Leirbålet

Draumen eg aldri bar på

Livet blir ikkje alltid heilt som planlagt. Heldigvis.

Eg var 19 år då eg møtte veggen. Den siste månaden hadde kroppen fått meir giftstoff enn næringsstoff, og søvn var kun eit nødvendig onde mellom arbeidsøktene. Eg var ung og ambisiøs, og hadde ingen grenser. Så sa kroppen stopp.
Etter ein velfortent personalfest, der me på kjøkenet feira saman med servitørane at ein vellukka julebordsesong var omme, var det slutt på kreftene.
Eg vakna i mi eiga seng, men var ikkje meg sjølv. Armane, som flittig hadde sjonglert gryter og tallerkar for å metta tusenvis av gjester den siste tida, ville ikkje lystra. Beina var kopla ut.
I staden for å pakka sekken og gjera meg klar til juleferie, blei eg liggande og lura på om eg i det heile ville komma meg heim til jul.
Åleine, sliten og forvirra.
Med tida til hjelp kom eg meg ut i dusjen, og klarte på eit vis å komma meg til bussen. Den tre timar lange turen heim hadde aldri før vore lenger.

”Kan me bada?” spør Emil.
Fireåringen sit tett inntil meg, med eit pledd over beina. Den kalde elva renn stille ein meter frå oss. Det er kveld og begynner å bli kaldt. Han har ikkje lyst å bada, men vil sjekka om han får lov. Sånn i tilfelle.
”Sjølvsagt kan me bada,” seier eg og heller litt meir kaffi i koppen.
Saman går me langs elvebreidda. Me studerer småfisk og sankar kvist og kvast til det vesle bålet me har kveikt mellom teltet og elva. Det brenn ikkje så godt. Veden er våt, og det knitrar meir enn det varmar. Det gjer ingenting. Sola har enno ikkje forsvunne heilt bak tretoppane.
Me spenner sand på dei siste glørne, og kryp inn i teltet. Fortel skrøner og ler, til junior sovnar i armkroken.

Eg var 19 år då eg møtte veggen. Det gjekk dryge to månader før eg kom meg tilbake på jobb. Det var akkurat lenge nok til at planane om å flytta austover til sommaren, der eg skulle ”slå gjennom” som kokk, gjekk i vasken. Sjukefråveret gjorde at fagprøven måtte utsetjast. Alt eg hadde jobba målretta for dei siste åra forsvann føre augo på meg som snøfnugg om våren.
I mellomtida hadde legane gjort undersøkingar og filma meg innvendig, både eine og andre vegen. Konklusjonen var noko diffus, men det låg i korta at eg måtte gjera noko alvorleg med livet om eg ikkje skulle få magesår før eg fylte 20.

Alva strekk seg så høgt ho klarer. Dei nederste greinene er alt reinska. No er det bringebæra som heng på toppen av buskane som skal hentast. Toåringen er ustoppeleg.
Eg lukar nokre frøsådde ugrasspirer frå aspargesåkeren, kjenner lukta av løpstikke frå naboplanta og unngår så vidt å trø på ein av dei ørten jordbærstiklingane som sprer seg utover.
To små karar kjem springande mot meg.
«Kan me verkeleg eta denne?» spør nabogutten.
Spørsmålet kjem støtt frå venner som er med junior i kjøkenhagen, der han byr på alt frå fransk estragon til skvallerkål og løvetann som veks vilt langs gjerdet. Svaret er som regel det same; det meste som veks i hagen kan etast.
Me kuttar ned rabarbraen, og lagar råsaft av stilkane. Enno er det tidleg på sommaren, og rabarbraen rekk å veksa opp igjen ein gong til før sesongen er over. Langs hekken mot naboen veks jordskokken som stolte solsikker. Dei deilige knollane under bakken er det ingen som ser. Men dei er der.

Eg var 19 då eg møtte veggen. Eg sa aldri at det var det som hadde skjedd. Fortalte at eg kjende meg frisk og rask, men at kroppen hadde fått seg ein støkk. Ambisjonane var dei same som før, eg måtte berre ta eit roleg år heime for å la kroppen henta seg inn igjen først.
Det gjekk ikkje heilt slik. Heldigvis.

Månen skin frå stjerneklar himmel. Temperaturen ligg akkurat i grenselandet mellom pluss- og minusgrader. Før morgonen kjem, frys fotspora i gjørma. Eg trekk opp ullstilongsen, knepper igjen buksa og går inn igjen.
Det er kaldt inne, sjølv om eg fyrer hardt i vedomnen. Må fyra for at den vesle tassen som ligg på hemsen ikkje skal frysa. Han søv tungt, og let seg ikkje uroa av at faren romsterer på bakkeplanet. Slik er det for fireåringar som har gått for eigen maskin til eit gammalt sel 630 meter over havet.
Eg stirrar inn på vedkubbane som brenn i den halvopne vedomnen. Ullsokkane som heng til tørk luktar stramt. Det er snart åtte år sidan eg vakna frå draumen om å bli ein fattig, men respektert, kokk. Sju år sidan eg møtte henne eg deler gode og vonde dagar med. Fem år sidan mi nye karriere starta, som journalist i lokalavisa. Fire år sidan eg blei far. To år sidan junior blei storebror. Eit halvt års tid til vesla blir storesøster.
Eg tømmer vatn frå ei plastflaske i kaffikjelen, og set han på vedomnen. Når vatnet kokar har eg oppi kaffien. Eg let det trekka nokre minutt, før eg heller opp ein kopp. Junior snur seg i soveposen, lagar rare sovelydar. Om eit par timar vaknar han til nykokt kakao og ostesmørbrød frå grillen.
Det er dette som er livet.