Debatt

Eit stort eksperiment

Den norske regjeringa forsøkjer å tvinga oss til å eta genmat.

I årevis har store delar av verdas befolkning latt seg lure til å vera med på det største eksperimentet som nokon gong har vore gjort på menneskjer og planter.
Den anerkjende biolog og forfattar Dr. Rupert Sheldrake seier i eit intervju:
Eg ser ikkje ei einaste årsak til at vi bør delta i dette enorme eksperimentet, styrt av selskap som berre har eitt mål for auget, og det er profitt. Kva er vitsen med å ta sjansar om ein ikkje har noko å vinne?

Tenk at det er ”miljøministeren” som prøver å godkjenna genmat i Noreg! Attpåtil legg ho skulda på den tidlegare regjeringa fordi dei ikkje tok ei endeleg avgjerd i saka.
- Maisen utgjer ingen uakseptabel risiko for miljøet eller norske forbrukarar. Det har Miljødirektoratet slått fast med fagleg forankring, sa miljøminister Tine Sundtoft i intervjuet med Bergens Tidende.

Er nordmenn viljuge til at ta ein akseptabel risiko? Kvifor skal dei det, når dei kan ta null risiko ved å eta normal mat?
Og kva med råda frå GenØk og Bioteknologinemda om å avslå alle søknadar om import av genmat i Noreg? Om ikkje styresmaktene høyrer på dei som er meint å gjeva dei råd, kven skal dei då høyra på?
Sytti til åtti prosent av alle matvarer i USA inneheld ein eller fleire genmanipulerte ingrediensar. Vil vi ha det slik i Noreg?
Fiskeoppdrettsindustrien har i mange år klart å snu seg unna det norske forbodet mot genmat, og har dimed hatt sjanse til å bruka genfôr i ei rekkje år. Kva tid vart vi informert om det?
I ei årrekkje har det vore ein hard dragkamp mellom EU og USA, kor sistnemde prøver å tvinga EU til å ta imot og produsera genmaten deira. USA har førebels gitt opp å importera nye genmanipulerte organismar til EU sidan størsteparten av borgarane der no går i mot genmat. Europearane har no byrja å avsløre Monsanto, og difor prøver dei sistnemde å få fotfeste i Noreg, der regjeringa er livredd for å missa handelsavtaler. Berre sjå kva som skjedde då Dalai Lama vitja Noreg!
Det er pga. genteknologiloven at vi til no har klart å unngå genmat, men denne loven vil regjeringa ikkje lenger fylgja sidan dei no meiner at handelsavtalane er viktigare enn nordmenns helse. At vi gjennom EØS må godta alle nye genmanipulerte organismar EU godkjenner, er absurd.

BRANSJENS LYGNER:

Sprøytemiddel.
Eg er van med å høyra at genteknologi vert nytta for å redusera bruken av sprøytemiddel. Om ugrasmiddeltilverkaren Monsanto hadde laga desse plantane slik at dei ikkje trong å sprøytast så mykje, ville konsekvensen ha vore at dei selde mindre ugrasmiddel, og dimed tente mindre. Monsanto og andre liknande firma har i ei årrekkje vist at det er nettopp innteninga dei bryr seg om, ikkje folks helse.
Før i tida var det vanlege folk som dreiv gardar og eigde frøa og jorda dei vart sådd i. No er det sprøytemiddelprodusentane som har kontroll over frømarknaden. Er ikkje det skremmande å vite at det er ugrasmiddelfirma som vil laga maten din?

Større avling.
Mange trur at bruk av genteknologi fører til større avlingar. Argumentet har ingen basis i røynda, og kan lett avsannast ved å sjå på tal frå uavhengig forsking.
Ifølge FNs matvareprogram produserast det nok mat i verda til å fø tolv milliardar menneskjer. Motiva for genmanipulering er først og fremst kommersielle eller politiske - utan omsyn til liv og helse. Den verdskjende biologen Dr. Rupert Sheldrake seier: Å hevda at genmat gjev større avlingar er for augeblikket berre lygn og propaganda, som Monsanto brukar for å rettferdiggjera øydelegginga dei held på med.

Monokultur.
Opportunistiske bioteknologiselskap har klart å overtala regjeringar omkring i verda til å godta eit industrielt produksjonssystem med berre eit par typar matplanter. Ved å utvikle eit landbruk basert på planter som alle har dei same arveeigenskapane, får ein monokulturar som toler mindre uvêr og klimaendringar.
Ifølge FNs matvareorganisasjon er meir enn tre fjerdedelar av det genetiske mangfaldet i våre avlingar gått tapt sidan Monsanto kom til makta. Strategien deira går ut på å kjøpe opp produsentar av naturleg sákorn i utviklingsland, for så å stengje dei ned. Slik drep dei all konkurranse. Monsantos monopol på frømarknaden reflekterar dei monokulturane dei tvingar fram med sitt eiga landbruksdiktatur.

Ifølge Den internasjonale konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettigheter (ØSK) er det ein menneskerett å ha tilgong til tilstrekkeleg mat. Dette tyder at maten skal vera av god eller akseptabel kvalitet, og genmat er absolutt ikkje i den kategorien.
Forsking viser at genmat endrar arvestoffet i kroppane våre, men allreie vert det nytta som dyrefôr og menneskjeføde over heile verda, og det før nokon i det heile tatt veit kva det er. Det at mykje av genmaten vert til dyrefôr er Monsantos medvitne strategi for å få snikinnført genmat til alle land. Hadde folk visst at det var genmat dei åt, og dei fylgjene det har, ville dei gjort alt for å unngå den.

At genmat har vore innført så fort fortel meg at ein her har med store krafter å gjera. Monsanto er ei av dei einaste merkevarene på jord som ikkje vil at du skal vite at det er deira produkt du kjøpar. Det er yttarst mistenkjeleg!
På syttitalet tilverka dei det livsfarlege sprøytemiddelet ”Agent Orange”, og ramma over fire millionar vietnamesarar, og gjorde over ein million av desse funksjonshemma. Monsanto vart aldri straffa for dette, sidan ”Agent Orange” var rekna som eit sprøytemiddel, og ikkje eit biologisk våpen på denne tida.

Mot naturlovene?
Genmanipulering er ikkje det same som krysning, som har vore praktisert i mange år.
Bioteknologien tek ikkje omsyn til Darwins naturlov som seier at eksisterande genetiske strukturar har utvikla seg over millionar av år, og skapt ein perfekt balanse i naturen. No vert denne hårfine balansen øydelagd, og det skjer forandringar som ikkje kunne ha skjedd naturleg. Dette hender ekstremt raskt utan at ein har tilstrekkeleg oversyn over moglege fylgjar.

Filosofen Arne Næss meinte at alle dyr og planter på jorda er med i eit uendeleg fint og samansett økosystem, kor dei alle er avhengig av andre arter for å klara seg. Om ein forandrar ein organisme i naturen, vil det ha fylgjer for andre arter. Det at organismar tilpasser seg miljøet kring seg for å overleva vil i praksis innebera at når ein sprøyter planter med ugrasmiddel, vil insekt, ugras og bakteriar læra seg å tola gifta. Genmat er ikkje berekraftig sidan fleire typar insekt og bier vil døy ut før dei vil vera i stand til å utvikla resistens. Biologisk forureining kan verta den største fara ved genetisk forandring. Skadelege organismar kan verta motstandsdyktige mot antibiotika, og desse kan formeira, spreia og forandra seg.

Norsk forskning på genmat.
Eg har tala med forskar Thomas Bøhn ved GenØk i Tromsø, som står for den fremste forskinga på genmat i Noreg. Bøhn fortalde at vasslopper fôra med genmat hadde mykje dårlegare overlevingsevne, enn dei som vart fôra med vanleg mat. I tillegg testa dei ti typar genmat, og fann ekstreme mengder kreftframkallande ugrasmiddel i sju av ti prøver. Undersøkinga viser òg at styresmaktane i land kor genmat er lovleg, justerer grenseverdiane ikkje basert på nye vitskaplege bevis, men etter kor mykje sprøytemiddel dei finn i vekstane. I Europa vart grensa heva frå 0,1 mg pr. kg til 20 mg pr. kg (ein 200-dobling) i 1999!

Monsanto har infiltrert det amerikanske rettssystem og miljødepartement. Den tidligare nestleiaren i Monsanto er no direktør i det amerikanske mattilsynet! Det er dette nære forholdet mellom lovmakarane og bransjen som er årsaka til at matprodusentar i USA ikkje er tvungen til å merkja genmat. FDAs direktør gjekk nemleg mot lovforslaget om å merkja denne type mat. Monsanto har uttalt at dei er redd merkinga ville villeie forbrukarane!
Årleg leiger Monsanto inn tusenvis av lobbyistar, advokatar og PR-firma for å spreia deira påstandar, slik at forbrukarane skal verta mindre skeptisk til genmat. Monsanto har tidlegare forsøkt å bestikka journalistar med opp til to millionar dollar for at dei skulle halde kjeft om helseproblema genmaten fører til.

Monsanto lover bøndene høgare avkasting og større inntening, og lokkar dei inn i kontraktar kor bonden må kjøpa frø i tillegg til sprøytemiddel. Dagens amerikanske bonde kan snart ikkje velja å driva utan genteknologi. Om han driv konvensjonelt og åkeren vert påverka av genmat, kan han risikera å verta saksøkt for ulovleg bruk av Monsantos patent. Om han driv økologisk kan han i tillegg risikera å missa sertifiseringa, og må i verste høve velja mellom å leggja ned drifta eller å inngå kontrakt med Monsanto.
Kvar forskar som uttalar seg negativt om genmat vert forsøkt latterleggjort av "ekspertar" leid inn av Monsanto. Mange slike forskarar har slik mist jobbane sine, eller vore nekta vidare forskingsmiddel.
Biologiprofessor Gilles Eric Seralini er ein av ekspertane som vert latterleggjort, for å sá tvil om hans integritet som vitskapsmann. Resultata av ein studie han publiserte i 2012 viste tydelege helseproblem som kreft, organsvikt og sterilitet i rottene han fôra med genmat. Ingen vitskapsstudie er perfekt, men Seralinis to årlege studie av genmat, er mykje betre enn Monsantos eiga studie som berre vara i tre månadar. Testen som vart nytta for å legalisera Monsantos genmat vart spesialdesigna av bransjen sjølv, ikkje av uavhengige forskarar.

Den moderne grådigskapstrenden søkjer berre maksimal fortenest. Dette er deira einaste ”ansvar”. Slik maksimerar ein (ifylgje teorien) både effektiv ressursbruk, tal på arbeidsplassar og verdiskaping. Forbodet mot genmanipulert mat eksisterar av tryggleiksgrunnar, men sidan genmanipulert mat er billigare å produsera vil det vera mogleg å tene meir pengar på den. Difor pressar aktørar innan grådigskapskulturen på for å liberalisera lovgjevinga her, og regjeringa vår stoler blindt på desse aktørane.
Eg meiner det er ei grunnleggande motsetning mellom grådigskapskulturen og berekraftig utvikling: Kapitalismen er avhengig av evig vekst utan grensar - naturen har avgrensa ressursar.
Løysinga.
Vi må innføra eit totalt forbod mot genmat i Noreg for å kunna halda landet fritt for skadeleg mat. Oljefondet må kvitta seg med sine investeringar på 13 milliardar kroner i Monsanto, og liknande firma. Den norske regjeringa må fylgja føre var-prinsippet, og høyra på uavhengige forskarar som ikkje er lakeiar for kapitalen. Regjeringa må ikkje bøya seg for store multinasjonale selskap som går over lik for å få større inntening.
Vi må òg jobba aktivt for å setja spørsmål ved dei retningslinjene som ligg til grunn for EUs bruk av genmat. I tillegg må vi som konsumentar gjera alt vi kan for å opplysa kvarandre om farane med genmat. Hugs Francis Bacons sitat ”kunnskap er makt”, og jo meir vi vanlege folk veit, jo meir makt har vi òg. Tenk på kor du plasserar pengane dine. For kvar krone som går til økologisk landbruk stør du gardbrukarar som ikkje berre tenkjer profitt, men òg på folks helse.

Over heile verda går folk i tog mot Monsanto. Det er viktig å tenkja på at det skjer grøne framskritt kvar dag. I storbyar over heile verda dyrkar folk grønsaker i byhagane sine og sel overskotet til lokale restaurantar. Eit initiativ kalla Noas Ark vart nettopp starta for å gjeva frie bønder eit alternativ til Monsantos ”daude frø”. Vi kan ikkje ha ein regjering i Noreg som opptrer som nikkedokke for EU og den amerikanske matvareindustrien, og påførar sjukdom til sitt eiga folk! Kvifor er det slik at ein må bevisa at noko er utrygt og farleg for å klara å halda det unna marknaden?
Det burde ha vore motsett.