Fokus

Hodet er overbooka

Har eg for mange tankar i hovudet? Tankane svirrar kaotisk. På radioen går det føre seg ein debatt, høyrer eg. I fanget held eg ei gamal avis – opp ned.

Det er som om hovudet er overbooka. Tankane svirrar kaotisk. På radioen går det føre seg ein debatt, høyrer eg. I fanget held eg ei gamal avis – opp ned. Eg borar blikket djupt i veggen, liksom for å fange det som skjer rundt meg, men lydane og orda forsvinn og glepp i siste sekund. Har eg for mange tankar i hovudet? Korleis kan eg finna tilbake til dei gode tankane? Korleis skapa oversikt i kaoset?

Så lenge det er liv, er hjernen i aktivitet: morgon og kveld, her og der. Overalt. Og medan du søv: den gode draumen. Men tankeverksemda er aldri lik, konstant eller statisk. No og då er kapasiteten stor. Tankane strøymer på, pløyer djupt og er klåre. Hjernen er som ei mitraljøse, som fyrer laus med kreativt tankegods og redigerte formuleringar. Andre gonger att er alt stille. Hovudet er som eit stort og einsamt skal. Hypokonderen i meg har stilt diagnosen Alzheimer.

«Hvordan kontrollere tankene.» Eit klikk på Google gjev hundre tusenvis av nye univers og kommersielle løysingar for den som vil auke konsentrasjonen endå meir. Men lat dei gode råda liggje. Kva som gjer at vi tenkjer og konsentrerer oss som vi gjer, er høgst individuelt. Nokon finn ro og fred på ein hektisk kafé, med småprat og kringle, og putrande caffe latte-maskinar. Andre att må bort og vekk, til dømes filosofen Ludwig Wittgenstein. Oppunder bergveggen i Luster fann han roa til dei store språkfilosofiske temaa. Men filosofen måtte ikkje forstyrrast, noko gjetarguten Sakarias fekk erfare, han var på veg til fjellet. Der, utanfor hytteveggen, fekk han eit ublidt møte med austerrikaren: «No vil det gå 14 dagar før eg greier å koma inn att på dei tankane du nett forstyrra meg i.»

«Det er ikkje bra å tenkje for mykje», seier ein eldre ven. Praktisk arbeid er vegen og livet. «Tenkjer du for mykje, risikerer du å bli ein grublar, ein raring», held ho fram. Kanskje har ho rett? Framtidsutsikta for grublarane før i tida var tung og smal. Livet dreidde seg om å overleva, om å takle kvardagens kjas og mas. «Du veit, etter ein drivar kjem det alltid ein svivar», seier ho tørt. Så gjev vi oss med filosoferinga.

Men la meg få vera ein svivar og grublar. Kor sviv eg eigentleg best? Hausten 2012 budde eg ein kort periode i New York for å skrive ferdig ei bok. Byen er intens, og søv aldri. Og kva skjer med ein då? Kroppen er følsam for millionane av menneske og alt som skjer, men her er nok av grøne lommer, bortgøymde krikar eller ein benk i mylderet – plassar som gjev kvile til auga og næring til tanken. Men funkar det? Finn eg roa i straumen av lydar?

Tilsette i Det Norske Samlaget arbeidde i mange år i ope kontorlandskap. Her var ein jamn dur av prat og kaffiskvulp, smatting og klakking på tastatur. Lyden av fellesskap er sosial og inkluderande, men ikkje i lengda. Og ein dag får leiinga nok og skaffar nye lokale – med eigne kontor med fire veggar og ei dør. Til å lata att. Tanken veks ikkje i susen av ufrivillige lydar, men er avhengig av ein kaospilot – deg sjølv – som kan stengje verda ute når det passar.

Den beste forskinga blir skapt i miljø som stimulerer til gode idear, seier professor Nils Chr. Stenseth i Forskerforum 9/2016. Men korleis ser slike miljø ut? For litt sidan vart eg invitert til eit idémyldringsmøte. Målet var å lansere kloke og smarte idear, som skulle generere endå fleire og betre og kreative og spennande idear, vart det sagt. Alle måtte bidra, og alle skulle førebu fem idear kvar. I hovudet mitt var det idétørke.

På veggen hadde kreativitetskatalysatorane hengt opp ei mengd gule lappar med uforståelege ord. Det heile var intenst og fartsfullt og veldig kreativt, men òg tilgjort, påteke, som ei scenisk framsyning utan truverdig regi. Er det her dei beste ideane veks fram? Får eg noko ut av dette?

Tusen hovud tenkjer betre enn eitt, heiter det. Intensjonen med det heile er sikkert god, og velmeinande. Myldring er demokratisk og inkluderande. Alle skal med, alle skal få koma til orde. Idéutveksling med andre er frigjerande, forløysande og ofte naudsynt. Dessutan: Å finne næring til nye tankar i eige vakuum er tungt og einsamt.

Tusen hovud tenkjer kan hende betre enn eitt, men korresponderer naturleg nok ikkje alltid med kvarandre. Dei frie tankane har ikkje lenger full fridom, men må innordne seg, søkje kompromiss, finne felles løysing. Konformiteten gjer oss også sårbare for kritikk og gruppepress. Kanskje tør du ikkje seia det du har på hjartet, og som betyr noko for deg? Dessutan harmonerer ikkje idémylderet alltid med din eigen, pustande kropp: Idear blir ikkje til mellom 9 og 12.30 om morgonen. Ikkje for meg. Ettermiddagane, derimot, fungerer godt, og frå klokka 23 og nokre timar inn i natta er eg alltid på topp. (Når tenker du best? Løsningen finner du under bildet...)

Ill: Magnus Osnes

«Eg tenkjer best i dusjen. Det er sanseleg når vatnet renn fritt, det er reinsande, klargjerande», skriv Anita i ein e-post. Sjølv ringjer eg ein ven. Til Ylve. Eller inviterer meg til ein prat på verandaen hjå Helge. Tenking fylgjer ikkje strukturerte spelereglar, men oppstår i samværet med nokon som har noko å melde, og der ideane kan vekse. I augeblikksmøta. Det uføresette i kvardagen, som vekkjer og stimulerer sansane og som gjer at vi konsentrerer oss endå meir. Eller eg set meg bak rattet. I staden for å skrive lange disposisjonar og tankekart svingar eg nordover eller sørover, eller så langt aust i fjellet eg kan koma. Bak meg legg eg mil etter mil. Landskapet er med på å viske ut og reinse hovudet for det som ikkje treng vera der. Eg snakkar høgt med meg sjølv. Testar nye tankar og idear, nye måtar å uttrykkje meg på. Erling Kagge skriv om dette i den nye boka Stillhet i støyens tid: «Å tale er jo akkurat det stillheten skal gjøre. Den skal tale, og du skal snakke med den og utnytte potensialet som ligger der.»

Dei seinare åra har eg gjort meg avhengig av særskilde lydar, ein slags cyberspace-musikk som får deg til å roe ned, og som eg finn på YouTube. Svake, svevande Enya-lydar – tilpassa naken vidde, eller eit sjarmerande spa. Det beroligande lydsporet er spelt 27 millionar gonger, ser eg, og er populær. Og det funkar. Lydane gjev gode assosiasjonar og gjer at eg fokuserer og konsentrerer meg endå meir.

Når tenkjer du best? Tenkjande menneske treng ikkje tankeseminar, men fridom til å tenkje uavbrote når det er best for dei sjølv. Kreativitet og tenking dreier seg om individuelle prosessar, om ro og konsentrasjon, og om å lirke og lokke fram dei gode tankane når kroppen er mottakeleg for det. Dei gode tankane kjem når du minst anar det.

Bli vår epost-abonnent nummer ti tusen. Tenk så magisk. Du får vårt ukentlige nyhetsbrev gratis her.