Gruvedeponier i Norge

Lite oksygen på botn i tidlegare deponi

– 30 år etter at gruvedeponeringa i Jøssingfjorden tok slutt, er dette overraskande funn, seier havforskar Tina Kutti.

For det utrente auget skil ikkje fjordbotnen seg markant frå vanleg fjordbotn i utsjånad. Vatnet er oksygenhaldig nok til at fisk og krabbar kan leve der. Ned i botnsedimenta blir det raskt ugjestmildt. Foto: Havforskningsinstituttet.

Til 1984 var fjorden heilt sør i Rogaland brukt som gruvedeponi. No, 33 år seinare, vil forskarar frå Havforskingsinstituttet og Universitetet i Bergen sjå om han har henta seg inn igjen. Med ein kjernehentar tar forskarane opp sylindrar av sediment frå havbotnen. Fortløpande analyserer dei dyrelivet i sedimentet og måler oksygeninnhaldet nedover i søyla. I alt tar dei opp prøver frå seks stasjonar for å få eit representativt utval. Fire av stasjonane er brukt før av andre forskingsaktørar.
– I sedimenta frå ein normal fjordbotn lever det typisk fleire ulike artar. Her finn vi berre slangestjerner. Når éin art dominerer, er ikkje forholda som dei skal, seier toktleiar Kutti.

Jøssingfjorden er 2,5 kilometer lang. Han minner dermed meir om ei lang bukt enn ein typisk fjord. Frå 1960 til 1984 var han deponistad for gruveavfall. Dyngadjupet, like utanfor fjordmunningen, var deponistad frå 1984 til 1994.

Prøvene av havbotnen frå både Jøssingfjord og Dyngadjupet viser det same låge oksygeninnhaldet som gjer havbotnen vanskeleg å leve i. Forskarane har også med seg undervasskamera som dei sleper over sju transsekter, linjer på kartet. Bilda gir eit meir blanda inntrykk:
– Vi ser bakterimatter, felt av bakteriar på botnen. Dei lever av sulfid og metan som lek ut av sedimenta, fortel geobiolog Ingunn Thorseth frå UiB.
– Samtidig er oksygennivået i sjølve sjøvatnet høgt nok til å halde liv i dyr som fisk, krabbe og sjøfjær, som vi ser sporadisk. Det er altså ein brå overgang frå sjøvatnet, der dyr kan leve, og ned i sjølve havbotnen til null oksygen, seier Tina Kutti.
Ho hadde ikkje venta at Jøssingfjord skulle sjå slik ut 30 år etter deponeringa. Kollega Ingunn Thorseth har vore på tokt i fjorden tidlegare og er ikkje like overraska. Geobiologen fortel at det vil ta fleire generasjonar før det bygger seg opp eit nytt, naturleg sedimentlag på botnen.
– Det er viktig at vi studerer denne fjorden for å få meir kunnskap om kva som skjer i avgangsmasse og korleis naturen hentar seg inn over tid. Særleg når vi diskuterer nye deponi i framtida. Når vi ser korleis det ser ut her, er det tydeleg at vi har mykje å lære, slår Tina Kutti fast.

I etterkant av toktet kjem forskarane til å gjere grundige analyser av dyrelivet i prøvene, og også kjemiske analyser av sedimenta. Sidan dei har lite tidlegare data frå Jøssingfjord, blir dette toktet eit grunnlag for meir forsking der i framtida.

– Det er viktig å studere denne fjorden for å få meir kunnskap om kva som skjer i avgangsmasse og korleis naturen hentar seg inn over tid. Særleg når vi diskuterer nye deponi, slår Tina Kutti fast.