Fra grøftekanten

Eventyret om Prestekragen og dei tre trolla

Salt-trollet. Kverketrollet. Og Kantklipparen.

Det var ein gong eit lite frø som låg i ein grøftekant og akkurat hadde begynt å spire. Små frø veit veldig godt når det er tid for å spire. Dette vetle frøet skulle bli til ein prestekrage – kanskje. Det hadde vore ein hard vår, der det låg i saltsuppa etter alle saltbilane som for langsetter vegen vinterstid. Mange av frøa ikring hadde ikkje greidd å spire, og trea langs vegen hang saltsjuke med krona si. Men no hadde salttrollet krope inn på det inste kontoret hos Vegvesenet att, og regnet hadde skylt bort det verste saltlaget på vegen sin heim til sjøen.

230 tusen tonn salt, som høyrer heime i havet, vart pøsa ut på norske vegar i fjor vinter. Miljødirektoratet innrømte allereie for fire år sia at vegsalting fører til omfattande skader på naturen, både innsjøar, elver og grunnvatn, jordsmonn og vegetasjon. Saltet får bilar og syklar til å ruste. Men salttrolla får ture fram likevel, fordi saltet hindrar vatn i å bli til is, og is på vegane er jo heller ikkje bra, for då må bilane køyre saktare, elles sklir dei inn i kvarandre eller av vegen. I Rogaland har ein forresten sleppt ut det godmodige sandtrollet att.

Den vesle prestekragespira stakk så vidt opp av jorda der i grøftekanten. Ho såg andre små spirer på veg opp, mest løvetann. Dei som hadde overlevd saltinga strekte seg mot lyset og stakk røtene sine lenger ned i den fuktige molda. Dei venta på neste fiende: kverktrollet, som var enda farlegare enn salttrollet. Kverktrollet påstod at bilane kunne miste sikten av prestekragar, blåklokker og løvetann. Det må vere veldig låge sportsbilar kverktrollet tek omsyn til. Dessutan hatar kverktrollet løvetann like mykje som det elskar Roundup. Denne kverken inneheld glyfosat, eit giftstoff som er sterkt mistenkt for å vere kreftframkallande. EU vurderte å forby det i fjor, men produsenten Monsanto fekk løyve til å selje det i fem år til, under sterk tvil og heftig lobbying.
Glyfosat dreper alt grønt, slik at villbier, sommarfuglar og andre insekt mistar maten sin. Så døyr dei, og fuglane får heller ikkje nok mat. Så døyr dei og.
I byggjefelta slenger kverknissen opp eit par skilt der det står at ungar bør halde seg unna dei sprøyta grøftekantane. Særleg gjeld dette småungar, som ikkje kan lese…
«Det er heilt ufarleg», seier kverktrolla og kverkbøndene før dei tek på seg heildekkande dress og gassmaske og går til kverket.

På hagesentra kan du kjøpe Roundup til hagen din. Eller kanskje du har Calypso, Confidor eller Provado ståande i boda, som ikkje inneheld glyfosat? Men dei kan innehalde neonikotinoidar, som øydelegg nervesystemet til bier og humler. Så ei humle som samle nektar i hagen din kan ende opp i døds-krampar som fjølge av desse sprøytemidla. Då er det ikkje mykje hjelp i å byggje humlehotell. Mattilsynet i EU (EFSA) går heldigvis inn for å forby neonikotinoidar utandørs.

Vår vesle ven, den aller siste prestekragen i denne grøftekanten, voks og venta.Der kom kverktrollet. Løvetann og geiterams knela og visna. Humler og bier som ikkje kom seg fort nok vekk, døydde. Restane av gifta forsvann ned i jorda, ned til dei millionar av små vesen som bur der nede, til meitemarken som fekk vondt i magen. Gifta vart ført vidare med bekkar ut i elva og fjorden.
Men prestekragespira i grøftekanten overlevde kverktrollet også, mot alle odds.

Ein gong stod grøftekantane fulle av blåklokke, prestekragar, kløver og raud jonsokblom. Dei som forskar på insekt er uroa. Dei seier vi går i ekspressfart mot den sjette store masseutryddinga. Kring 75 prosent av alle insekt i tyske naturreservat har forsvunne dei siste 30 åra. Og her? Hugsar du frontruta på bilen, korleis den vart pepra med insektlik for eit par tiår sida? Kvifor er det ikkje lenger slik?

Vi klarer å forårsake både flaum og tørke med vår tankelause framferd. Visste du at tre kan snakke saman? Ikkje slik som vi, men dei kommuniserer. Det er så mykje vi ikkje veit. Så mykje av skaparverket vi ikkje bryr oss om. Det vi ikkje veit namnet på, bryr vi oss iallfall ikkje om. Jordbakterien Mycobacterium vaccae, til dømes. Den får hjernen vår til å produsere ekstra serotonin, hormonet som gjer oss lykkeleg. Det er difor vi blir så glade av å grave i jorda. Vi har aksjonar for å redde nashornet og den sibirske tigeren, vi blir fortvila over den dystre framtida til isbjørnen. Men kven bryr seg om å redde Mycobacterium vaccae? Kven går i tog for trøndertustlav?

Den førpubertale prestekragen drøymde om sol og summande insekt, om å bløme, bli vakker, og kanskje om ei lita barnehand som plukka ho og batt ein blomekrans jonsokkvelden. Men aller mest ønska ho å spreie frøa sine, slik at det kunne bli mange nye prestekragebarn. Dette instinktet er like sterkt hos prestekragen som hos oss.
Ho voks og voks, snart kom ein liten knopp, og ho gledde seg til å springe ut.
Men som i alle eventyr; det er alltid tre troll. Det siste trollet er storkjeften. Kantklipparen som et seg framover som i Landskap med gravemaskiner av Rolf Jacobsen:

«De spiser av skogene mine.
Seks gravemaskiner kom og spiste av skogene mine.
Gud hjelpe meg for en skapning på dem.
Hoder uten øyne og øynene i baken.
De svinger med kjeftene på lange skaft og har løvetann i munnvikene.
De eter og spytter ut, spytter ut og eter,
for de har ingen strupe mer, bare en diger kjeft og en rumlende mave.
Er dette et slags helvete?……»

Mange byar og tettstader blir planlagt med gravemaskin. Som deLillos syng: «De kutter ned trær og bygger parkanlegg her». Det som er att av skaparverk vert skjøtta av troll.

Eg oppmodar både bønder og hageeigarar om å levere giftkannene sine på næraste miljøstasjon. Eg oppmodar kommunane og Statens Vegvesen om å låse både salttrollet og kverktrollet inne for godt. Storkjeften kan sleppe ut når alle blomane har blomstra av.
Korleis skal det gå med den aller siste prestekragen i veggrøfta? Skal den bli halshogd, utan lov og dom? Eller få lov til å blomstre og formeire seg? Det er opp til deg og meg. Skal vi la trolla ture fram, skal vi sjølv vere troll?
Trolljakt er risikosport. Trolla er veldig store og veldig sterke. Men saman kan vi overvinne dei. Saman kan vi lage ein lykkeleg slutt på dette eventyret.

En versjon av denne teksten har tidligere stått på trykk i Firda.