Leirbålet

Fem bilder du ikke får se fra fisketuren vår

Skribenten orka ikke sende bilder til saken om familiens fisketur. Det ble "too much", sa hun.

Det er ein hustrig septemberdag vi har pakka med oss ungar, hund og utstyr for ei overnatting ved eit fjellvatn ved Tesse i Lom. Eg skal ikkje romantisere. Det er ungar og sekkar både foran og bak, alt og alle skal berast opp nær tre hundre høgdemeter. Fiskestenger stikk ut og remmer heng ned, nokon sit på ryggen og nokon på toppen av sekken, kanskje var det nokon på magen også, eg hugsar ikkje, men det måtte det nok vera. Ein skulle kanskje tru vi skulle vera borte lenge, men såleis var det ikkje.

Frå turen har eg fem kornete og mørke bilde kanskje knipsa med venstre hand:

# 1 Endeleg på veg-bildet

Skildring av bildet: Eg går bak og har mannen i huset nokså greitt plassert midt i bildet. På ryggen har han den største sekken vi har, mogleg ein 110 liters, grøn. Opp stikk det som ser ut som ei antenne. På toppen, oppå sekken, over aksla på far sin, sit det ein unge. Far prøver å balansere ungen så han ikkje dett ned. Det ser ut som om mannen ber ei tung bør. Bakgrunnen i bildet er ein lang motbakke.

Bak bildet: Det er heilt rett observert, det var nok ei tung bør. Mannen er seig og sterk og har pågangsmot og er vant til å bera tungt, men det finst sikkert grenser. Det som stikk opp av sekken er sjølvsagt ikkje ei antenne, men ei fiskestang.

Vi er sveitte og slitne nokon einkvar når det endeleg flatar ut og vatnet ligg framom oss. Berre vent til kvelden kjem, når ungane har sovna – da skal fisken prøvast! Det syner seg at vi ikkje blir åleine her oppe denne natta. Eit par andre telt står ved tjønna, og lavvoen vår kjem også på plass. Det er fint oppå her. Mykje stein, vidt, vi er på fjellet.

# 2 Kveldsbildet

Skildring av bildet: Kveld i teltet. Den største ungen (2) er bustete på håret. På bildet kan ein sjå at ho ler høgt, at ho ler litt ukontrollert, kanskje til og med utan at noko faktisk var artig, at ho ler berre på grunn av ein cocktail av ekstase over nye omgjevnandar og trøyttheit. Ho har selebukse med tjukkgenser, og hals. Bildet er teke nedafrå og opp, slik at den gule innerduken i lavvoen er bakgrunn. Nedst i bildet kan ein skimte soveposer og pledd.

Bak bildet: Ettermiddagen er sein, og som vanleg har vi ambisjonar om å få ungane i seng til sju. Dette er store tankar når ein er på tur. Ingen klarer vel å sovne når alt er nytt, når lyngen enda ikkje er utforska, fiskesnøret ikkje har vore i vatnet og lavvoduken blafrar i vinden.

Og; kva tenkjer dei på desse teltprodusentane som alltid syr innerteltet i gult? Dagslyset flaumer sjølv når det er skumring utanfor, trekkjer til seg den siste resten av ljos som ligg over fjella etter at sola har gått ned, lagrar det i den gule duken til langt på kveld. Det er ei kjend sak at gult verker stimulerande. Vel. Eg kan vel ikkje leggje skulda på innerteltet åleine. Det er berre slik ein legg merke til når alle sansar er opne i søvnkampen sin heite, og det er så lett å leite etter nokon å skulde på. Innerduken i teltet er ein passiv motstandar, blafringa kvalifiserer ikkje som diskusjonspart.

Vi har også med oss ein liten ein på fire månadar med vidopne augo nedi soveposen, han kavar med armane og vil ut, vera med. Det er ingen av dei to som har intensjonar om å sovne til sju denne kvelden.

At bildet er teke nedafrå og opp tyder på at eg prøver å vera eit godt døme ved å liggje, slik ein gjer når ein skal sove. At ungen sit på kne, lett bakoverlent, og gapskrattar, tyder at noko ved framferda mi er mislykka. Eg prøvde å roe ho ned og få ho ned i soveposen, men det gjekk ikkje an. Rett og slett.

Det er seint på kveld når to små endeleg søv godt i skinnfell og sovepose. Eg ligg attmed ein av dei, adrenalinet er fortsatt over det daglege snittet, og far har forsvunne frå åsstaden og står ved vatnet og kastar etter fisken.
Det blir ingen fisk denne kvelden. Det vart visst noko med fiskesnella.

# 3 Morgonbildet

Skildring: Morgon i teltet. Eit lite englebarn (4 mnd) tittar opp frå soveposen. Han ser fatta ut, betraktar oss med ro, som om ingenting har skjedd. Han har lilla lue og blå auge, liten nase og fornøygd munn. Det er eit fint lite fjes, som ein blir glad av å sjå. Eit fornøygd morgonfjes.

Bak bildet: Bildet seier ingenting om korleis natta faktisk har vore.

Bildet syner nok den einaste som hadde eit fornøygd morgonfjes denne dagen. Natta blir kort, det er vanskeleg å hugse kva vi åt til frukost, men vi åt inne, og utan at eg kan hugse nøyaktig, kan eg nokså sikkert seia utan å lyge at det var brød og pålegg langt utanfor måltidet si eigentlege sfære.

Om formiddagen står vinden på frå sørvest. Solan, hunden, har sove ute om natta, og ligg krølla og fin ved ein stein, i regn og vind, utan å sture. Vi synest han kan vera stolt over å hente fram polarhundgena sine når det er naudsynt, han som dei siste månadane mest har sove inne om natta, trekkfritt og på pledd.

# 4: Turbildet

Skildring: Vi har kome oss ut av teltet. Den vesle fiskestanga er med, den er veldig grøn. Den største ungen fiskar. Bak ho står far og hjelp til. Hunden har gått rundt han med leietauet sitt minst ein gong, og far sine leggar er såleis surra inn i tauet. Hunden står strak og stram i stramt leietau og værar mot vinden, halen har høg krøll. Den største ungen er glad. Horisonten i bildet er veldig skeiv. Vatnet er veldig grunt, mange brune og grå steinar stikk opp.

Bak bildet: Ungane blir pakka inn i regn- og vindtett, turhumøret blir standhaftig heldt oppe av sunn fornuft og folkeskikk. Ungane har det heilt fint og kosar seg også i blåsten.

Vatnet der dei to står er så grunt at neppe eingong er ørekyte der. Bildet er litt spennande, eigentleg, for det kan sjå ut til at det berre er eit spørsmål om tid før hunden går frå væring til faktisk handling. Kva skjedde etter at bildet var teke? Ingenting, trur eg. Hunden fekk ingen plutselege innfall som gjorde at han drog far hovudstups ut i vatnet.

Derimot observerer vi eit par karar med ein plastbåt som går harde timar i møte. Dei er ein fornøyeleg oppkvikkar for oss, her vi står i blåst og fiskesnørekveiler. Båten deira blir ved hjelp av handmakta til den eine karen heldt i ripa og dratt bortover langs land, i motvind. Den andre karen sit i båten og held på hatten og fiskeutstyret. Rå muskelkraft må til for å halde på den lette plastbåten, vinden er ein kranglevoren motstandar. Vi snakka om at sjølvironien sit nok langt innafor fiskevestane til dei to karane i denne stunda. Kanskje gjorde det til og med litt godt å sjå at også andre strevde litt, utan at vi sa det høgt til kvarandre.

Eg kan tenkje meg at for min eigen del var det litt greitt å vera utanfor situasjonen i dette bildet. Eg slapp å ordne opp med hund rundt beina og fiskestang med ubrukbar barnesnelle, eg kunne vera berre fotograf. Sjå situasjonen utanfrå, kan ein seia. Smil!

# 5: Familiebildet

Skildring: Vi har gått lenger bort frå vatnet, ville ha litt utsikt. Eg er fotograf, så familiebildet er ikkje komplett. Vi hugsa sikkert ikkje på at vi kunne brukt sjølvutløysaren. På ein stor stein sit far. Den eldste ungen står ved sidan av, blid. Den minste sit på fanget, innpakka i ein del klede og er liksom ein liten slapp sekk som ungar ofte er når dei sit på fanget og ikkje er gamlare. Det er tydeleg at det bles. Far er litt stram i fjeset. Mot meg, i stramt band, står hunden og værar mot vinden. Fortsatt.

Bak bildet: Dette er rein dokumentasjon, sjølvsagt, som familiebilde vanlegvis er. Steinen eignar seg bra til å støtte seg opp mot, og vi har gått passe langt frå lavvoen. Vi har også gått akkurat passe langt til at den minste ungen fortsatt er mett etter siste måltid, og enda ikkje skrik av svolt fordi det er for lengje sidan siste pupp.

Sikkert for å dokumentere at det faktisk var eg som var med resten av familien på tur, finst det eit bilde av meg og minsten også, frå den same staden. Eg har langt hår som flagrar ut frå hetta, eg kan verkeleg kjenne kor irriterande det måtte vera å ha håret flaksande rundt augene og nasen og sikkert inn i munnen. Eg ser litt snerpete ut og knip augene litt saman. Minsten sit på armen min og har dobbelthake, men ser elles nøgd ut.

Epilog

Eg skulle sjølvsagt ønskt eg kunne skrive ei historie som fortalde om den gongen vi sov som steinar gjennom natta, heile familien, og drog den fenomenalt blanke storfisken opp i fri luft morgonen etter. Bilda skulle vera klare og fine, med blide folk i lystig friluftsaktivitet. Men dette vart inga slik historie. Det vart ingen fisk. Å kaste i motvind nyttar ikkje, ruskete medvind er ikkje så medgjerleg den heller, og å nøste opp i ei ugrei snelle med høgre hand medan ein unge sit på venstre arm gjev heller ikkje ideelle arbeidsforhold. Det er mykje vi kan skulde på, men flua eller duppen og marken må i det minste røre ved vatnet for å hanke inn fisk.

Utpå eftan denne andre dagen står lavvoen vassrett i lufta medan vi tek den ned att. Men i sør opnar himmelen seg, solstrålene trenger gjennom, og fjellet lysnar opp. På tur nedover att er det liksom som om turen blir skikkeleg fin, og at vi ikkje hugsar den nærast søvnlause natta, ei trasig fiskesnelle og snøret som hektar seg i lyngen, og bleieskift og amming i vinden.