uke og tilgang til hele arkivet, med artikkelserier og anbefalinger.

Vi skriver om livskvalitet og samfunn, natur og kultur.
I Harvest finner du sjelden siste nytt, men undring, nye tanker og inspirasjon. Kritisk journalistikk, smarte anbefalinger og gode historier.

Abonnerer du allerede?
Logg inn her