Det moderne menneskets overlevelsesguide

Ein morgon bestemte eg meg for å gå heim

Eg hadde budd 30 år i Oslo, og med sekk på ryggen begynte eg på den 360 kilometer lange vegen frå leilegheita på Smestad til barndomsheimen i Odda.

Etter ni dagar og tjue mil på asfalt, nådde eg kommunegrensa til Tokke i Telemark.
Føter og rygg verka, eg var sliten mentalt, og tankane - dei tromla.

Klokka er kvart på eitt når eg kryssar kommunegrensa til Tokke, og no er eg verkeleg i Vest-Telemark. Tokke har ein bjørn i kommunevåpenet, ser eg av skiltet. Det hadde vore noko å skrive om, tenker eg, viss eg hadde møtt på bjørn. Då måtte eg nesten ha late meg intervjue av Vest-Telemark Blad, ja, NRK Telemark ville nok òg vore interessert i å høyre om vegtraskaren som støytte på bjørn langs E134. Eg googlar på telefonen og les at den siste bjørnen i Tokke blei skoten i 2012. Før det blei det skote ein bjørn i 1949. To bjørnar på 70 år? Sjansen for å treffe på bjørn er minimal.
Men dess meir sensasjonell. Det er ikkje utenkeleg at riksavisene vil vere interesserte, men då må eg få eit godt bilete av bjørnen. Eg må halde mobilen klar. Får eg filma bjørnen, vil kan hende Dagsrevyen òg vere interessert. Eller TV 2-nyheitene.
What’s in it for you?
Jo, det skal ein alltid spørje seg om, heilt rett, bravo. Jo, eg vil då bli hugsa som mannen som såg den siste bjørnen i Telemark.
Ja, og så?
Dessutan er det mi plikt å varsle sauebønder, bærplukkarar og hundeeigarar om at det vandrar bjørn i granskogen.
Bærplukkarar? Hah! Det finst ikkje bær på denne tida, og at du skal ha slik omtanke for hundeeigarar, trur eg ikkje på.
Nei?
Nei!
Ålreit. Eg kunne finansiert heile turen heim.
Nettopp! Der kom det.

Abonner på Harvest Magazine

For 99 kr i måneden eller 950 i året kan du lese alt vårt innhold.

Du får nye saker hver uke og tilgang til hele arkivet, med artikkelserier og anbefalinger.

Vi skriver om livskvalitet og samfunn, natur og kultur.
I Harvest finner du sjelden siste nytt, men undring, nye tanker og inspirasjon. Kritisk journalistikk, smarte anbefalinger og gode historier.

Abonnerer du allerede?
Logg inn her