Harvest Magazine

icon-search
  • Om Harvest
  • Abonnement
  • Harvest som gave
  • Artikkelserier
  • Essays
  • Harvest anbefaler
  • icon-searchSøk
  • icon-emailNyhetsbrev
  • Logg inn
  • Registrer

Artikkelinformasjon

Du leser: I morgon skal eg byrja på den gode veg

Lengde: 1 min
icon-facebook icon-twitter

Etter ein rangel

I morgon skal eg byrja på den gode veg

icon-facebook icon-twitter

Trur eg

  • Dato: 16.12.2022
  • Foto: Jakob Sande-Selskapet

  • Estimert lesetid: 1 min

Les mer:

  • Skulle vore eit godt menneske

    Fra Jordsjukantologien nr. 1

I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv,
-trur eg.
Eg skal aldri gå på fylla meir og skjera folk med kniv,
-trur eg.
Eg skal aldri skråla visar meir i laddevinsrus,
men synge åndelege sanger i Zions bedehus,
-trur eg.

Alle kvinnfolk som eg møtar skal eg sky som bare fan,
-trur eg.
Og gå vyrdeleg forbi dei som ein nybakt kappelan,
-trur eg.
Eg skal sitte som ein munk i ein misjonskone-ring,
og drikka kaffe medan drøset går om andelege ting,
-trur eg.

Det skal ingen meir få sjå meg når det lir til høgste natt,
-trur eg,
koma ruslande på heimveg utan stivety og hatt,
-trur eg.
Eg skal legga meg når grisen går til kvile i sitt bol,
og stå opp når hanen flakser og gjel i morgonsol,
-trur eg.

Ja, i morgon skal eg byrja på den gode veg som sagt,
-trur eg.
Taka striden upp mot kjøtet og den heile develsmakt,
-trur eg.
Men i dag lyt det få vera, for eg er so spøkje tyrst
at eg må ha eit ølkrus til å leska meg på fyrst,
-trur eg.

Jakob Sande: «Etter ein rangel»

Mest leste saker

  • Matprisene øker, men jeg vil fortsatt spise godt!

    Kokker anbefaler mat som smaker mer enn det koster.

  • Jeg var der, for å se hvordan ulvejakten foregår

    Jeg var der, for å se hvordan det går til når en ulvefamilie blir utslettet.

  • Sånn endte jeg opp med fire

    Vi drømte om en flokk med unger. Et premiss for planen var en rekke livsendringer.

  • - Verden vil trenge ostepop i flere tiår

    - I overgangen til et sunnere samfunn er det avgjørende at Norge produserer nok ostepop.

Hold deg oppdatert på Harvest

Følg oss på:

Harvest i sosiale media

  • Facebook
  • Instagram

© 2016 Harvest Publishing

Navigasjon

  • Abonnement
  • Serier
  • Søk
Utviklet av: Værsågod