Klima og psykologi

Folk vil alltid protestere mot endring. Det er ei naturlov.

– Vi hatar å miste det vi har meir enn vi likar å oppnå noko nytt. Status quo er dermed klimaet si største utfordring, seier Princeton-psykolog Elke Weber.

– Som Henry Ford sa: Hadde han spurt folk om kva dei ville ha, ville dei sagt raskare hestar. Psykolog Elke Weber frå Princeton-universitetet i USA er i Oslo for å snakke til norske forskarar og beslutningstakarar om korleis vi reagerer på endring. Eigne uvanar. Samfunnsendring. Klimaomstilling. Som vi alle veit no, etter fleire tiår med dystre og stadig meir treffsikre rapportar frå FNs klimapanel, må det ei stor systemendring til, og vel så det, om vi skal ta kunnskapen om klimaendringane på alvor og prøve å gjere noko med dei. Noko som monnar.

Forskingsrådet si konferanse stilte difor dette veldig betimelege spørsmålet: Tenke det, ønske det, ville det – men å gjere det? Ja, det var det, då.
– Vi er ikkje rasjonelle. Mennesket er ein skapning som lever etter vaner og etter hjartet. Og vi lærer aller best av personleg erfaring, seier professor Elke Weber frå talarstolen. Personleg erfaring med endring, helst av det positive slaget, er altså det som skal til for å få til eit grønt skifte. Er det så enkelt?

Miljøfilosof Arne Johan Vetlesen seier også at erfaring er heilt essensielt. Skal vi utgjere ein forskjell i den verkelege verda, skriv han, i den sosiale så vel som i naturen, må vi slutte å berre teoretisere naturen. Vi må erfare naturen, skriv han i boka The Denial of Nature; vi må bli glad i naturen.

Vi må altså gjere naturopplevingar til ei vanesak og ei hjartesak, for å bruke Weber sine ord.
Åtferdsøkonom Steffen Kallbekken har også gjentekne gongar påpeikt at når folk erfarer klimatiltak, og ikkje minst når vi erfarer at klimatiltaka ikkje berre frårøvar oss ein fridom vi ein gong hadde, men gir oss ein gevinst, då kan vi like klimatiltaka. Vi kan jamvel kome til å elske dei, bedyrar Kallbekken.

Elke Weber har gjort seg liknande vitskaplege erfaringar. Ho har dei siste åra studert folk sine reaksjonar på det ho kallar to modige endringstiltak: Karbonskatten som blei innført i British Columbia, Kanada, i 2008 og røykeforbodet som blei innført i New York City, USA, i 2002. Begge avgjerdene blei først møtt med sterk motstand, men etter kvart som folk blei vande med dei – erfarte dei – avtok motstanden.
Så kvifor aukar CO2-utslippa då, når endring viser seg å ikkje vere ei skummel affære likevel?
– Folk vil alltid protestere mot endring. Det er ei naturlov. Opposisjon er ibuande i mennesket, like leis opposisjon mot opposisjonen, seier Weber.

– Klimahandling krev at vi ofrar noko. Samstundes har altfor mange ei sterk interesse i å ikkje gi opp det vi må gi opp - eit stadig aukande forbruk, til dømes. Dermed blir det lett å så tvil om kva retning vi bør gå i, seier ho og viser til den berømte sakprosaboka Merchants of Doubt som handlar om kor lett vitskaplege fakta kan vris i ei retning som tåkelegg røyndomen. Boka blei omskapt til dokumentarfilm i 2014.
– Folk har så lett for å tru at å gjere noko for klima vil vere vondt, og smerte er vi ikkje villige til å omfamne så lenge ingen kan garantere oss ei betre verd i andre enden. Og det kan dei jo ikkje! Klimaendringane og klimahandling inneberer stor usikkerheit, problema er massive, og kollektiv handling er det einaste som verkeleg vil monne. Klimaendringar er den perfekte stormen, seier Weber.

Status quo er dermed klimaet si største utfordring. Vi vil gjere som vi har gjort. Men kvifor er vi meir redde for å miste litt ved å omstille oss enn å tape alt i ei fire gradar varmare verd?
– Vi hatar å miste det vi har meir enn vi likar å oppnå noko nytt. Det er menneskeleg. I tillegg tenkjer vi at handlingane våre ikkje er så destruktive som vitskapen skal ha det til; vi har jo heldt på med det same i fleire hundreår og her er vi framleis, med nokon lunde gode liv. Aktivitetane våre har ikkje tatt livet av oss enno, tenkjer vi, så då er det vel like fornuftig å halde fram som å slutte, då, seier ho.

I arbeidet med framtidig klimaomstilling meiner ho infrastruktur er ein nøkkelfaktor:
– Den må vere berekraftig, seier Weber.
Det som skal til for å lykkast med klimatransformasjon er altså klimavenleg infrastruktur. Og sjølvsagt: modige politikarar.
– Kva innsikter frå psykologien vert oftast oversett av politikarane?
– At folkemeininga ikkje er skrive i stein. Tenk på folks velferd først! Det vil lønne seg. Folks oppfatning av ei politisk sak, og av eit klimatiltak, kan forandre seg. Ein politikar må alltid forvente seg motstand mot inngripen. Men ofte er det slik at folkemeininga endrar seg med tida, og blir meir positiv når folk får erfart tiltaket.
– Framgang er eit ord det (ny)liberale samfunnet vårt likar godt. Kva er framgang for deg?
– Vi trur større forbruk skal gjere oss lykkelegare, men slik er det ikkje. Fellesskap, ein meiningsfull jobb og eit meiningsfullt liv er viktigast for lykkekjensla vår. Framgang for meg, i klima- og miljøspørsmål, er difor meir av dette som er meiningsfullt for oss.
– Kor optimistisk er du på vegne av klimaomstilling?
– Klimahandling er kjempekomplekst. Endring skal skje på fleire nivå; individuelt, økonomisk og politisk, og desse nivåa må helst snakke saman. Psykologifaget kan bidra med betre beslutningstaking og betre og meir langsiktig koordinering i klimaomstillingsarbeidet, trur Weber.

Abonner på Harvest Magazine

For 99 kr i måneden eller 950 i året kan du lese alt vårt innhold.

Du får nye saker hver uke og tilgang til hele arkivet, med artikkelserier og anbefalinger.

Vi skriver om livskvalitet og samfunn, natur og kultur.
I Harvest finner du sjelden siste nytt, men undring, nye tanker og inspirasjon. Kritisk journalistikk, smarte anbefalinger og gode historier.

Abonnerer du allerede?
Logg inn her